Hatzor HaGlilit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°58′46.1″N 35°32′36.51″E
Hatzor HaGlilit
חָצוֹר הַגְּלִילִית, Hatzor HaGlilit
lokal kommune
Hazorhaglilit.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°58′46.1″N 35°32′36.51″E
Areal 5,17 km²
Folketal 8 700 (2008)
Folketettleik 1 683 / km²
Grunnlagd 1953
Borgarmeister Shimon Swisa
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hatzor HaGlilit

Hatzor HaGlilit (hebraisk חָצוֹר הַגְּלִילִית) er ein by nord i Israel nær Rosh Pina og Safed. I 2008 hadde Hatzor HaGlilhadde eit folketal på 8 700.[1] Han er kalla opp etter den nærliggande bibelske staden Tel Hazor.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hatzor var ein kanaanittsk og seinare israelittisk by som høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:36)[2] seint i bronse- og tidleg i jernalderen, som vart erobra av den assyriske herskaren Tiglath-Pileser III i 732 fvt. Folkesetnaden vart då deportert[3] medan byen brende til grunnen.[3][4]

Hatzor HaGlilit vart grunnlagd i 1952–1953 som ein transitleir.[5] Den nye leieren låg på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Mughr al-Khayt, 1 km søraust for landsbyen.[6] Han bestod av to nærliggande transitleirar som først vart kalla «Hatzor A» og Hatzor B», kalla opp etter den bibelske staden Tel Hatzor, og husa emigrantar og flyktningar, hovudsakleg jødar frå Nord-Afrika.

I 1956 fekk Hatzor HaGlilit status som lokal kommune. I 1958 hadde Hatzor HaGlilhadde eit folketal på 4 000 og fekk status som utviklingsby.[7] Dei komande åra fekk byen status som ein tradisjonell jødisk stad og seinare vart det òg oppretta ultraortodokse jødiske bydelar.

I desember 2011 hadde byen i følgje Statistisk sentralbyrå, 8 705 innbyggjarar.

Landemerker[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei mest kjende landemerkene i byen er grava til Honi sirkelmakaren, som låg ved grava til dei to barnebarna Abba Hilkiyah og Hanan HaNihba. I følgje ei jødisk segn hadde Honi HaM'agel krafta til å skape regn gjennom bøn.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2009-06-30. Henta 21. november 2014. 
  2. Han må ikkje forvekslast med Hazor som høyrte til Juda-stamma (Josva 15:23), og som Hatzor Ashdod vart kalla opp etter.
  3. 3,0 3,1 Israel Finkelstein, The Bible Unearthed
  4. P. James, «The Alleged 'Anchor Point' of 732 BC for the Destruction of Hazor V", AntOr 6 (2008).
  5. Vilnay (1976), s. 2489
  6. Khalidi, 1992, p479
  7. HaReuveni (1999), s. 327
  8. «Chatzor Ha-Gelilit – Tomb of the Circle Maker». OHR. Henta oktober 16, 2009.