Crazy Little Thing Called Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crazy Little Thing Called Love
Singel av Queen
frå albumet The Game
B-side We Will Rock You (Fast Version - Live)

Spread Your Wings (Live) (USA, Japan, Canada, Australia og New Zealand)

Utgjeve 5. oktober 1979
Innspelt Juni-juli 1979
Sjanger Rockabilly[1][2][3]
Lengd 2:42
Selskap EMI, Elektra (US)
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen og Reinhold Mack
Queen-kronologi
«Love of My Life» (Live at Festhalle Frankfurt)

(1979)

Crazy Little Thing Called Love «Save Me»

(1980)


«Crazy Little Thing Called Love» er ein song av rockebandet Queen. Han vart skriven av Freddie Mercury i 1979 og kom ut i 1980 på albumet The Game, og sidan på samlealbumet Greatest Hits. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1979 og gjekk heilt til topps på Billboard Hot 100 i USA i 1980,[4] der han låg i fire veker.[5][6] Han toppa singellista i Australia i sju veker.[7]

Mercury skreiv «Crazy Little Thing Called Love» på gitar, og spelte rytmegitar då songen vart spelt på konsertane. Dette var første gongen Mercury spelte gitar på scenen med Queen.[8] Queen spelte songen på konsertar mellom 1979 og 1986, og konsertopptak av songen finst på albuma Queen Rock Montreal og Queen at Wembley.[9][10] Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar. Songen vart framført live 20. april 1992 under The Freddie Mercury Tribute Concert, av Robert Plant med Queen.[11] Musikkstilen i songen vart av Karl Coryat skildra som rockabilly i boka The Bass Player Book.[12]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Freddie Mercury fortalte i Melody Maker, 2. mai 1981, at han skreiv «Crazy Little Thing Called Love» på gitar i løpet av fem til ti minutt.[13]

Songen vart skriven av Mercury som ein hyllest til Elvis Presley.[14] Mercury tok med seg songen til studio kort tid etter og presenterte han for Taylor og John Deacon.[8][15] Dei tre og den nye produsenten deira Reinhold Mack, spelte inn songen i Musicland Studios i München. Heile songen vart visstnok spelt inn på mindre enn ein halvtime (sjølv om Mack seier det var seks timar).[16]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen vart filma i Trillion Studios i september 1979 og var regissert av Dennis De Vallance med fire dansarar og eit golv av hender. Ein alternativ versjon med klipp frå andre vinklar vart gjeven ut på DVDen Days Of Our Lives.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Singelversjon[endre | endre wikiteksten]

«Crazy Little Thing Called Love» nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1979, og vart den første singelen deira som nådde toppen av lista i USA. Han vart slått ned frå førsteplassen av Pink Floyd-songen «Another Brick in the Wall, Part II.[5][6]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Land Plassering
Australia 1
Canada 1
Mexico 1
Nederland 1
New Zealand 2
USA 1
Irland 2
Storbritannia 2
Sveits 5
Noreg 8
Austerrike 9
Tyskland 13

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
US Billboard Hot 100 6

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[17] Platina 70 000^
Storbritannia (BPI)[18] Gull 500 000^
USA (RIAA)[19] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Dwight Yoakam-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Crazy Little Thing Called Love
Singel av Dwight Yoakam
frå albumet Last Chance for a Thousand Years: Dwight Yoakam's Greatest Hits from the 90's
B-side «Let's Work Tegether»/«Doin' What I Did»
Utgjeve 19. mai 1999
Sjanger Country
Lengd 2:22
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Pete Anderson
Dwight Yoakam-kronologi
«These Arms"
(1998)
Crazy Little Thing Called Love «Thinking About Leaving"
(1999)


Countryartisten Dwight Yoakam spelte inn ein versjon av songen i 1999 for albumet Last Chance for a Thousand Years: Dwight Yoakam's Greatest Hits from the 90's.[20] Versjonen vart gjeven ut på singel og nådde 12. plassen på countrylista i USA i 1999. Han vart òg nytta i ein reklamefilm for klesmerket Gap. Musikkvideoen vart regissert av Yoakam. Versjonen hans finst i filmen The Break-Up (2006), med Vince Vaughn og Jennifer Aniston.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Plassering
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[21] 19
Canada Country Tracks (RPM)[22] 1
UK Singles Chart 43
US Billboard Hot 100[23] 64
US Country Songs (Billboard)[24] 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Position
Canada Country Tracks (RPM)[25] 22
US Country Songs (Billboard)[26] 64

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Crouse, Richard (1998). Who Wrote The Book Of Love?. Doubleday Canada. ISBN 978-0385257329. 
  2. Bogdanov, Vladimir (2003). All Music Guide to Country: The Definitive Guide to Country Music. Backbeat Books. s. 368. ISBN 978-0879307608. 
  3. Bret, David (2014). Freddie Mercury: An Intimate Biography. Lulu.com. s. 88. ISBN 978-1291811087. 
  4. http://www.song-database.com/chhist.php?sid=706
  5. 5,0 5,1 Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books
  6. 6,0 6,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  7. Kent, David (1993) (doc). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W
  8. 8,0 8,1 Lights! Action! Sound! It's That Crazy Little Thing Called Queen Circus Magazine. Retrieved 29 June 2011
  9. Queen Rock Montreal Allmusic. Henta 19. mai 2016
  10. Live At Wembley 1986 Ultimate Queen. Henta 19. mai 2016
  11. The Freddie Mercury Tribute Concert: Crazy Little Thing Called Love Henta 19. mai 2016
  12. Coryat, Karl (1999). The Bass Player Book. San Francisco: Backbeat Books. s. 59. 
  13. Melody Maker 2. mai 1981
  14. Queen interview: Brian May on Crazy Little Thing Called LoveYouTube Absolute Radio. Henta 29. juni 2016
  15. Billboard 18 Jul 1980 s.33. Billboard. Henta 29. juni 2011
  16. «Interview with Reinhold Mack, Esq.». iZotopeMal:Inconsistent citations 
  17. «ARIA Charts – Accreditations – 1980 Singles». Australian Recording Industry Association. 
  18. «British single salstrofé – Queen – Crazy Little Thing Called Love». British Phonographic Industry. Henta 19. august 2012.  Enter Crazy Little Thing Called Love in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  19. «American single salstrofé – Queen – Crazy Little Thing Called Love». Recording Industry Association of America. Henta 19. august 2012.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  20. Erlewine, Stephen Thomas. «Last Chance for a Thousand Years review». Allmusic. Henta 4. juni 2009. 
  21. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 30. august 1999. Retrieved 7. juli 2013.
  22. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 16. august 1999. Retrieved 7. juli 2013.
  23. "Yoakam?f=379&g=Singles Dwight Yoakam Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Dwight Yoakam. Prometheus Global Media.
  24. "Yoakam?f=357&g=Singles Dwight Yoakam Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Dwight Yoakam. Prometheus Global Media.
  25. «RPM Top 100 Country Tracks of 1999». RPM. 13. desember 1999. Henta 7. juli 2013. 
  26. «Best of 1999: Country Songs». Billboard. Prometheus Global Media. 1999. Henta 7. juli 2013. 
  27. Chipmunk Punk Allmusic. Henta 10. juni 2016
  28. http://www.allmusic.com/album/tributo-a-queen-los-grandes-del-rock-en-espanol-mw0000074016
  29. Juice Newton Allmusic.
  30. Michael Bublé Allmusic. Henta 10. juni 2016
  31. [1] Allmusic. Henta 8. november 2013
  32. Room on the 3rd Floor, Pt. 1 Allmusic. Henta 20. juli 2011
  33. Killer Queen: A Tribute to Queen Allmusic. Henta 10 Oktober 2013
  34. «Crazy Little Thing Called Love» With Diana Ross BrianMay.com. Henta 10. juni 2016
  35. Maroon 5 Allmusic. Henta 10. juni 2016
  36. «Drake Bell—Ready Steady Go!». AllMusic web site. Henta 5. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]