Quinn the Eskimo (The Mighty Quinn)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Mighty Quinn»
Singel av Manfred Mann
frå albumet Mighty Garvey!
B-side «By Request - Edwin Garvey»
Utgjeve 12. januar 1968
Sjanger Rock
Lengd 2:51
Selskap Fontana TF 897 (UK)

Mercury 72770 (US)

Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Manfred Mann-kronologi
«So Long, Dad»
(1967)
«Mighty Quinn» «Theme from 'Up The Junction'»
(1968)

«Quinn the Eskimo (Mighty Quinn)» er ein folkrocksong frå 1967, skriven av Bob Dylan under The Basement Tapes-innspelingane. Songen vart ein hit i 1968 for det britiske bandet Manfred Mann, som gav han ut som singel med tittelen «Mighty Quinn».

Temaet i songen er at når den mektige Quinn (ein eskimo) kjem til ein stad vert fortviling til glede og kaos til ro, og han trekkjer til seg merksemda til dyr. Dylan sjølv har sagt at tittelen syner til skodespelaren Anthony Quinn si rolle som eskimo i filmen The Savage Innocents frå 1959.

Ev’rybody’s in despair,
Ev’ry girl and boy
But when Quinn the Eskimo gets here,
Ev’rybody’s gonna jump for joy.
Come all without, come all within,
You’ll not see nothing like the mighty Quinn.

Bob Dylan

Manfred Mann-utgåva av songen nådde førsteplassen i Storbritannia, Tyskland og Irland.[1] I USA nådde songen 10. plass og i Noreg 2. plass.

Dylan si første utgjeving av songen var på albumet Self Portrait frå 1970. Dette var eit konsertopptak av songen frå Isle of Wight Festival i 1969. Den same utgåva vart òg gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II i 1971.

Columbia omsider gav ut The Basement Tapes i 1975 var ikkje «Quinn the Eskimo» blant dei 24 songane på albumet. Eit opptak frå desse innspelingane vart først gjeven ut på Biograph i 1985.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Manfred Mann er andre artistar som har spelt songen mellom andre Ian and Sylvia, Gary Puckett & The Union Gap, The Hollies, Julie London, Grateful Dead, Les Fradkin, Cornershop og The Black Crowes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]