Julis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om landsbyen i Israel. For den palestinsk-arabiske landsbyen i Gaza, sjå Julis i Gaza.
Julis
ג'וּלִס, ג'וליס, جولس
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°56′39″N 35°11′9″E
Areal 3,97 km²
Folketal 5 400  (2007)
Folketettleik 1 360 / km²
Grunnlagd 1500-talet
 - Bystatus 1967
Borgarmeister Nadeem Amar
Kart
Julis
32°56′38″ N 35°11′12″ E
Wikimedia Commons: Julis

Julis (arabisk جولس, hebraisk ג'וּלִס)[1] er ein drusarar-landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei lokal segn kjem namnet frå «Julius,» namnet på den romerske kommandanten som slo leir i området. Andre meiner det kjem frå det arabiske ordet for «å sitje» - «jalis», sidan han ligg i lågare åsar enn dei kringliggande landsbyane, og dermed ser ut til å sitje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje osmanske skattelister frå 1596 hadde Julis ein hovudsakleg muslimsk folkesetnad med i alt 79 hushaldningar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, «sommaravlingar», frukttre, og «geiter og bier». Julis hadde òg ei presse for olivenolje eller druesirup.[2] På 1500-talet var det òg ein liten jødisk folkesetnad her.[3]

Tidleg på 1700-talet var Julis ein av dei store bomullsprodusentane i området.[4] Seinare på hundreåret var han ein av fem landsbyar i Sahil Akka nahiya (Akko-kysten), som var eigd av guvernøren i Akko, og var friteken frå dei vanlege osmanske skattane.[5]

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han kalla Djoules.[6] Han skreiv at «før eg kom til Julis kom eg til eit lite platå med mange cisterner. Cisternne og dei utskjerte steinen syner at staden er frå antikken.»[7] Seint på 1800-talet vart Julis skildra som «ein landsby bygd av stein med kring 200 drusarars, omgjeve av oliven og dyrkbar mark.»[8]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Grava til sjeik Ali Fares i Julis

Julis vart erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948. I motsetnad til mange av nabolandsbyane, fekk innbyggjarane lov å vere att i heimane sine.[9]

Julis fekk status som lokal kommune i 1967. Folketalet mot slutten av 2007 var estimert til 5 400.[10] Alle innbyggjarane er drusarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s.43
  2. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191. Sitert i Petersen, 2001, s. 191
  3. Alex Carmel, Peter Schäfer and Yossi Ben-Artzi (1990). The Jewish Settlement in Palestine, 634–1881. Beihefte zum Tübinger Atlas des Vorderen Orients : Reihe B, Geisteswissenschaften; Nr. 88. Wiesbaden: Reichert. s. 94. 
  4. Cohen, 1973, s. 12. Sitert i Petersen, 2001, s.191
  5. Cohen, 1973, s. 126, 133. Sitert i Petersen, 2001, s. 191
  6. Guérin, 1880, s. 8
  7. Guérin, 1880, s. 8, as translated by Conder and Kitchner, 1881, s. 169
  8. Conder and Kitchener, 1881, I:146. Sitert i Petersen, 2001, s.191
  9. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.198
  10. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 4. oktober 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]