Look Back in Anger
| Look Back in Anger Singel av David Bowie frå albumet Lodger |
||
| B-side | «Repetition» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 20. august 1979 (US) | |
| Innspelt | Mountain Studios, Montreux, september 1978; The Record Plant, New York, mars 1979 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:08 | |
| Selskap | RCA Records PB 11724 (US) |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie og Brian Eno | |
| Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Yassassin» (1979) |
Look Back in Anger | «John, I'm Only Dancing (Again)» (1979) |
«Look Back in Anger» er ein song skriven av David Bowie og Brian Eno for albumet Lodger (1979). Han omhandlar «ein sjaskete 'dødsengel'»,[1] og har ein gitarsolo av Carlos Alomar.
RCA Records var usikre på om Amerika var klare for den seksuelt androgyne «Boys Keep Swinging»,[2] den første singelen frå Lodger i dei fleste omrde, og «Look Back in Anger» vart gjeven ut i staden.[3] B-sida var ein annan song frå Lodger, «Repetition». Singelen nådde ikkje lista.
David Mallet regisserte ein video for songen, med Bowie i studioet til ein kunstnar. Scenarioet var basert på avslutninga i Oscar Wilde sin The Picture of Dorian Gray, som eit sjølvportrett av hovudpersonen som vert meir og meir vakker, medan han sjølv vert fysisk styggare.[4]
«Look Back in Anger» har fått blanda kritikk hos Bowie-kommentatorane. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra songen som «truleg det lågaste punktet» på albumet,[1] medan Nicholas Pegg reknar det som «eit av dei dramatiske høgdepunkta på Lodger».[3]
Songen vart spelt på «Serious Moonlight»-turneen i 1983-1984 og omarbeidd til ein tung rockesong for turneane Outside og Earthling.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
- «Look Back in Anger» (David Bowie, Brian Eno) – 3:08
- «Repetition» (Bowie) – 2:59
Medverkande [endre]
- Produsentar:
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, Gitar, korvokal
- Dennis Davis: Perkusjon
- George Murray: Bass
- Carlos Alomar: Gitar
- Sean Mayes: Piano
- Brian Eno: Synthesizer, trompet
- Tony Visconti: Korvokal
Andre utgjevingar [endre]
- Songen finst på samleplatene:
- Chameleon (Australia/New Zealand 1979)
- Christiane F. (1981)
- Golden Years (1983)
- Sound and Vision (1989)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- I 1988 spelte Bowie inn ein «ny, brutal versjon av songen» med Reeves Gabrels på gitar og Erdal Kizilcay på bass og trommer. Det var det første arrangementet Bowie og Gabrels samarbeidde på, før dei kort tid etter danna bandet Tin Machine.[5] Innspelinga vart gjeven ut som eit bonusspor på Rykodisc-utgåva av Lodger i 1991.
Andre versjonar [endre]
- Kaligare - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Swans of Avon - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
- Tender Fury - Thoughts of Yesterday (1992)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Look Back in Anger (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2011.
- ↑ 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.106
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.43
- ↑ 3,0 3,1 Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.131
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.355
- ↑ David Buckley (1999). Ibid: s.449-450