Jish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°1′18.76″N 35°26′46.81″E
Jish (Gush Halav)
الجش
lokal kommune
ג'ש2.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°1′18.76″N 35°26′46.81″E
Areal 6,92 km²
Folketal 3 000 (2010)
Folketettleik 434 / km²
Grunnlagd kring 1200-talet fvt.
Borgarmeister Elias Elias
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jish

Jish (arabisk الجش; hebraisk גִ'שׁ, גּוּשׁ חָלָב,[1][2] Gush Halav) er ein by i Øvre Galilea, i nordaustsida av Har Meron, 13 km nord for Safed, i Nord distrikt i Israel.[3] Innbyggjarane er hovudsakleg maronittiske katolikkar og melkittisk-katolsk kristne (høvesvis 55% og 10%), med ein sunnimuslimsk arabisk minoritet (kring 35%).[4][5]

Mange innbyggjarar i Jish, hovudsakleg maronittane, reknar ikkje seg sjølv som arbarar, men ser på seg sjølv som ein særeigen maronittisk-arameisk identitet.[6]

Av arkeologiske funn i Jish finst to historiske synagoger, eit unikt mausoleum og gravkammer frå antikken.[7] I følgje den romersk historikaren Josefus, var Gischala den siste byen i Galilea som fall til romarane under den første jødisk-romerske krigen.[8] Historiske kjelder frå 1100- til 1400-talet skildrar Jish (Gush Halav) som ein landsby med eit sterkt jødisk nærvær.[7] Eit lite drusarsamfunn heldt til i Jish på 1600-talet. Landsbyen vart grunnlagd på ny på 1700-talet av bønder frå Libanonfjella.

I 1945 hadde Jish eit folketal på 1 090 med eit areal på 12 602 dekar. Han vart i stor grad avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948, men busett på ny av maronittiske kristne, som vart drivne ut frå den raserte landsbyen Kafr Bir'im.[9][10] I 2010 var folketalet i Jish 3 000.[10] Landsbyen er eit senter for å halde liv i arameisk, eit initaitv starta av lokale maronittar, og i dag offisielt finansiert av det israelske utdanningsdepartementet fram til 7. klasse i den lokale skulen.[11]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske namnet el-Jish er ein variant av det antikke namnet Gush Halav på hebraiske.[12] I antikken vart byen kalla Giskhala - ein gresk transkripsjon av det hebraiske namnet Gush Halav, som tyder «rik på mjølk», som kan ha synt til produksjon av mjølk og ost, som landsbyen var kjend for sidan tidleg i mellomalderen,[8] eller til den frodige naturen kring landbyen.[13] Andre forskarar meiner namnet Gush Halav syner til den lyse fargen på den lokale kalksteinen, som står i kontrast til den mørkare og meir raudaktige steinen i nabolandsbyen Ras al-Ahmar.[8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnad i Jish 3 000 år attende. Landsbyen er nemnt i Mishnah som Gush Halav, ein by «kringsett av murar sidan Josva Ben Nun si tid». Det er gjort funn kaananittiske og [[israelittisk]e funn frå tidleg bronssealder og jernalder her.[8]

Romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Både Josefus og seinare jødiske kjelder frå den romersk-bysantinske tida nemner den fine olivenolja som landsbyen var kjend for.[13] I følgje Talmud dreiv innbyggjarane òg med produksjon av silke.[8] Eleazar b. Simeon vart i Talmud skildra som ein særs stor mann med enorm fysisk styrke, og han budde i denne byen. Han vart opphalveg gravlagd i Gush Halav, men seinare flytta til Meron, ved sidan av faren, Shimon bar Yochai.[14]

Etter Gamla fall, var Gush Halav den siste jødiske skansen i Galilea og Golan under det første jødiske opprøret mot Roma (66-73 evt.). Giskhala var heimstaden til Yohanan av Gush Halav, òg kjend som Johannes frå Giskhala, ein rik olivenoljehandlar, som vart øvstkommanderande for det jødiske opprøret i Galilea og seinare Jerusalem.[15] Han var først kjend som ein moderat person, men endra meining då Titus stod føre portane ved Giskhala i lag med 1 000 menn på hest og kravde at byen overgav seg.[16]

I tillegg til jødiske graver og strukturar daterte til 200- til 500-talet,[7] er det funne jødiske-kristne amulettar i nærleiken.[17] Det er òg funne kristne gjenstandar frå bysantinsk tid her.[18]

Arabarar, krossfarar og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

Historiske kjelder frå 1100- til 1400-talet skildrar Gush Halav (Jish) som ein stor jødisk landsby.[7] Han er nemnt på 900-talet av den arabiske geografen Al-Muqaddasi. Det jødiske livet på 900- og 1000-talet er dokumentert i Kairo Geniza.[treng kjelde] I 1172 skreiv den reisande Benjamin frå Tudela at det budde kring 20 jødar der.[19] I 1211 skreiv ein annan reisande, Rabbi Shmuel bar Shimon, at han hadde vitja gravene til Shmaya og Avtalyon og lese Purim megilla i Gush Halav.[treng kjelde] Ishtori Haparchi var òg med på ei megilla-lesing då han vitja staden i 1322.[14] I boka si Kaftor Vaferah, skriv Ishtori Haparchi at megillaen vart lese to dagar i Gush Halav (14. og 15. adar) fordi han var ein by med bymurar.[treng kjelde]

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var Jish oppført i osmanske skattelister som ein del av Jira nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 71 muslimske hushaldningar og 20 muslimske ungkarar.[20] Han betalte skattar av geiter og bikubar.[20]

På 1600-talet var landsbyen busett av drusarar.[7] Den tyrkiske reisande Evliya Çelebi, som passerte landsbyen i 1648, skreiv

Så kjem landsbyen Jish, med eit hundre hus av fordømte truande på sjelevandring (tenāsukhi mezhebindén). Likevel har dei vakre gutar og jenter! Og for eit klima! Kvar av desse jentene har dronningaktige, gaselle-liknande, forheksande auge, som fortryllar tilskodaren—eit uvanleg syn.[21]

Kort tid etter oppstod det ein lokal strid som førte til at landsbyen vart øydelagd og fråflytta.[treng kjelde] Tidleg på 1700-talet byrja maronittar, greske katolikkar og muslimar å slå seg ned att i byen.[treng kjelde]

Jordskjelvet i Galilea i 1837 førte til store skadar og over 200 mista livet.[7] Tre veker seinare vart det rapportert om «ei stor sprekk i bakken, kring ein fot brei og femti fot lang.» Alle dei galileiske landsbyane vart hardt råka av skjelvet, inkludert Jish, som låg i sida av bratte åsar. På flyfoto kan ein sjå restar av gamle jordras. Landsbyen er bygd i eit jordsmonn som er sårbart for jordras.[22] I følgje Andrew Thomson, stod det ingen hus att i Jish. Kyrkja fall og 130 personar mista livet, medan dei gamle bymurane fall over. I alt mista 235 menneke livet og det oppstod sprekker i jorda.[22]

Mot slutten av 1800-talet vart Jish skildra som ein «velbygd landsbyen med godt murarbeid» med kring 600 kristne og 200 muslimske innbyggjarar.[23]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Under folketeljinga i Palestina i 1922, hadde Jish eit folketal på 380 kristne og 341 muslimar.[24] Dei kristne vart klassifisert som 71% maronittar and 29% gresk-katolikkar (melkittar).[24] Under folketeljinga i 1931, hadde Jish 182 busette hus og eit folketal på 358 kristne og 397 muslimar.[25]

I 1945, hadde Jish eit folketal på 1 090 og landsbyen dekka 12 602 dekar, hovudsakleg eigd av arbarar.[26] Mellom 1922 og 1947 var folketalet i byen auka med 70%.[27]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Israelske styrkar erobra Jish den 29. oktober 1948 under Operasjon Hiram,[28] etter «harde kampar»[29] Benny Morris rapporterte at ti krigsfangar, identifisert som marokkanske soldatar som kjempa med den syriske armeen, og fleire landsbybuarar, inkludert ei kvinne og barnet hennar, vart myrda.[30] Den israelske statsministeren David Ben-Gurion gav ordre om ei etterforsking av dødsfalla deira[31] men ingen av dei israelske soldatane vart stilte for retten.[32]

Elias Chacour, no erkebiskop i den melkittisk-katolske kyrkja og som slo seg ned i Jish, skreiv at han var åtte år gammal då han oppdaga ei massegrav med to dusin lik.[33]

Mange vart innbyggjarane i Jish vart tvinga til å forlate landsbyen i 1948 og flykta til Libanon og vart palestinske flyktningar. Kristne frå den nærliggande byen Kafr Bir'im slo seg ned i Libanon og Jish,[9][10] der dei i dag er israelske borgarar, samstundes som dei kjempar for retten til å få vende attende til dei tidlegare landsbyane sine.[9] I oktober 1950 raida israelske styrkar Jish og arresterte sju mistenkte smuglarar som vart avkledde, bundne og slegne. Dei vart sleppte fri utan skuldingar.[34]

Grava til profeten Joel i Jish.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 76
  2. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 225
  3. Yoav Stern (30. juli 2007). «Galileein landsbys launch campaign to attract Christian pilegrims». Haaretz. Henta 13. desember 2014. 
  4. YNET [1] On the slopes of a hill, at an elevation of 860 meters surrounded by cherry orchards, pears and apples, built houses, especially church building looks from afar.
  5. «Population» (på hebraisk). Jish lokal kommune. Henta 13. desember 2014. 
  6. «Gush Halav: Home to the maronittar». Henta 13. desember 2014. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Projects - Preservation
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Encyclopedia Judaica, Jerusalem, 1978, «Giscala,» vol. 7, 590
  9. 9,0 9,1 9,2 Morris, 2004. s.508.
  10. 10,0 10,1 10,2 «The Arameic language is being resurrected in Israel». Vatican Insider - La Stampa. 3. oktober 2014. Henta 13. desember 2014. 
  11. [2]
  12. Elizabeth A. Livingstone (1989). Papers Presented to the Tenth International Conference on Patristic Studies Held in Oxford, 1987: Historica, theologica, gnostica, Biblica et Apocrypha. Peeters Publishers. s. 63. ISBN 978-90-6831231-7. ISBN 90-6831-231-6. 
  13. 13,0 13,1 The Guide to Israel, Zev Vilnay, Jerusalem, 1972, s. 539.
  14. 14,0 14,1 el-Jish/Gush Halav
  15. Redefining ancient borders: The Jewish scribal framework of Matthew's Gospel, Aaron M. Gale
  16. Excavations at the ancient synagogue of Gush Ḥalav, Eric M. Meyers, Carol L. Meyers, James F. Strange
  17. The missing century: Palestine in the fifth century - growth and decline, Zeev Safrai
  18. Eliya Ribak (2007). Religious Communities in bysantinsk Palestina. BAR International Series 1646. Oxford: Archaeopress. s. 53. ISBN 978-1-4073-0080-1. 
  19. A. Asher (c. 1840). The Itinerary of Rabbi Benjamin of Tudela 1. NY: Hakesheth. s. 82.  Denne passasjen er ikkje nemnd i utgåva M. N. Adler (1907). The Itinerary of Benjamin of Tudela. London: Oxford University Press. s. 29. 
  20. 20,0 20,1 Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 176
  21. Stephan H. Stephan (1935). «Evliya Tshelebi's Travels in Palestina, II.». The Quarterly of the Department of Antiques in Palestine 4: 154–164. 
  22. 22,0 22,1 Damage Caused By Landslides During the Earthquakes of 1837 and 1927 in the Galilee Region
  23. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 198
  24. 24,0 24,1 Barron, 1923, Tables XI, XVI
  25. Mills, 1932, s. 107
  26. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Center, 1970 s. 70}}
  27. Transformation in Arabic Settlement, Moshe Brawer, in The Land that Became Israel: Studies in Historical Geography, Ruth Kark (ed), Magnes Press, Jerusalem 1989, s.177
  28. Morris, 2004, s.473
  29. Morris, 2004, s. 500–501
  30. Morris, 2004, s. 481
  31. Gelber, 2001, s.226
  32. Morris, 2008, s. 345
  33. Elias Chacour; David Hazard (2003). Blood Brothers. Chosen Books. s. 57. ISBN 978-0-8007-9321-0. Henta 2. oktober 2011. 
  34. Morris, 1993, s. 167

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]