Sad Eyed Lady of the Lowlands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Sad-Eyed Lady of the Lowlands»
Song av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
Språk engelsk
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 16. februar 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 11:23
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Sad-Eyed Lady of the Lowlands» er den siste songen på albumet Blonde on Blonde av Bob Dylan frå 1966.

Med ei lengd på 11:23 minutt inneheld songen fem strofer med surrealistiske poetiske bilete som omhandlar og kjem attende til kvinnepersonen. Songen er i 6/8-takt, men tekstforma er langt frå tradisjonelt. Intonasjonen til Dylan går ofte lenger enn melodien, men aldri ut av han.

Songen er skriven som ein listesong som kjem attande til ei refrenglinje på slutten av kvar strofe. Songen er nesten berre fylt med poetiske symbol, som i den første linja «with your mercury mouth / in the missionary times».

Mange kritikarar har merka seg likskapen mellom 'Lowlands' og 'Lownds', som var pikenamnet til kona til Dylan, Sara, då dei gifta seg.[1] Og ikkje minst skreiv han seinare i songen «Sara» på Desire (1976):

Stayin' up for days in the Chelsea Hotel,
Writin' «Sad-Eyed Lady of the Lowlands» for you.

Trommeslagar Kenny Buttrey fortel om innspelinga av songen: «[Dylan] gjekk gjennom eit vers og eit refreng og sa, 'Me tar eit vers og eit refreng og så spelar eg litt munnspel, så tar eg eit nytt vers og refreng og litt meir munnspel, og så ser me kvar det går frå der.' Me gjorde oss klare for ein to-tre minuttar lang song, fordi songar på den tida var aldri lengre enn det. Om du høyrer på songen så merkar du at etter det andre refrenget så bygger songen seg kraftig opp fordi me trudde det nærma seg slutten på songen og me gav alt me hadde. Men så sette han i staden i gang ein ny munnspelsolo og gjekk tilbake til eit nytt vers. Etter om lag ti minutt på dette viset heldt me på å sprekke. Me hadde jo gjeve alt me hadde for fem minuttar sidan. Kvar skulle me gå frå her?»[2]

Dylan har aldri spelt songen på konsert.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarane som deltok på innsppelinga var:[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt denne songen er mellom andre Joan Baez (1968), Steve Howe (1999), Richie Havens (1974) og Phoenix.[4][5]

Norsk versjon=[endre | endre wikiteksten]

Ein nynorsk tekst vart skriven til songen av Tom Roger Aadland. Han kalla songen «Sorgsame kvinne ifrå Jæren» og gav han ut på albumet Blondt i blondt i 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, 198
  2. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, 241
  3. Marcus 2010, s. 48
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mai 2010, henta 6. mars 2010 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. april 2010, henta 6. mars 2010