Fassuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°2′58″N 35°18′21″E
Fassuta
פַסּוּטָה
lokal kommune
PikiWiki Israel 8821 entrance to fassuta.jpg
Inngangen til Fassouta
Namneopphav: Fassute, personnamn[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°2′58″N 35°18′21″E
Folketal 2 900 (2005)
Grunnlagd 1965
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Fassuta

Fassuta er ein israelsk arabisk by nordvest i Har Meron i Nord distrikt i Israel, sør for den libanesiske grensa.[2] I 2005 var folketalet i Fassuta 2 900.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fassuta vart bygd på ruinane av krossfararborga Fassove, som vart bygd på ruinane av Mifshata (Mafsheta), ein jødisk landsby etter øydelegginga av Det andre tempelet i 70 evt.[3]

I 1596 var Fassuta oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 12 muslimske hushaldningar og tre muslimske ungkarar. Han betalte skattar av kveite, bygg, frukttre, og geiter eller bikubar.[4]

I 1881 skildra Conder og Kitchener Fassuta som «ein landsby, bygd av stein, med kring 200 kristne, på ein kam med hagar av fiken, oliven, og dyrkbar mark. Det ligg to cisterner i landsbyen, og ei god vasskjelde i nærleiken.»[5]

Mar Elias-kyrkja

Mellom 1922 og 1947 auka folketalet i Fassuta med 120 %.[6] I folketeljinga i 1931 hadde Fassuta og Mansura eit samla folketal på 507 palestinsk kristne og 81 muslimar som budde i 129 hus.[7]

I 1945 var det samla folketalet i Fassuta, Mansura og Dayr al-Qasi 2 300. Folkesetnaden i Fassuta var halvt muslimsk og halvt kristen. Mot slutten av oktober 1948 vart landsbyen erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Hiram. Det meste av den muslimske folkesetnaden flykta eller vart kasta ut, men mange av dei kristne vart verande att. I desember 1949 sette det israelske forsvaret i gang ein plan om å drive ut dei resterande innbyggjarane i Fassuta og fem andre landsbyar, for å skape ein 5-10 km arabar-fri sone lange grensa til Libanon. Denne planen vart stoppa av utanriksdepartementet, som frykta internasjonale reaksjonar.[8] Den arabiske folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 72
  2. Stern, Yoav (2007-04-30). «Galilea Villages Launch Campaign to Attract Christian Pilgrims». Haaretz. Henta 14. oktober 2014. 
  3. Marzorati, Gerald (1988-09-11). «An Arabic Voice in Israel». The New York Times. Henta 14. oktober 2014. 
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 194
  5. Conder and Kitchener, 1881, s. 197
  6. Transformation in arabarar Settlement, Moshe Brawer, in The Land that Became Israel: Studies in Historical Geography, Ruth Kark (ed), Magnes Press, Jerusalem 1989, s.177
  7. Mills, 1932, s. 100
  8. Morris, 1987, s. 225, 242, 251

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]