Jadeidi-Makr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°56′0.14″N 35°8′28.73″E
Jadeidi-Makr
גֻ'דֵידָה-מַכְּר Judeida-Makr, مكر جديده, Makr-Jadeidi
lokal kommune
Jadeidi-Makr.JPG
Inngangen til Jadeidi-Makr
Namneopphav: Den nye og hovudkvarteret
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°56′0.14″N 35°8′28.73″E
Areal 8,97 km²
Folketal 18 200 (2008)
Folketettleik 2 029 / km²
Bystatus 1990
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jadeidi-Makr

Jadeidi-Makr eller Makr-Jadeidi (hebraisk גֻ'דֵידָה-מַכְּר; arabisk مكر جديده) er ein arabisk lokal kommune som vart danna då to arabiske byar, Makr og Jadeidi, vart slått saman i 1990. Han ligg nokre få kilometer aust for byen Akko i Nord distrikt.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde den lokal kommunen i 2008 eit folketal på 18 200[1], der 90% var muslimar og kring 10 % kristne.[2]

Namnet Jadeidi tyder «den nye» og Makr tyder «hovudkvarter». Sistnemnde fekk dette namnet fordi han vart nytta som hovudkvarter for den romerske armeen under kringsetjinga av Akko.[2]

Under namna Makr Harsin og al Hudeidah, vart Makr og Jadeidi nemnde som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane basert i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) som vart oppretta i 1283.[3]

Al-Makr vart erobra av det israelske forsvaret under den første delen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948,[4] og vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2009. Henta 29. januar 2010. 
  2. 2,0 2,1 Judeide-Maker Gutterman, Dov. CRW Flags.
  3. Dan Barag (1979). «A new source concerning the ultimate borders of the Latin kongedømet Jerusalem». Israel Exploration Journal 29: 197–217. 
  4. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.198

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]