Queen Bitch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queen Bitch
Song av David Bowie
frå albumet Hunky Dory
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Trident Studios, London april 1971
Sjanger Protopunk, glamrock
Lengd 3:18
Selskap RCA Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«Queen Bitch» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Bowie var ein stor Velvet Underground-tilhengjar og skreiv songen som ei hyllest til bandet og Lou Reed.[1] Han spelte inn «I'm Waiting for the Man» i 1967 (aldri offisielt utgjeven), samt BBC-opptak av denne songen på Bowie at the Beeb og konsertopptak på Live Nassau Coliseum '76 (som følgde 2010-utgåva av Station to Station).

Songen starta med Bowie som tel ned til den akustiske gitaren sin før det thrash-aktige gitarriffet til Mick Ronson kjem inn. Arrangementet til songen, med ei melodisk basslinje, ein stødig trommerytme, korte, forvrengde gitarakkordar og ein underdriven vokal av Bowie, er eit mønster for glamrock-stilen som skulle kome tydelegare fram på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, oppfølgjaren til Hunky Dory i 1972. Sjølv om hovudriffet liknar Velvet Underground sin «Sweet Jane», er det faktisk henta frå Eddie Cochran sin «Three Steps to Heaven».[2] (ein posthum singel som gjekk til topps i Storbritannia i 1960).

Teksten handlar om songaren som ikkje klarar å sitje stille på hotellrommet sitt, men stadig går bort til vindauga og ser ned på gata der ein mann sjekker opp ei dame. Det kan vere ein transvestitt eller ein prostituert, men songaren irriterer seg ikkje over eit svik, men over sjølve sjekkinga, der han syng «Oh God, I could do better than that!» («Herregud, eg kan gjere det der betre!»).[3]

Riffet er eit ein enkel akkordprogressjon i C-G-F. Bowie startar først på 12-strengs akustisk gitar, før Mick Ronson kjem inn på sin elektriske. Tonen i gitaren er høgt og skitten. Riffet går gjennom heile songen, med berre ein liten variasjon i refrenget, og her er ingen gitarsoloar.

Songen vart framført første gongen den 3. juni 1971 for BBC, og spelte han inn ein månad seinare for Hunky Dory.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie spelte songen for BBC-showet Sounds of the 70s 18. januar 1972. Dette vart sendt 7. februar 1972 og i 2000 gjeven ut på albumet Bowie at the Beeb.
  • Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 kom ut på Santa Monica '72.
  • Eit anna opptak frå Nassau Coliseum, Uniondale 23. mars 1976 kom ut på RarestOneBowie og seinare på deluxe-utgåva av Station To Station.
  • Lou Reed spelte songen i lag med Bowie på 50-årsdagskonserten hans i New York City i januar 1997.
  • The Arcade Fire har òg spelt songen i lag med Bowie.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverknade[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Josh Tyrangiel (November 2, 2006). «All-TIME 100 Albums - Hunky Dory». TIME. Henta 24. januar 2015. 
  2. Amazon.com
  3. Chris O’Leary. «Queen Bitch». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]