Love of My Life av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love of My Life
Song av Queen
frå albumet A Night at the Opera
Utgjeve 21. november 1975
Innspelt 1975 i forskjellige studio
Sjanger Softrock
Lengd 3:39
Selskap EMI, Parlophone (Europe)
Elektra, Hollywood (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen
Roy Thomas Baker
Love of My Life (Live at Festhalle Frankfurt, 2 Feb '79)
Singel av Queen
frå albumet Live Killers
B-side

Now I'm Here (Live at Festhalle Frankfurt, 2 Feb '79)

Språk engelsk
Utgjeve 29. juni 1979
Innspelt 1979
Sjanger Akustisk rock
Lengd 3:43
Selskap EMI
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Queen-kronologi 
«Jealousy»
(1979)
Love of My Life (Live at Festhalle Frankfurt, 2 Feb '79) «Crazy Little Thing Called Love»
(1979)


«Love of My Life» er ein ballade av det britiske rockebandet Queen frå albumet A Night at the Opera frå 1975.[1] Songen vart skriven av Freddie Mercury om Mary Austin, som han hadde eit langvarig forhold til tidleg i 1970-åra.[2] Etter å ha framført songen i Sør-Amerika i 1981, vart ein versjon frå konsertalbumet deira Live Killers gjeven ut på singel, og denne nådde toppen av singellista i Argentina og Brasil. Singelen låg inne på lista i Argentina i eit heilt år.[3]

Freddie Mercury skreiv først songen på piano og gitar, og Brian May omarrangerte songen for akustisk 12-strengsgitar for konsertane deira. Songen er eit døme på Mercury sine rubato-fraseringar og synar at han er dugande på klassisk piano, og spelar i same stil som Chopin og Beethoven.

Under romreisa med romferja Columbia (STS-107), bad den israelske astronauten Ilan Ramon om å få spelt songen. Songen vart spelt i romferja og Ramon sa: «Ein spesiell god morgon til kona mi, Rona, mitt livs kjærleik.»[4] Ramon døydde i Columbia-ulukka kort tid etter då ferja vende attende til atmosfæren i 2003.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt på News of the World-turneen i 1977 og vart ein så stor konsertfavoritt at Mercury ofte stoppa å syngje og let publikum få ta over. Han vart særleg godt motteken i Sør-Amerika og bandet valde derfor å gje ut ein versjon frå Live Killers som singel der.[1]

Etter Mercury døydde, dediserte Brian May ofte songen til han då han spelte songen på konsertane sine. Eit unntak var under innspelinga av Return of the Champions der May annonserte at mora til Mercury var til stades på konserten og dediserte songen til henne i staden. Under Queen + Paul Rodgers Tour, song May eit par linjer av songen, og let så publikum ta over for kvart vers, slik Mercury hadde gjort.

Singelversjonen frå 1979[endre | endre wikiteksten]

Den akustiske versjonen av songen frå konsertalbumet Live Killers frå 1979[1] vart spelt inn på konserten deira i Festhalle Frankfurt den 2. februar det året. Ein forkorta versjon vart gjeven ut på singel i Storbritannia og andre land, men inneheld ikkje den talte introen frå albumet. Filmklippa frå musikkvideoen som følgde singelen var filma i Tokyo same året. Etter songen vart gjeven ut på singel i Sør-Amerika i 1981, gjekk han til tops i Argentina og Brasil, og låg inne på den argentinske singellista i eit heilt år.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt versjonar av «Love of My Life» som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Love of My Life Allmusic. Henta 7. juli 2011
  2. 'A Night At The Opera' Queen. Henta 7. juli 2011
  3. Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock[daud lenkje] s.164. Voyageur Press. Henta 10. juni 2016
  4. CNN.com – Transcripts. Edition.cnn.com (24. juni 2003). Henta 2015-10-21.
  5. Love Of My Life Ultimate Queen. Henta 7. juli 2011
  6. «The Queen Album». AllMusic. Henta 6. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]