Rebel Rebel
| Rebel Rebel Singel av David Bowie frå albumet Diamond Dogs |
||
| B-side | «Queen Bitch» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 15. februar 1974 | |
| Innspelt | Ludolf Studios i Hilversum i Nederland januar 1974 | |
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 4:20 | |
| Selskap | RCA Records LPBO 5009 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | David Bowie | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Sorrow» (1973) |
Rebel Rebel | «Rock 'n' Roll Suicide» (1974) |
«Rebel Rebel» er ein song av David Bowie, som kom ut i 1974 som singel og på albumet Diamond Dogs. Han vert omtalt som ein av hans mest covra songar,[1] og var Bowie sitt farvell til glammiljøset som gjorde han til stjerne.[2][3]
Innhaldsliste |
Musikk og tekst [endre]
Opphavleg skriven for ein planlagt Ziggy Stardust-musikal seint i 1973,[4] var «Rebel Rebel» den siste singelen Bowie skreiv i glamrockstilen som hadde vorte varemerket hans. Det var òg den første hiten hans sidan 1969 der Mick Ronson ikkje spelte gitar. Bowie speler sjølv gitar på denne songen og nesten alle dei andre songane på Diamond Dogs, som NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla «ein rocka, skitten lyd som var like mykje inspirert av Keith Richards som han var av Ronno».[5]
Songen er kjend for kjønnstvetydige teksten («You got your mother in a whirl / She's not sure if you're a boy or a girl»), samt det særeigne riffet, som rockjournalist Kris Needs har skildra som «eit klassisk riff som klistrar seg til hjernen på same vis som Stones' 'Satisfaction'».[6] Bowie sa sjølv seinare, «det er eit fabelaktig riff! Rett og slett fabelaktig! Då eg snubla over det var det som 'Åh, takk skal du ha!'»[7]
Den transseksuelle rockeartisten Jayne County hevdar at «Rebel Rebel» delvis var basert på County-songen «Queenage Baby»,[8] som vart spelt inn i januar 1974 av Bowie sitt Mainman Records, men ikkje gjeven ut på den tida. Songen kom seinare ut i 2006 på Wayne County at the Trucks, og somme kritikarar, då dei har høyrt songen, er samd med County.[9][10]
Utgjeving og etterverknad [endre]
Singelen vart raskt ein glam-hymne, den kvinnelege varianten av den tidlegare hitten til Bowie for Mott the Hoople, «All the Young Dudes».[5] Han nådde 5. plass i Storbritannia og 64. plass i USA. I Noreg nådde singelen 9. plass. Den amerikanske utgåva av singelen var opphavleg ei heilt anna innspeling. Den var raskare, tettare og meir sær, med vokaleffektar og Bowie på alle instrumenta utanom Geoff MacCormack på congatrommer.[7] Han vart raskt trekt attende og erstatta av den britiske singelversjonen. Arrangementet frå den amerikanske singelen vart derimot nytta av Bowie på den nordamerikanske turneen i 1974, slik songen er på konsertalbumet David Live.
Etter å ha slutta å spele songen etter Sound and Vision-turneen i 1990, førte Bowie «Rebel Rebel» attende att i 1999 for 'hours...'-turneen. I 2003 vart det spelt inn ein ny versjon av songen med arrangement av Mark Plati og utan referansar til quaaludes som i originalen. Dette vart gjeven ut på ei bonusplata som følgde somme versjonar av Reality same året og på 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs i 2004. I 2004 vart songen òg miksa i ein mash-up med Reality-songen «Never Get Old». Resultatet vart singelen «Rebel Never Gets Old»".
Den britiske singelen hadde «Queen Bitch» som B-side, medan den amerikanske versjonen hadde «Lady Grinning Soul».
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: vokal, gitar, akustisk gitar, klaverinstrument
- Herbie Flowers: bass
- Mike Garson: piano
- Aynsley Dunbar: Trommer
- Mick Ronson: gitar på «Queen Bitch»
- Trevor Bolder: bass på «Queen Bitch»
- Mick Woodmansey: trommer på «Queen Bitch»
Konsertversjonar [endre]
- Eit konsertoptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på den nederlanske samlinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen kom ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
- Bowie spelte songen på Live Aid i 1985.
- Songen vart spelt i 1987 på Glass Spider-turneen og gjeven ut på Glass Spider-videoen (1988) og DVD/CD (2007).
- Bowie spelte songen på Later... with Jools Holland, eit britisk fjernsynsprogram i 2002
- Den nye versjonen av «Rebel Rebel» frå 2003 vart spelt under Reality-turneen og finst på A Reality Tour. Denne versjonen vart som regel spelt som opningssongen.
Andre utgjevingar [endre]
- Han finst på fleire samleplater:
- ChangesOneBowie (1976)
- Changesbowie (1990)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of 1969/1974 (1997)
- Best of Bowie (2002)
- Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time og Fashion Picture Disc Set setta.
- Ein coverversjon av gitarintroen vart nytta i ei rekkje reklamefilmar for Mazda i USA og Canada i 1998/1999.
- Filmen Detroit Rock City frå 1999
- Den sjeldne amerikanske singelversjonen vart gjeven ut på Sound and Vision-boksen og på bonusplata til 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs i 2004.
- 2003-innspelinga vart òg gjeven ut på bonusplata til 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs og på bonusplate som følgde somme versjonar av Reality.
- 2003-utgåva av songen finst på albumet til Charlie's Angels: Full Throttle.
- Songen vert nytta i filmen Bandslam i 2009.
- Songen vert nytta i filmen The Runaways i 2010.
Andre versjonar [endre]
- Bryan Adams – Konsertopptak på The Secret Show (1993)
- Bay City Rollers – It's a Game (1977)
- Shaun Cassidy – Wasp (1980)
- Dead or Alive - Nukleopatra (1996)
- Def Leppard i 2002
- Rick Derringer – Live in Cleveland Promo (1976)
- The Diamonds – Million Copy Hit Songs Made Famous by Elton John & David Bowie
- Double You – The Blue Album (1994)
- Duran Duran – Konsertopptak
- The Great Imposters – Dollars in Drag: A Tribute to David Bowie
- International Chrysis – Singel (1994)
- Joan Jett & The Blackhearts – Flashback (1993)
- Rickie Lee Jones – 'Traffic From Paradise (1993)
- Seu Jorge – Portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)
- Magnus Uggla - Godkänd pirat (konsert 1980)
- Manic Street Preachers - nytta som intro til «Motown Junk» på turneen deira i 2002.
- Medi and the Medicine Show - BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007)
- The Mike Flowers Pops
- Niels – svensk versjon kalla «Punkjävel»
- Iggy Pop og Lenny Kravitz spelte songen i lag under VH-1 Fashion Awards 1998.
- The Rockridge Synthesiser Orchestra – Plays David Bowie Classic Trax
- Sigue Sigue Sputnik – The First Generation (1990) og David Bowie Songbook og Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs
- Slant 6 – Singel
- The Dykeenies
- The Smashing Pumpkins – Live i Spektrun i Oslo i Noreg i 1996
- Tegan and Sara (med Grace Nocturnal) - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003)
- Twilight Clone – Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
- Kyosuke Himuro – Live in Tokyo Dome (1989)
- Kenichi Asai (2006)
- Terminal Bliss - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Manchester United F.C.-tilhengjarane song eit rop til melodien 'Rebel Rebel' kalla 'Neville Neville' til ære for forsvararane Gary og Phil.
- Unknown Hinson - Konsert 2009
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rebel Rebel» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.90-92
- ↑ Mat Snow (2007). "Hang on to Yourself", MOJO 60 Years of Bowie: s.51
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.210-217
- ↑ David Buckley (1999) Ibid: s.140
- ↑ 5,0 5,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.60
- ↑ Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29
- ↑ 7,0 7,1 Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.170.
- ↑ Fox, Katrina (2006-08-24). «Complete and Utter County». http://www.katrinafox.com/jaynecounty.htm.
- ↑ Lalumia, Jimi. «Wayne County at the Trucks». Punk Globe Magazine. http://www.punkglobe.com/waynecountytrucksreview.html.
- ↑ Thompson, Dave. «Wayne County at the Trucks - Review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r862715.