The Man in Me
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Man in Me» er ein song av Bob Dylan på albumet New Morning frå 1970. Songen har ein lett, munter melodi og ein av få songar der Dylan har eit lengre «la la la» som ein del av teksten.
Songen vart nytta som ein del av filmmusikken til filmen til Coen-brørne The Big Lebowski frå 1998. Songen vert nytta under opninga av filmen. I 1975 vart songen spelt av det britiske reggaebandet Matumbi. Songen vart òg spelt av The Clash under innspelinga av London Calling.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Man in Me» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2010.