The Prettiest Star
| The Prettiest Star Singel av David Bowie frå albumet Aladdin Sane |
||
| B-side | «Conversation Piece» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 6. mars 1970 | |
| Innspelt | Trident Studios, London 8., 13. og 15. januar 1970 |
|
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 3:09 | |
| Selskap | Mercury MF 1135 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Tony Visconti | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» (1969) |
The Prettiest Star | «Memory of a Free Festival» (1970) |
«The Prettiest Star» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som singel i 1970.
Bowie hadde nettopp spelt inn ein gammal song frå Deram-tida, «London Bye Ta Ta», som var meint som ein oppfølgjar til «Space Oddity» tidleg i 1970. Under den same innspelinga dukka òg ein ny song opp, kalla «The Prettiest Star». Bowie skreiv songen for Angela Barnett, og spelte han visstnok på telefon for hennar då han bad ho om å gifte seg med han. Han valte denne songen som den neste singelen hans, trass i at manager Kenneth Pitt, likte «London Bye Ta Ta» langt betre.[1]
Marc Bolan spelar gitar på songen. Bowie skulle dei neste åra rivalisere med Bolan om krona som kongen av glamrock. Produsenten Tony Visconti, som førte dei to spirande popstjernene i lag i studio, og hugsar at innspelinga gjekk bra heilt til slutten då kona til Bolan, June, skal ha sagt til Bowie, «Marc er for god for deg, til å spele på denne plata!»[1]
Trass i gode meldingar, selde singelen visstnok mindre enn 800 kopiar, som var ein stor nedtur etter den store suksessen til «Space Oddity». I 1973 vart ein meir glamrockaktig versjon spelt inn på ny og gjeven ut på albumet Aladdin Sane, med Mick Ronson på gitar, nesten tone for tone av det Bolan hadde spelt[2]
Innhaldsliste |
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: vokal, gitar
- Marc Bolan: gitar på «The Prettiest Star»"»
- Tony Visconti: bass på «The Prettiest Star»
- John Cambridge: Trommer
- Tim Renwick: gitar på «Conversation Piece»
- John 'Honk' Lodge: bass på «Conversation Piece»
Tim Renwick, John 'Honk' Lodge og John Cambridge var alle frå bandet Junior's Eyes, som ei kort stund akkompagnerte Bowie på konsertane hans og ein radioframferd for BBC Radio i oktober 1969.[3][4][5]
Andre utgjevingar [endre]
- Aladdin Sane-versjonen vart gjeven ut som B-side til den amerikanske singelen «Time» i april 1973.
- 1973-utgåva vart òg gjeven ut på den japanske samleplata The Best of David Bowie i 1974.
- Singelversjonen frå 1970 vart gjeven ut på Sound + Vision-boksen i 1989.
- På The Best of 1969/1974 i 1997 vart den originale innspelinga gjeven ut for første gong i stereo, omtalt på omslaget som «Bolan Stereo Mix».
- Songen vert nytta i filmen Kinky Boots.
Andre versjonar [endre]
- Den finske musikaren Hector spelte inn songen for albumet HEC i 1977.
- Det franske industri-metalbandet Treponem Pal spelte ein versjon av songen i 1989 for debutalbumet Treponem Pal.
- Ein versjon spelt inn av det britiske rockebandet T. Rex finst på samlinga 20th Century Superstar.
- Ian McCulloch spelte ein versjon av songen for Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs, eit hyllestalbum for Bowie frå mars 2003-utgåva av Uncut.[6]
- Den britiske songaren Simon Turner spelte inn ein versjon for Oh! You Pretty Things: The Songs of David Bowie, eit hyllest album for Bowie frå 2006.
- Den amerikanske songaren Jad Fair spelte ein versjon av for albumet Sunshiney Shine.[7]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Prettiest Star» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- "The Prettiest Star" at Teenage Wildlife
- ↑ 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.80-81
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.32
- ↑ Junior's Eyes diskografi at Discogs.com
- ↑ David Bowie and Junior's Eyes BBC recording session at The Illustrated db Diskografi
- ↑ Battersea Power Station (Junior's Eyes) Liner Notes, David Wells (2000)
- ↑ «Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs». Uncut (London: IPC Media). 3 mars 2003.
- ↑ «A free album by Jad Fair». JadFair.org. Arkivert frå originalen den 21 juni 2008. http://web.archive.org/web/20080621124929/http://www.jadfair.org/music/free/. Henta 30. april 2011.