Katzrin
| Katzrin | |||
| קַצְרִין, Qazrin, Katzrin, Katsrin | |||
| lokal kommune | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord | ||
| Koordinatar | 32°59′31″N 35°41′28″E / 32.992°N 35.691°E | ||
| Areal | 12,21 km² | ||
| Folketal | 6 700 (2010) | ||
| Folketettleik | 549 / km² | ||
| Borgarmeister | Sammy Bar-Lev[1] | ||
![]() Katzrin 32°59′33″N 35°41′26″E / 32.9925°N 35.690555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Katzrin | |||
Katzrin (hebraisk קַצְרִין; òg Qatzrin) er ein israelsk busetnad og lokal kommune på Golanhøgdene.[2] Han er kjend som «hovudstaden i Golan»,[3] og er den nest største staden der etter Majdal Shams, og den største jødiske staden.[2][4] Mot slutten av 2010 hadde Katzrin eit folketal på 6 700.[4] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetnader på Golanhøgdene ulovleg etter folkeretten, sjølv om dei israelske styresmaktene motset seg dette.[5] Trass i at han ikkje er ein del av det rettslege område til Israel er han sete for Golan regionale kommune.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sør for Katzrin ligg Genesaretsjøen, i nord Hermon, og i vest Israel, og meir spesifikt åsane i Øvre Galilea.[6][7]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Antikken
[endre | endre wikiteksten]Staden var busett frå midtre bronsealderen, og heldt fram inn i jernalderen og hellenstisk og romersk tid, då han vart øydelagd.[8] Dei viktigaste ruinane som står att er frå sein romersk, bysantinsk og tidleg islamsk tid (200-talet til midten av 700-talet), då staden var ein jødisk landsby med ein synagoge.[8]
Arabarane og mamelukkane
[endre | endre wikiteksten]Den jødiske busetnaden tente som ein viktig kjøpstad i regionen, men starta å bli mindre viktig då handelsrutene endra seg etter den islamske erobringa. Landsbyen vart øydelagd i eit jordskjelv i 746–749.[9][10] Som følgje av jordskjelvet vart staden truleg fråflytta av det jødiske samfunnet.
Under mamelukkane (1200- og 1300-talet) var han ein muslimsk landsby og det vart bygd ein moské i ruinane av synagoga.[8][9]
Osmansk, fransk og syrisk styre
[endre | endre wikiteksten]I 1880-åra vart Kisrin, som han då vart kalla, skildra som «ein liten beduin-vinterlandsby, med ei gruppe vakre eiketre og gamle ruinar».[11] Frå seint på 1800-talet til 1967, var landsbyen busett av beduinar.[8] Sidan 1920 og fram til Syria fekk sjølvstendet sitt i 1944, var området underlagt Det franske mandatet for Syria.
Israelsk okkupasjon
[endre | endre wikiteksten]
Dagens Katzrin vart grunnlagd i 1977 som eit planlagt bysentrum for Golan basert på avgjersla til regjeringa i november 1973. Bygginga byrja i 1976 på eit platå aust for Genesaretsjøen.[12] I 1981 innførte Israel sivilrett i Golanhøgdene (inkludert Katzrin), men denne avgjersla vart fordømd internasjonalt og erklært ugyldig av Tryggingsrådet i SN.[13][14][15] Katzrin er ein distriktsby,[16] med tenester for utdanning, administrasjon og kultur for den omliggande regionen.[17]
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Dei første innbyggjarane var unge par og single profesjonelle frå Tel Aviv og Haifa.[18] Mot slutten av 1980-åra slo mange jødar frå det tidlegare Sovjetunionen seg ned i Katzrin. I dag er ein tredjedel av innbyggjarane jødar frå Sovjetunionen og etterkomarane deira. Katzrin er delt inn i fem bydelar: Gamla, Naveh, Kedma, Afek og Batra.[17]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Katzrin» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.
- ↑ Sammy Bar Lev, Mayor of Katzrin
- 1 2 Aronson, Geoffrey (1998). «Settlement Monitor». Journal of Palestine Studies. 27 (4). University of California Press: p. 138.
{{cite journal}}:|page=has extra text (hjelp) - ↑ Golan olive attractions
- 1 2 Israelsk statistisk sentralbyrå (2011), populations of localities numbering above 2 000 residents Arkivert 2012-01-18 ved Wayback Machine.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.
- ↑ The Golanhøgdene attracting young israelarar
- ↑ http://www.lib.utexas.edu/maps/middle_east_and_asia/golan_heights_rel89.jpg
- 1 2 3 4 Ann E. Killebrew (2004). «Reflections on a reconstruction of the ancient Qasrin synagogue and landsby». I John H. Jameson (red.). The Reconstructed Past: Reconstructions in Public Interpretation of Archeology and History. Altamira Press. s. 127–129.
- 1 2 Claudine Dauphin (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 653–654.
- ↑ Shmuel Marco, Moshe Hartal, Nissim Hazan, Lilach Lev and Mordechai Stein (2003). «Arkeologi, history, and geology of the A.D. 749 Earthquake, Dead Sea transform». Geology. 31: 665–668. doi:10.1130/g19516.1.
{{cite journal}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - ↑ G. Schumacher (1888). The Jaulan. London: Richard Bentley and Son. s. 194.
- ↑ The Golan Heights come down to Earth, Haaretz
- ↑ Dei sameinte nasjonane. Resolusjonar i Tryggingsrådet, 1981.
- ↑ Council on Foreign Relations. UN Security Council Resolution 497.
- ↑ BBC News. Regions and territories: The Golan Heights.
- ↑ In Golan Heights, Doubts Plus a Bit of Confidence, New York Times
- 1 2 Katzrin community guide
- ↑ The Golan Heights came down to Earth, Haaretz
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettsida til Katzrin Arkivert 2006-02-14 ved Wayback Machine.


