Britisk rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Britisk rock eller brit-rock oppstod ut frå ein påverknad av rock and roll og rhythm and blues frå USA, men med ein ny driv. Den britiske rocken vart så ført tilbake til USA og førte svart R & B til eit breiare publikum her, i tillegg til at han spreidde seg til heile verda. Mykje av det som gjorde rockemusikken unik med måten han klarte å samle publikum og tilpasse seg nye påverknader kom frå britiske band seint i 1950-åra og rockeband frå tidleg i 1960-åra.

1960-talet[endre | endre wikiteksten]

Rock & roll var på veg ut då Cliff Richard, the Shadows og andre følgde Elvis Presley inn i lett pop og sentimentale balladar, men rockeband var i ferd med å utvikle seg i undergrunnen. Surfemusikk tok fokuset bort frå rock and roll i USA og tenåringsmarknaden vart fokusert på California-stilen. Johnny Kidd and the Pirates introduserte med hitten «Shakin' All Over» i 1960 ein tyngre rytme for motorsyklist-rockarane, og songen vart raskt ein del av settlista til mange amatørband som spelte til dans rundt om i Storbritannia, i lag med R&B-songar av artistar som Bo Diddley, Jimmy Reed, John Lee Hooker og Chuck Berry sin «Johnny B. Goode». I bluesklubbane i London tok bandet til Alexis Korner, Blues Incorporated, med seg den unge trad jazz-klarinettisten Brian Jones i bandet og han fann ut at han òg ønskte eit bluesband. Samstundes gjekk Mick Jagger og Keith Richards i lag med trommeslagaren til Korner, Charlie Watts, og spelte Berry sin «Around and Around». Eit band utvikla seg, dei tok namnet frå ein Muddy Waters-song og the Rolling Stones oppstod 12. juli 1962.

I 1962 nådde det gryande beatmusikk-miljøet overflata med band som The Beatles frå Liverpool og London-band som Brian Poole and the Tremeloes, som fekk ein hit med ei utgåve av «Do You Love Me». Denne songen fanga stemninga på denne tida: «I can mashed potato, I can do the twist, tell me baby, do you like it like this?» The Beatles var alt etablert i Liverpool og 5. oktober 1962 kom den første singelen deira, «Love Me Do» ut. Denne nye stilen skilde seg alt ut, rytmen vart hardare og musikken meir oppfinnsam med låtskrivartalenta i the Beatles i spissen. Britisk rock hadde oppnådd sin særeigne identitet. The Rolling Stones fekk sin første hit i juni 1963 med ein energisk versjon av Berry sin «Come On». Seinare gjorde The Animals ein blues-rock-versjon av «The House of the Rising Sun». The Who med «My Generation» og The Kinks med «You Really Got Me» fortsette den gode trenden og la i tillegg til den nye mod-stilen. Songane vart meir lyriske og oppfinnsame, medan dei klarte å halde den særeigne drivande rytmen. Rein blus vart spelt med harde taktslag. Denne nye stilen trekte til seg internasjonal interesse.

Psykedelisk rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå psykedelisk rock.

Narkotikareferansane auka i 1966 med «Sunshine Superman» av Donovan, Manfred Mann si utgåve av Bob Dylan sin «Mighty Quinn» som lovde snø, og the Smoke sin «My friend Jack eats sugar lumps». Pink Floyd og Soft Machine tok det heile langt vidare. The Who Sell Out inneheldt The Who sin psykedeliske singel «I Can See For Miles», men den spøkefulle kommersialismen på albumet missa stemninga. Folk lurte på om The Beatles hadde fallet av lasset då Sergeant Pepper's Lonely Hearts Club Band førte dei fram i spissen igjen.

Progressiv rock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå progressiv rock.

Progressiv rock eller progrock er ein sjanger som dukka opp seint i 60-åra og blømde gjennom syttiåra fram til det brått var slutt då pønken kom. Sjangeren er kjend for lange komposisjonar og kan samanliknast med jazzfusion og progressiv jazz. Progrock vart meir seriøs med verk i mange lag og tema på liknande måte som klassisk musikk.

Pink Floyd vert ofte trekt fram som eit av dei viktigaste progrockbanda og albumet deira The Dark Side of the Moon vert rekna som ein klassikar. Andre artistar i sjangeren var King Crimson, The Birds Of Paradise, Genesis, Yes, Jethro Tull, Marillion og Emerson, Lake and Palmer.

Ein eigen stil innan britisk progressiv rock var den såkalla Canterbury scene, som var fleire grupper innan progressiv rock, avantgarde og jazz basert rundt byen Canterbury. Dette var band som Soft Machine, Caravan, Gong, Hatfield and the North og National Health.

Glamrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå glamrock.

Glamrock er ein stil innan rock og pop som dukka opp tidleg i 1970-åra. Dei som var ein del av dette miljøet baserte seg på fleire tidlegare ungdomskulturar, musikkstilar, filmar og kunstrørsler, og produserte ein særeigen stil og estetikk, som kombinerte science fiction, nostalgi, det særeigne, teater og ein hardrock-stil.

Punkrock[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå punkrock.

Punkrock starta som ein reaksjon til produsentdriven disco og kommersialiseringa av progressiv rock. Tidlege punk lånte mykje frå garagebandideen om at ein ikkje trengde vere ekspert for å spele musikk. Punken var enkel musikk med tre akkordar som var enkel å spele. Mange av dei nye punkrockbanda prøvde òg å sjokkere ålmenta. Pønken oppstod om lag samstundes på begge sider av Atlanteren med Sex Pistols i Storbritannia og the Ramones i USA.

The Sex Pistols valde aggressive scenenamn (som Johnny Rotten og Sid Vicious) og gjorde sitt beste å leve opp til dei. Debutsingelen deira var «Anarchy in the UK». Den andre singelen, «God Save the Queen», vart bannlyst av BBC, men han nådde likevel toppen av singellista. The Sex Pistols bana veg for The Clash, som var mindre nihilistiske, men like politiske og idealistiske.

Moderne musikk[endre | endre wikiteksten]

I 1980-åra dukka var synthpop dominerande på dei britiske musikklistene. På midten av 80-åra dukka òg alternative rockeband, som The Smiths, The Cure og Echo and The Bunnymen opp.

På midten av 90-talet fekk britisk rock ein ny giv med ei rekkje nye band som var påverka av klassiske britiske rockeband frå 60-åra, samt punk og new wave. Dette miljøet vart kalla Britpop, og i spissen var band som Blur, Oasis og Pulp, samt fleire andre som Supergrass, Manic Street Preachers og Super Furry Animals.

Mot slutten av 1990-åra vart Oasis sett på som det leiande britiske rockebandet, medan ein i seinare år har sett meir kjennslemessig musikk påverka av anten Oasis, the Smiths eller dei same gruppene som påverka Britpop. Av desse banda finn ein Coldplay og Travis.

Dei siste åra har nye amerikanske rockeband som the Strokes og White Stripes vorte populære i Storbritannia, og britiske band som The Libertines har dukka opp i liknande stil. Andre nyare band med stor suksess er såkalla retro-punk eller post-punk-band som Arctic Monkeys, Kaiser Chiefs, Bloc Party og Franz Ferdinand. Nokre band har prøvd å unngå punkimaget, som Muse og The Darkness, som i staden har basert seg på melodramatisk og britisk arenarock frå 1970-talet.

Rock er i dag dominerande på musikkmarknaden i Storbritannia, samanlikna med hip hop og andre former for populær musikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.