Songen Close to the Edge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Close to the Edge
Song av
frå albumet Close to the Edge
Utgjeve 1972
Sjanger Progressiv rock
Lengd 18:43
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Jon Anderson
Steve Howe
Produsent Yes and Eddie Offord

«Close to the Edge» er tittelsporet på albumet Close to the Edge, utgjeven i 1972 av det engelske progressiv rock-bandet Yes. Songen er over 18 minuttar lang, og på den originale LP-utgjevinga opptok heile side ein, og vert rekna med blant dei «episke verka» til Yes. Songen består av fire satsar.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Sats Starttid Lengd
I. «The Solid Time Of Change» 0:00 6:04
II. «Total Mass Retain» 6:04 1:55
III. «I Get Up, I Get Down» 7:59 6:14
IV. «Seasons Of Man» 14:13 4:30

I. «The Solid Time of Change»[endre | endre wikiteksten]

Songen byrjar med lydar av fuglar, vind og rennande vatn. Denne collagen av lydar går snart over i ei slags overture der ein lettare aggressiv gitarsolo skapar eit crescendo saman med synthesizerane og trommene. Brot i crescendoet i form av vokale punkteringar kjem, og det heile endar opp i ein kakofoni som ender dust før det første melodiske temaet, som blir leia av gitaren. Tempoet er no rolegare, og dette temaet blir handsama i ulike toneartar. Omtrent fire minutt inn i songen blir igjen tempo og melodi endra. Trommer og bass følgjer kvarandre i éi takt, medan gitaren og synthesizeren følgjer sitt eige tempo. Så kjem den første vokalen inn, og han «flyt» over instrumenta og held sin eiga takt med ei aning atonal melodilinje. Bakgrunnsvokalane er særs harmoniske, og hovudtemaet i songen kjem tydeleg fram.

II. «Total Mass Retain»[endre | endre wikiteksten]

Songen fortset med same melodi og stil, men med temposkifter. Bill Bruford har ei rekkje rytmiske punkteringar med sine trommar. Først går tempoet litt fortare, før det blir igjen dempa. Med teksta «I get up, I get down» blir denne satsen avslutta, og går saumlaust over i neste.

Ein redigert versjon av denne satsen vart utgjeve som singel i 1972. Denne versjonen er inkludert som bonusspor på nyutgjevinga av albumet Close to the Edge i 2003.

III. «I Get Up I Get Down»[endre | endre wikiteksten]

Denne satsen har eit langt lågare tempo og dempa volum i tilhøve til resten av songen. Eit barokkliknande vokalsegment, med hovudvokalen sunge av Jon Anderson og med to vers sunge av gitarist Steve Howe og bassist Chris Squire følgjer. Etter dette kjem temaa i satsen spelt på kyrkjeorgel i ulike toneartar, så følgjer ein solo på nemnde kyrkjeorgel. Soloen «bryt saman», og blir ført inn i neste sats.

IV. «Seasons of Man»[endre | endre wikiteksten]

Hovudtemaet i songen dukkar dust opp i eit raskare tempo, følgt av ein musikalsk og vokal struktur på linje med satsen «The Solid Time of Change», men Rick Wakeman sitt orgelspel er meir komplekst. Alle temaa i songen blir repetert, før det heile avsluttast fuge-liknande med tekstlinjer frå dei andre satsane. Naturlydane frå opninga avsluttar satsen og songen.

Inspirasjon til tekstane[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju av Elizabeth Gips i radiokanalen KKUP i Cupertino i California den 27. mai 1996, nemner vokalist og tekstforfattar Jon Anderson at tekstene til denne songen (og heile albumet Close to the Edge) er inspirert av Hermann Hesse-boka Siddhartha[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

På originalinnspelinga gjeven ut i 1972 medverkar:

Konsertfremføringar[endre | endre wikiteksten]

Trommeslagaren på originalinnspelinga, Bill Bruford, spelte ikkje denne songen under konsert med Yes før under Union-turneen i 1991. Han forlet bandet straks innspelinga av albumet Close to the Edge var over, og vart erstatta av Alan White. White fekk så «heile» tre dagar på seg til å lære seg Yes-songar, før hans første konsert med bandet 2. september 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Covach, John Rudolph og Boone, Graeme MacDonald «Understanding Rock: Essays in Musical Analysis» New York: Oxford University Press, 1997. ISBN 0195100050

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]