David Bowie sine BBC-innspelingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er ei liste over David Bowie sine BBC-innspelingar. Frå 1967 til 1972 spelte David Bowie 12 gonger på BBC radio, hovudsakleg for å marknadsføre seg sjølv. I midten av 1972 hadde han oppnådd stjernestatus og han stoppa å gjere desse innspelingane, og spelte ikkje inn musikk for BBC før i 1991 med Tin Machine. Fram til midten av 1990-åra var det mykje rykte og usikre kjelder om kva Bowie hadde spelt på desse innspelingane og når.

I 1996 gav NMC ut samlinga BBC Sessions 1969-1972, som var eit utdrag av ein planlagt samling på tre CD-plater med innspelingar frå 1969 til 1972. Denne tre doble samlinga vart aldri gjeven ut av NMC.

I september 2000 gav Bowie ut samlinga Bowie at the Beeb. Plata kom på to CD-plater, og inneheld ei fyldig skildring av kvar innspeling mellom 1967 og 1972. Det inneheldt fleire songar som ikkje tidlegare hadde vore tilgjengeleg på piratkopiplater, men var likevel ikkje komplett. Nokre av innspelingane frå 1967 som ikkje kom med på Bowie at the Beeb kom sidan ut på 40-årsjubileumsutgåva av albumet David Bowie i 2009, men framleis er ikkje alle BBC-innspelingane til Bowie gjevne ut.

BBC-innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Top Gear 18. desember 1967[endre | endre wikiteksten]

Denne innspelinga vart sendt den 24. desember 1967 og igjen den 28. januar 1968. Partituret vart skrive av Arthur Greenslade og framført av det 16 mann store orkesteret hans. Kven musikarane var er ukjende. Bowie sjølv spelte gitar og song. Sendinga var produsert av Bernie Andrews.

Songen som vart spelte var

  1. «Love You Till Tuesday»
  2. «When I Live My Dream»
  3. «Little Bombardier»
  4. «Silly Boy Blue»
  5. «In the Heat of the Morning»

Alle songane vart offisielt gjevne ut på luksusutgåva av «David Bowie» i 2010.

Det gjekk lenge rykte om at det òg vart spelt inn ein song kalla «Something I Would Like To Be», men i heftet som følgde Bowie at the Beeb stod det «Til slutt, David spelte ikkje inn songen 'Something I would Like To Be' for Radio 1 i 1967».

Top Gear 13. mai 1968[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga vart sendt 26. mai 1968 og igjen 20. juni 1968. Songan var framført av David Bowie og det 14 mann store Tony Visconti Orchestra, med mellom andre Herbie Flowers på bass, Barry Morgan på trommer, John Mclaughlin på gitar, David Bowie på vokal og gitar. David Bowie, Tony Visconti, Steve Peregrine-Took song alle korvokal, medan det er ukjend kven som spelte strykarar. Innspelinga var produsert av Tony Visconti.

Songane som vart spelte var

  1. «In the Heat of the Morning»
  2. «London Bye Ta-Ta»
  3. «Karma Man»
  4. «When I'm Five»
  5. «Silly Boy Blue»

«Silly Boy Blue» vart ikkje kringkasta. «When I'm Five» vart gjeve ut i 1982 som B-sida til «Love You Till Tuesday». Songen vart òg gjeve ut på det offisielle filmmusikkalbumet til filmen Love You Till Tuesday og på luksusutgåva av David Bowie. Dei andre songane kom offisielt ut for første gongen på Bowie at the Beeb.

Dave Lee Travis Show 20. oktober 1969[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga vart sendt 26. oktober 1969. Songane var framførte av David Bowie og Junior's Eyes: David Bowie på vokal og gitar, Mick Wayne på gitar, Tim Renwick på gitar, John Lodge på bass og John Cambridge på trommer. Innspelinga var produsert av Paul Williams.

Songane som vart spelte var:

  1. «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed»
  2. «Let Me Sleep Beside You»
  3. «Janine»

Før «Let Me Sleep Beside You» var det eit kort intervju med Brian Mathew og dei vart i lag gjeve ut på BBC Sessions 1969-1972 Sampler.På Bowie at the Beeb var det same intervjuet i tillegg til «Let Me Sleep Beside You» og «Janine». I 2009 vart heile innspelinga gjeven ut på 40-årsjubileumsutgåva av David Bowie.

The Sunday Show 5. februar 1970[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga vart sendt tre dagar seinare. Songane vart framførte av David Bowie and The Tony Visconti Trio (òg kalla The Hype): John Cambridge på trommer, Tony Visconti på bass, Mick Ronson på gitar og David Bowie på vokal og gitar. Innspelinga var produsert av Jeff Griffin. Denne innspelinga inneheld songar som berre vart framført live denne eine gongen.

Songane som vart framførte var:

  1. «Amsterdam»
  2. «God Knows I'm Good»
  3. «Buzz the Fuzz»
  4. «Karma Man»
  5. «London Bye Ta-Ta»
  6. «An Occasional Dream»
  7. «The Width of a Circle»
  8. «Janine»
  9. «The Wild Eyed Boy from Freecloud»
  10. «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed»
  11. «Fill Your Heart»
  12. «Waiting for the Man»
  13. «The Prettiest Star»
  14. «Cygnet Committee»
  15. «Memory of a Free Festival»

«Waiting For The Man» vart spelt inn men ikkje sendt, og er no gått tapt, medan «Memory Of A Free Festival» vart korta ned frå 6:40 til 3:12. Lydbandet som BBC nytta vart sletta, slik at innspelinga ikkje lenger finst i BBC-arkivet. Lenge sirkulerte det eit radioopptak på kassett frå 1970, som vart gjevne ut på piratkopiplater. Då Bowie at the Beeb vart sett saman, viste det seg at Bowie sjølv hadde eit personleg lydband med innspelinga. Fleire av songane frå dette lydbandet vart slik gjevne ut på Bowie at the Beeb, men den komplette innspelinga er ikkje gjeven ut.

Sound Of The Seventies: Andy Ferris 25. mars 1970[endre | endre wikiteksten]

Av David Bowie and The Hype: David Bowie på vokal og gitar, Mick Ronson på gitar, Tony Visconti på bass og John Cambridge på trommer. Produsert av Bernie Andrews.

  1. «Waiting for the Man»
  2. «The Width of a Circle»
  3. «The Wild Eyed Boy from Freecloud»
  4. «The Supermen »

Alle utanom «The Supermen» vart sendt 6. april 1970, og igjen den 11. mai 1970 på David Symonds Show. Ein trudde «The Supermen» var gått tapt fram til lydbandet vart oppdaga då Bowie at the Beeb skulle setjast saman. «Waiting For The Man» er offisielt gjeven ut på BBC Sessions 1969-1972 Sampler, men berre «The Wild Eyed Boy From Freecloud» finst på Bowie at the Beeb.

In Concert: John Peel 5. juni 1971[endre | endre wikiteksten]

Denne konserten av Bowie og vener vart sendt 20. juni 1971. David Bowie på vokal, piano og 12-strengsgitar, Mark Carr-Pritchard på gitar, Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass, Mick Woodmansey på trommer, George Underwood, Dana Gillespie og Geoffrey Alexander på vokal og korvokal. Innspelinga var produsert av Jeff Griffin.

  1. «Queen Bitch»
  2. «Bombers»
  3. «The Supermen»
  4. «Oh! You Pretty Things»
  5. «Looking for a Friend»
  6. «Almost Grown»
  7. «Kooks»
  8. «Song for Bob Dylan»
  9. «Andy Warhol»
  10. «It Ain't Easy»

«Oh! You Pretty Things» vart ikkje sendt, og er truleg gått tapt i følgje Bowie at the Beeb-tekstane. Bowie at the Beeb inneheld «Bombers», «Looking For A Friend», «Almost Grown», «Kooks», «Andy Warhol» og«It Ain't Easy».

Sound Of The Seventies: Bob Harris 21. september 1971[endre | endre wikiteksten]

Sendt 4. oktober 1971. David Bowie på vokal, piano og gitar, Mick Ronson på gitar, korvokal og bass. Sendinga var produsert av John Muir.

Songane som vart spelte var:

  1. «The Supermen»
  2. «Oh! You Pretty Things»/«Eight Line Poem»
  3. «Kooks»
  4. «Fill Your Heart»
  5. «Amsterdam»
  6. «Andy Warhol»

Dei to siste songane vart ikkje kringkasta. «Andy Warhol» kom ut på BBC Sessions 1969-1972 Sampler. Den amerikanske og europeiske utgåva av Bowie at the Beeb har berre med «The Supermen» og «Eight Line Poem» frå denne innspelinga, medan den japanske utgåva i tillegg har «Oh! You Pretty Things».

Sound Of The Seventies: John Peel 11. januar 1972[endre | endre wikiteksten]

Sendt 28. januar 1972. David Bowie på vokal og gitar, Mick Ronson på gitar, piano og korvokal, Trevor Bolder på bass, Mick Woodmansey på trommer. Sendinga var produsert av Jeff Griffin. Med denne sendinga frå januar 1972 lanserte Bowie and the Spiders Ziggy Stardust for verda:

  1. «Hang On To Yourself»
  2. «Ziggy Stardust»
  3. «Queen Bitch»
  4. «Waiting for the Man»
  5. «Lady Stardust»

Det var lenge forvirring om denne innspelinga hadde funne stad i det heile, sidan Bowie spelte meir eller mindre dei same songane berre sju dagar seinare for BBC. I Bowie at the Beeb-heftet står det forklart at innspelinga fann stad 11. januar og vart sendt 28. januar og hadde nesten ei identisk speleliste som innspelinga den 18. januar, der «Lady Stardust» var byta ut med «Five Years». Ingen av songane frå denne innspelinga vart gjevne ut på Bowie at the Beeb, men har sirkulert i mange år på piratkopiplater.

Sound Of The Seventies: Bob Harris 18. januar 1972[endre | endre wikiteksten]

Sendt 7. februar 1972. David Bowie på vokal og gitar, Mick Ronson på gitar, piano og korvokal, Trevor Bolder på bass, Mick Woodmansey på trommer. Sendinga var produsert av Jeff Griffin.

  1. «Hang On To Yourself»
  2. «Ziggy Stardust»
  3. «Waiting for the Man»
  4. «Queen Bitch»
  5. «Five Years»

«Hang On To Yourself» vart gjeven ut på BBC Sessions 1969-1972 Sampler og heile sendinga finst på Bowie at the Beeb, men den første utgåva av albumet har feilaktig versjonen av «Ziggy Stardust» frå 16. mai 1972 oppført to gonger, i staden for denne versjonen.

Old Grey Whistle Test 8. februar 1972[endre | endre wikiteksten]

Bowie spelte inn «Queen Bitch», «Oh! You Pretty Things» og «Five Years» for Old Grey Whistle TestBBC Television. I 2002 vart heile sendinga, inkludert eit andre opptak av «Oh! You Pretty Things» gjeve ut på Best Of Bowie DVD.

Top Of The Pops 14. april 1972[endre | endre wikiteksten]

Bowie framførte «Starman» for Top of the Pops. Bowie song songen live men over eit innspelt akkompagnement. Denne innspelinga finst på Best Of Bowie DVD.

Sound Of The Seventies: John Peel 16. mai 1972[endre | endre wikiteksten]

Sendt 23. mai 1972. David Bowie på vokal og gitar, Mick Ronson på gitar og korvokal, Trevor Bolder på bass, Mick Woodmansey på trommer og Nicky Graham på piano. Sendinga var produsert av Pete Ritzema.

  1. «White Light/White Heat»
  2. «Moonage Daydream»
  3. «Hang On To Yourself»
  4. «Suffragette City»
  5. «Ziggy Stardust»

«Ziggy Stardust» vart gjeven ut på BBC Sessions 1969-1972 Sampler og heile sendinga finst på Bowie at the Beeb.

Johnnie Walker Lunchtime Show 22. mai 1972[endre | endre wikiteksten]

Sendt den første veka i juni 1972. David Bowie: vokal og gitar, Mick Ronson på gitar, piano og korvokal, Trevor Bolder: bass, Mick Woodmansey: trommer. Produsert av Roger Pusey.

  1. «Starman»
  2. «Space Oddity»
  3. «Changes»
  4. «Oh! You Pretty Things »

Berre «Oh You Pretty Things» (den første dagen) og «Starman» (resten av veka) vart sendt på radio. «Space Oddity» vart gjeven ut på BBC Sessions 1969-1972 Sampler og alle songane er med på Bowie at the Beeb.

Sound Of The Seventies: Bob Harris 23. mai 1972[endre | endre wikiteksten]

Sendt 19. juni 1972. David Bowie: vokal og gitar, Mick Ronson på gitar, piano og korvokal, Trevor Bolder: bass, Mick Woodmansey: trommer. Produsert av Jeff Griffin.

  1. «Andy Warhol»
  2. «Lady Stardust»
  3. «White Light/White Heat»
  4. «Rock 'N' Roll Suicide»

«Andy Warhol», «Lady Stardust» og «Rock 'N' Roll Suicide» vart gjevne ut på Bowie at the Beeb.

Russell Harty Plus 17. januar 1973[endre | endre wikiteksten]

Bowie framførte «My Death» og «Drive-In Saturday» for BBC Television. «Drive-In Saturday» og intervjuet med Russell Harty finst på Best Of Bowie DVD.

Mark Goodier's Evening Session 13. august 1991[endre | endre wikiteksten]

Dette var ei Tin Machine-innspeling med David Bowie: vokal og gitar, Reeves Gabrels på gitar og korvokal, Tony Sales på bass og korvokal, Hunt Sales på trommer og korvokal. Produsert av Jeff Smith.

Songane som vart spelte inn var

  1. «A Big Hurt»
  2. «Baby Universal»
  3. «Stateside»
  4. «If There is Something»
  5. «Heaven's in Here »

«Stateside», «If There Is Something» og «Heaven's In Here» vart gjevne ut på CD-singelen av «Baby Universal» i ein blikkboks, «A Big Hurt» og «Baby Universal» finst på 12" vinylversjonen av den same singelen. «Baby Universal» vart gjeven ut på CD på Japanese Radio Session.

ChangesNowBowie 8. januar 1997[endre | endre wikiteksten]

Denne innspelinga vart spelt inn i New York, under øvinga til konserten i høve 50-årsdagen til Bowie. Innspelinga vart sendt eksklusivt på BBC Radio One. Songane vart framført akustisk. David Bowie: vokal og gitar, Reeves Gabrels på gitar og korvokal, Gail-Ann Dorsey: bass og korvokal.

  1. «The Man Who Sold the World»
  2. «The Supermen»
  3. «Lady Stardust»
  4. «Quicksand»
  5. «Shopping for Girls»
  6. «Aladdin Sane»
  7. «White Light/White Heat»
  8. «Repetition»
  9. «Andy Warhol»

«The Man Who Sold The World», «Andy Warhol», «Aladdin Sane», «Lady Stardust» og «White Light-White Heat» er offisielt gjevne ut som ei promoplate kalla David Bowie Earthling Radio Special på US Album Network.

The Mark and Lard Show 25. oktober 1999[endre | endre wikiteksten]

David Bowie: vokal og akustisk gitar, Page Hamilton på gitar, Gail Ann Dorsey: bass, Mark Plati: rytme/akustisk gitar, Mike Garson: klaverinstrument, Sterling Campbell: trommer, Holly Palmer: korvokal, Emm Gryner: korvokal. Produsert av Will Saunders.

  1. «Survive»
  2. «Drive-In Saturday»
  3. «Something in the Air»
  4. «Can't Help Thinking About Me»
  5. «Repetition »

Mellom songane gjorde Bowie eit ti minuttar intervju med Mark og Lard.

The Saturday Music Mix 25. oktober 1999[endre | endre wikiteksten]

Sendt 6. november 1999. David Bowie: vokal og akustisk gitar, Page Hamilton på gitar, Gail Ann Dorsey: bass, Mark Plati: rytme/akustisk gitar, Mike Garson: klaverinstrument, Sterling Campbell: trommer, Holly Palmer: korvokal, Emm Gryner: korvokal. Produsert av Chris Whatmough.

  1. «Survive»
  2. «China Girl»

To songar og eit intervju med Billy Bragg. Innspelinga vart gjort like etter og same dagen som Mark and Lard Show.

BBC Show 27. juni 2000[endre | endre wikiteksten]

Denne konserten vart spelt inn like etter Glastonbury-konserten til Bowie for 150 inviterte gjester i Broadcast House i London. BBC sendte ein time av denne konserten på fjernsyn.

David Bowie: vokal og akustisk gitar, Earl Slick på gitar, Gail Ann Dorsey: bass, Mark Plati: rytme/akustisk gitar, Mike Garson: klaverinstrument, Sterling Campbell: trommer, Holly Palmer: korvokal, Emm Gryner: korvokal.

  1. «Wild is the Wind»
  2. «Ashes to Ashes»
  3. «Seven»
  4. «This is Not America»
  5. «Absolute Beginners»
  6. «Always Crashing in the Same Car»
  7. «Survive»
  8. «The London Boys»
  9. «I Dig Everything»
  10. «Little Wonder»
  11. «The Man Who Sold the World»
  12. «Fame»
  13. «Stay»
  14. «Hallo Spaceboy»
  15. «Cracked Actor»
  16. «I'm Afraid of Americans»
  17. «Ziggy Stardust»
  18. «The Jean Genie» (instrumental)
  19. «All the Young Dudes»
  20. «Starman»
  21. «Heroes»
  22. «Let's Dance »

Alle songane utanom «The London Boys», «I Dig Everything», «Ziggy Stardust», «The Jean Genie», «All the Young Dudes», «Starman» og «Heroes» vart gjevne ut på BBC Radio Theatre, London, June 27, 2000, ei bonusplate som kom med dei første versjonane av Bowie at the Beeb. Piatkopiplata Toys From The Attic inneheld dei andre songane, teken frå publikumsopptak.

BBC Radio 2 Special 18. september 2002[endre | endre wikiteksten]

Sendt 5. oktober 2002. David Bowie: vokal og akustisk gitar, Earl Slick på gitar, Gerry Leonard på gitar, Gail Ann Dorsey: bass, Mark Plati: rytme/akustisk gitar, Mike Garson: klaverinstrument, Sterling Campbell: trommer, Catherine Russel: perkusjon, klaverinstrument.

  1. «Sunday»
  2. «Look Back in Anger»
  3. «Cactus»
  4. «Survive»
  5. «5:15 The Angels Have Gone»
  6. «Alabama Song»
  7. «Everyone Says 'Hi'»
  8. «Rebel Rebel»
  9. «The Bewlay Brothers»
  10. «Heathen (The Rays)»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «BBC». Illustrated db Discography. Henta 27. januar 2016.