Yafa an-Naseriyye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yafa an-Naseriyye
יָפָא, יָפִיעַ, يافة الناصره, Yafia, Yafa
lokal kommune
Namneopphav: Jaffa av Nasaret
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°41′8.88″N 35°16′28.29″E
Areal 4,1 km²
Folketal 16 900  (2006)
Folketettleik 4 122 / km²
Bystatus 1960
Kart
Yafa an-Naseriyye
32°41′13″ N 35°16′31″ E
Wikimedia Commons: Yafa an-Naseriyye

Yafa an-Naseriyye (arabisk يافة الناصره, «Jaffa av Nasaret», òg skrive Yafa, Yafia eller Yafi arabisk يافا, يفيع, hebraisk יָפָא, יָפִיעַ) er ein arabisk lokal kommune i Nedre Galilea i Israel. Ha utgjer ein del av storbyområdet til Nasaret, og er ein arabisk stad. Han fekk status som lokal kommune i 1960 og hadde i 2005 eit folketal på 16 200. Av dette var kring 70 % muslimar og 30 % kristne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yafa er identifisert som den antikke byen Japhia, som er nemnt i Josvas bok som ein grenseby i Sebulon (Josva 19:12). Lokale mellomaldersegner hevda at Zebedee og dei to sønene hans, Jakob og Johannes, budde i Yafa.[1]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) landsbyen som ein «mellomstor landsby i ei sterk stilling på utstikkaren som går frå Nasaret og ned til Jebata. Han har ein brunn på nordsida og ein annan brunn i dalen i nordaust.»[2]

I folketeljinga i 1931 hadde Yafa, (inkludert Arab el Ghazzalin), 312 busette hus og eit folketal på 833, av desse 456 muslimar og 377 kristne.[3]

I 1948 vart Yafa erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, som starta i juli det året.[4] Dei attverande innbyggjarane vart sett i unntakstilstand fram til 1966.

Ein stor del av innbyggjarane i Yafa er i dag etterkomarar etter internt forflytta flyktningar frå nabolandsbyen Ma'alul, som vart avfolka under den israelsk-arabiske krigen i 1948.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edgar Johnson Goodspeed (December 1900). «From Haifa to Nasaret». The Biblical World 16 (6): 407–413. JSTOR 3136947. doi:10.1086/472713. 
  2. Conder and Kichener, 1881, s. 280
  3. Mills, 1932, s. 76
  4. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.200.
  5. Nihad Bokae'e (February 2003). «palestinsk Internally Displaced Persons inside Israel:Challenging the Solid Structures» (PDF). Badil. Arkivert frå originalen (PDF) 14. juni 2007. Henta 1. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]