Rumours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rumours av Fleetwood Mac)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rumours
Studioalbum av Fleetwood Mac
Utgjeve 4. februar 1977
Innspelt 1976
Studio Criteria Studios, Miami; Record Plant Studios, Sausalito og Los Angeles; Zellerbach Auditorium, Berkeley; Wally Heider Studios, San Francisco; Davlen Recording Studio i North Hollywood
Sjanger Softrock[1]
Lengd 39:03
Selskap Warner Bros
Produsent Fleetwood Mac, Ken Caillat, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi
Fleetwood Mac
(1975)
Rumours Tusk
(1979)
Singlar frå Rumours
  1. «Go Your Own Way»
    Utgjeve: Januar 1977
  2. «Dreams»
    Utgjeve: 24. mars 1977
  3. «Don't Stop»
    Utgjeve: April 1977
  4. «You Make Loving Fun»
    Utgjeve: September 1977

Rumours er det 11. studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Store delar av albumet vart spelt inn i California i 1976, og det vart produsert av bandet i lag med Ken Caillat og Richard Dashut. Rumours kom ut 4. februar 1977 på Warner Bros. Records. Plata nådde toppen av både Billboard-lista i USA og UK Album Chart i Storbritannia. Songane «Go Your Own Way», «Dreams», «Don't Stop» og «You Make Loving Fun» vart gjevne ut som singlar. Rumours er det mest suksessrike albumet til Fleetwood Mac. Dei vann Grammy-prisen for årets album i 1978 og plata har seld over 40 millionar eksemplar verda over, noko som gjer det til eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene. Rumours har selt til diamantplate i fleire land, mellom anna i USA, Canada og Australia.

Bandet ønskte å byggje vidare på den kommersielle suksessen dei hadde fått i 1975 med plata Fleetwood Mac, men sleit med at fleire i bandet var i ferd med å gå frå kvarandre, alt før innspelinga starta. Innspelinga av Rumours var markert av hedonistisk oppførsel og krangling mellom bandmedlemmane, og dette var med på å forme tekstane på albumet. Med påverknad frå popmusikk, vert det nytta ein kombinasjon av akustiske og elektriske instrument på songane. Miksinga av albumet tok tid og utsette utgjevinga av albumet, men vart omsider gjort ferdig mot slutten av 1976. Då albumet kom ut i 1977 la bandet ut på ein verdsomfattande turné.

Rumours fekk mykje god kritikk. Kritikarane trekte særleg fram produksjonskvaliteten og harmoniane frå dei tre vokalistane i bandet. Plata inspirerte andre artistar innan forskjellige sjangrar. Det vert ofte trekt fram som den beste utgjevinga til Fleetwood Mac og har toppa mange lister over beste album frå 1970-åra og gjennom tidene. I 2004 vart Rumours mastra på ny og gjeve ut med ekstra bonusspor. Ein versjon på tre CD-plater kom ut i januar 2013. Desse utgåvene inneheld ekstra studioopptak og konsertopptak frå turneen i 1977.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I juli 1975 kom det tiande albumet til Fleetwood Mac ut til stor kommersiell suksess. Det nådde toppen av albumlista i USA i 1976. Den største singelen deira, «Rhiannon», vart spelt mykje på radio. På den tida bestod bandet av gitarist og vokalist Lindsey Buckingham, trommeslagar Mick Fleetwood, klaverspelar og vokalist Christine McVie, bassist John McVie og vokalist Stevie Nicks. Etter ein seks månader lang turne skild dei to McVie seg frå kvarandre, etter eit åtte år langt ekteskap.[3] Paret slutta å snakke med kvarandre sosialt, og diskuterte berre musikalske saker.[4] Buckingham og Nicks, som hadde kome inn i bandet før Fleetwood Mac kom ut i 1974, då gitaristen Bob Welch slutta,[5] hadde eit av-og-på-forhold som førte til at dei ofte krangla med kvarandre. Kranglina til duoen stoppa berre når dei arbeidde på songar i lag.[6] Fleetwood hadde òg problem heime, då han oppdaga at kona hans Jenny hadde eit forhold med ein av dei beste venene hans.[7]

Det gjekk mange rykte om bandet i pressa,[8] men trass i falske rapportar heldt bandet saman og hadde ikkje tid til å handsame dei personlege problema sine før dei sette i gang med innspelinga av det nye albumet.[4] Fleetwood har omtalt det «enorme kjenslemessige offeret» som alle måtte gjere for å gå i studio.[9] Tidleg i 1976 hadde Fleetwood Mac skrive nokre nye songar i Florida.[10] Dei opphavlege medlemmane, Fleetwood og John McVie valte å kvitte seg med den tidlegare produsenten sin, Keith Olsen, fordi han la mindre vekt på rytmeseksjonen. Duoen danna eit selskap dei kalla Seedy Management for å representere interessene til bandet.[11]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Rumours vart spelt inn i Record Plant i Sausolito.

I februar 1976 drog Fleetwood Mac til Record Plant i Sausalito i California, med lydteknikarane Ken Caillat og Richard Dashut. Bandet og dei to lydteknikarane delte på produsentrolla under innspelinga.[12] Dei sette opp utstyret i Sausalito i fleire små rom i ein stor bygning utan vindauge. Dei fleste bandmedlemmene mislikte studioet og ønskte å spele inn musikken heime hos seg sjølv, men Fleetwood tillet ikkje dette.[13] Christine McVie og Nicks valte å bu i to leilegheiter nær hamna i byen, medan mennene budde i ei hytte nær studioet.[14]

Arbeidstittelen på albumet medan dei var i Sausalito var Yesterday's Gone.[15] Buckingham tok leiinga i studioet for å lage eit «popalbum».[16] I følgje Dashut skal gitaristen ha forstått «kunsten å spele inn eit album», medan Fleetwood og McVie kom frå ein bakgrunn med improvisasjonsbasert bluesrock.[17]

Etter kvart som innspelinga skreid fram, byrja bandmedlemmane å innleie nye romantiske forhold som fekk ein negativ effekt på Fleetwood Mac.[18][19] Musikarane var ikkje saman etter dagen var over ved Record Plant. På den tida var hippierørsla framleis aktiv i Sausalito og narkotika var lett tilgjengeleg. Med dei enorme inntektene bandet hadde frå platesalet på denne tida kunne både bandet og lydteknikarane verte nytingssjuke;[13][20] og produksjonen av albumet vart prega av søvnlause netter og omfattande bruk av kokain.[9] Chris Stone, ein av eigarane av Record Plant, fortalte i 1997 at Fleetwood Mac tok over studioet i lange tider og hadde særs dyre innspelingar. «Bandet kom inn klokka 7  på kvelden, hadde eit stort måltid og festa fram til klokka 1-2 om natta, og då dei var så utmatta at dei ikkje kunne gjere noko anna, byrja dei å spele inn musikk».[21]

Nicks har sagt at Fleetwood Mac skapte best musikk når dei var i dårlegast form,[20] medan Buckingham sa at spaninga mellom bandmedlemmane førte til at «heilskapen vart meir enn summen av kvar del».[19] Musikken til paret vart «bittersøt» etter dei omsider gjekk frå kvarandre, men Buckingham klarte framleis å ta Nicks sine songar og «gjere dei vakre».[22] Vokalharmoniane mellom duoen og Christine McVie fungerte bra og vart fanga på lydband med dei beste mikrofonane som var tilgjengeleg.[12]

Etter to månader i Sausalito, arrangerte Fleetwood ein ti dagar lang turné slik at bandet fekk ein pause frå innspelinga og la fansen få kome med tilbakemelding på dei nye songane. Etter konsertane, fortsette innspelinga på forskjellige stader i Los Angeles,[11] mellom anna Wally Heider Studios. Christine McVie og Nicks var ikkje med på dei fleste av desse innspelingane, og dukka først opp i studio då dei trong å synge det som var att av vokal. Resten av Fleetwood Mac, med Caillat and Dashut, sleit med å bli ferdig med overdubbing og å mikse Rumours etter lydbanda frå Sausalito vart øydelagde av at dei vart brukt om att og om att under innspelingane. Ein utseld haustturné i USA vart avlyst for at dei skulle klare å få albumet ferdig,[3] og den første utgjevingsdatoen i september 1976 vart forskyvd.[23] Det vart henta inn ein spesialist for å fikse lydbanda frå Sausalito. Då den endelege masteringa var over og dei høyrte albumet frå byrjing til slutt, følte bandet at dei hadde laga noko som var «ganske så mektig».[24]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Nicks og Buckingham i 2003.

Hausten 1976, medan dei framleis var i studio, framførte Fleetwood Mac songar frå Rumours ved Universal Amphitheatre i Los Angeles.[3] John McVie foreslo tittelen på albumet for bandet, fordi han følte at medlemmane skreiv «dagbøker» om kvarandre gjennom musikken. Warner Bros. stadfesta utgjevinga til pressa i desember og valte «Go Your Own Way» som den første singelen frå albumet, i januar 1977.[25][26] Førehandssalet av albumet var på 800 000 , det største i historia til Warner Bros.[27]

Rumours kom ut 4. februar 1977 i USA og ei veke seinare i Storbritannia.[28][29] På omslaget ser ein Fleetwood og Nicks kledd opp som «Rhiannon», medan baksida var ein montasje av portretta til bandet, alle bileta tekne av Herbert Worthington. Den 28. februar 1977 la bandet ut på ein sju måander lang turné i Amerika.[28] Nicks har sagt at etter at dei hovudsakleg framførte songar frå Rumours på desse konsertane, fekk bandet først negativ mottaking frå fansen, som ikkje var kjent med dei nye songane..[30] Bandet hadde i perioden òg ein kort turné i Europa.[3][31] Nigel Williams frå Uncut kalla framføringa til Fleetwood Mac «rockens største såpeopera».[32] «Dreams» vart gjeven ut som singel i juni 1977 og vart den einaste songen deira som nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA.[33]

Kommersiell suksess[endre | endre wikiteksten]

Rumours vart ein enorm kommersiell suksess og vart det andre albumet til Fleetwood Mac som nådde toppen av albumlista i USA.[33] Det låg på toppen av Billboard 200 i totalt 31 veker,[15] og nådde toppen av salslistene i Australia, Canada,[31] og New Zealand.[34] I mai 2011 gjekk albumet på ny inn på Billboard 200 på ein 11. plass og ein 2. plass i Australia, då fleire av songane frå albumet vart nytta i ein episode av fjernsynsserien Glee.[35][36] Albumet selde til platinaplate i Amerika og Storbritannia berre månader etter det kom ut.[37][38] Alle dei tre store fagtidsskrifta i USA—Billboard, Cash Box og Record World—kåra albumet til årets album i 1977.[39] Albumet nådde toppen av UK Album Chart i anuar 1978, og vart det første albumet til Fleetwood Mac som nådde toppen i heimlandet.[29] I februar 1978 vann dei Grammy-prisen for årets album.[33] I mars 1978 hadde albumet alt seld over 10 millionar eksemplar overda over, mellom anna åtte millionar i USA aleine.[39]

I 1980 var det selt 13 million eksemplar av Rumours verda over,[40] og i 1987 nesten 20 millionar.[41] Då Fleetwood Mac la ut på gjenforeiningsturne i 1997 hadde albumet selt 25 millionar eksemplar verda over.[42] Talet steig til 30 millionar i 2004 og til 40 millionar i 2009.[43][44]

I musikkpressa[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[45]
BBC(særs positiv)[46]
The Gazette(positiv)[47]
Los Angeles Times(mixed)[48]
The New York Times(positiv)[49]
Rolling Stone(positiv)[50]
Slant5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[51]
St. Petersburg Times4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[52]
Uncut5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[53]
The Village Voice(A)[54]

Rumours har blitt hylla i musikkpressa sidan det kom ut. Robert Christgau, som skreiv for The Village Voice, ga albumet toppkarakter og skildra det som «meir konsisent og meir eksentrisk» enn føregjengarane. Ha la til at det «hoppar rett mot deg frå høgtalarane».[54] Rolling Stone og John Swenson skreiv at samspelet mellom dei tre vokalistane var det beste med heile albumet. Han skreiv «trass i endelause forseinkinga i å få albumet ferdig, syner Rumours at suksessen med Fleetwood Mac ikkje berre var eit blaff».[50] Robert Hilburn for Los Angeles Times var mindre positiv og skreiv at det var «frustrerande ujamt».[48]

I ei nyare melding skreiv AllMusic-redaktøren Stephen Thomas Erlewine om Rumours at det var «ein kjempesuksess utan sidestykke»på grunn av den musikalske kvaliteten. «Kvar melodi, kvar frase vinn attende den rå, umiddelbare kjenslemssige krafta og dette er årsaka til at Rumours traff ei nerve då det kom ut i 1977, og sidan har overgått si tid og blitt eit av dei største, mest uimotståeleg popalbuma gjennom tidene.»[45]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mick Fleetwood kalla Rumours «det viktigaste albumet me laga», fordi suksessen gjorde at gruppa kunne halde det gåande i åra som kom.[55] Popkultur-journalisten Chuck Klosterman knyt dei høge salstala til «verkeleg bra songar, men ingen av songane i seg sjølv rettferdiggjer denne statusen til albumet».[56] The Guardian fekk kjende kritikarar, musikarar og radiofolk til å lage ei lsita over dei 100 beste albuma gjennom tidene, der albumet hamna på 78. plassen.[57] I 1998 kom Legacy: A Tribute to Fleetwood Mac's Rumours, produsert av Fleetwood, ut. Plata inneheld alle songane på albumet spelt av forskjellige artistar som var inspirert albumet. Blant musikarane som deltok var Tonic, Matchbox 20, Goo Goo Dolls, The Corrs, The Cranberries, Elton John, Duncan Sheik og Jewel. Andre artistar som var inspirert av Rumours har vore Tori Amos,[58] Saliva,[59] og Death Cab for Cutie.[60]

I 1998 sette magasinet Q Rumours på 3. plassen bak The Clash sitt London Calling og Pink Floyd sitt The Dark Side of the Moon på ei liste over dei 50 beste albuma frå 1970-åra.[61] I 1999 hadde Vibe albumet med på si liste over 100 essensielle album frå 1900-talet.[62] I 2003 rangerte VH1 albumet på 16. plassen på lista si over dei 100 beste albuma gjennom tidene,[56] medan Slant hadde med albumet på lista si over 50 essensielle popalbum.[63] Same året plasserte USA Today Rumours på 23. plassen på si liste over dei 40 beste albuma gjennom tidene,[64] medan Rolling Stone rangerte det på 25. plassen på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene..[65] I 2006 hadde Time albumet med på si liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene,[66] medan Mojo hadde albumet med på ei liste over dei 70 beste albuma frå 1970-åra.[67] Plata er med i både The Guardian-lista «1000 Album to Hear Before You Die» og i boka 1001 Album You Must Hear Before You Die.[68][69]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Second Hand News»  Lindsey Buckingham 2:44
2. «Dreams»  Stevie Nicks 4:14
3. «Never Going Back Again»  Lindsey Buckingham 2:15
4. «Don't Stop»  Christine McVie 3:12
5. «Go Your Own Way»  Lindsey Buckingham 3:38
6. «Songbird»  Christine McVie 3:21
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «The Chain»  Lindsey Buckingham, Mick Fleetwood, Christine McVie, John McVie, Stevie Nicks 4:16
8. «You Make Loving Fun»  Christine McVie 3:31
9. «I Don't Want to Know»  Stevie Nicks 3:15
10. «Oh Daddy»  Christine McVie 3:58
11. «Gold Dust Woman»  Stevie Nicks 5:02
Kassett

Den originale kassettutgåva hadde ei anna rekkefølgje, der «Second Hand News» og «I Don't Want to Know» var byta om.

Silver Springs

«Silver Springs» (4:48) er ein song av Nicks, som vart spelt inn under innspelinga av Rumours og meint for den endelege utgjevinga. Han vart til slutt flytta til B-side på «Go Your Own Way», men har vore med på seinare utgåver av albumet.

2001-utgåva

DVD-Audio-utgåva av Rumours som kom i 2001 har med «Silver Springs» (spor 6, med «Songbird» flytta til spor 12), og eit kort lydintervju med medlemmane som diskuterer kvar enkelt song.

2004-utgåva

Warner Bros. gav ut ein remastra versjon i 2004 med «Silver Springs» mellom «Songbird» og «The Chain».

2013-utgåva

Den triple 2013-utgåva hadde den originale songrekkefølgja på albumet, og flytta i staden «Silver Springs» til slutt på albumet. Den andre plata inneheld konsertopptak, spelte inn under turneen i 1977, med åtte songar frå dette albumet og tre frå det førre, Fleetwood Mac. Den tredje plata inneheld demoversjonar, tidlege versjonar og instrumentale versjonar av songane frå albumet, men eit anna utval enn dei som er med på 2004-utgåva. Ei luksusutgåve, som òg finst på 2004-utgåva, inneheld ein DVD-dokumentar, The Rosebud Film, frå 1977 og det originale albumet på ei 12" vinylplate.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac

produksjon

Plateomslag

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977–78) Plassering
Australian Kent Music Report[31] 1
Austerrike[70] 25
Canadian RPM Album Chart[71] 1
Nederland[72] 1
Frankrike[73] 13
Japan[74] 33
New Zealand[34] 1
Noreg[75] 17
Sør-Afrika[39] 1
Sverige[76] 19
UK Album Chart[29] 1
US Billboard 200[33] 1
US Billboard Catalog Album[33] 1
Vest-Tyskland[77] 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lachno, James (27 January 2013). «Fleetwood Mac’s Rumours: Why the under-30s still love it». The Daily Telegraph (London). Henta 27. juli 2015. 
  2. «Fleetwood Mac Pack Live Favorites Into 'Rumours' Reissue – Album Premiere». Rolling Stone. 25 January 2013. Henta 13 March 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Crowe, Cameron (24 March 1977). «The True Life Confessions of Fleetwood Mac». Rolling Stone (235). 
  4. 4,0 4,1 Classic Album, c. 09:15–11:50
  5. Classic Album, c. 01:25–02:35
  6. Classic Album, c. 05:20–05:30
  7. Classic Album, c. 22:20–23:45
  8. Brunning, s. 108
  9. 9,0 9,1 Rooksby, s. 59
  10. Brackett, s. 118
  11. 11,0 11,1 Brunning, s. 111
  12. 12,0 12,1 Buskin, Richard (August 2007). «Classic Tracks: Fleetwood Mac 'Go Your Own Way'». Sound on Sound. Henta 27. juli 2015. 
  13. 13,0 13,1 Classic Album, c. 11:50–12:30
  14. Classic Album, c. 31:30–32:55
  15. 15,0 15,1 Rooksby, s. 60
  16. Classic Album, c. 20:10–21:05
  17. Classic Album, c. 04:40–05:00
  18. Classic Album, c. 07:45–08:55
  19. 19,0 19,1 Classic Album, c. 12:45–13:40
  20. 20,0 20,1 Classic Album, c. 32:55–34:45
  21. Verna, Paul (8 November 1997). «Bay Area's Plant Marks 25 Years». Billboard. s. 45. 
  22. Classic Album, c. 16:00–17:15
  23. Brunning, s. 110
  24. Classic Album, c. 50:30–51:50
  25. Hunt, Dennis (19 desember 1976). «Melanie—Just Trying to Change Her Image». Los Angeles Times. s. V97. 
  26. «Billboard's Top Single Picks: Pop». Billboard. 8 January 1977. s. 56. 
  27. Brackett, s. 125
  28. 28,0 28,1 Rees, Dafydd; Crampton, Luke (1991). Rock Movers & Shakers. Billboard Books. s. 192. ISBN 0-8230-7609-1. 
  29. 29,0 29,1 29,2 «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 27. juli 2015. 
  30. Flick, Larry (17 February 2001). «Reprise's Nicks Returns With Crow in Tow». Billboard. s. 1, 13. 
  31. 31,0 31,1 31,2 «3 Times 2 For Warner's». Billboard. 30 April 1977. s. 95. 
  32. Brackett, s. 123
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 «Fleetwood Mac: Charts & Awards». AllMusic. Henta 27. juli 2015. 
  34. 34,0 34,1 «charts.org.nz Fleetwood Mac – Rumours» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 27. juli 2015. 
  35. Caulfield, Keith (14 May 2011). «"Rumours» Has It». Billboard: 35. 
  36. Allen, Floyd (24 May 2011). «Fleetwood Mac's Rumours surprise comeback tops ARIA charts». International Business Times. 
  37. «RIAA: Gold & Platina». Recording Industry Association of America. Henta 27. juli 2015.  Note: User search required.
  38. «Certified Awards Search». British Phonographic Industry. Henta 23 April 2012.  Note: User search required.
  39. 39,0 39,1 39,2 Warner Bros. Records (25 February 1978). «Rumours [Data]». Billboard. s. SW-15. 
  40. Rourke, Mary (16 March 1980). «Despite Rumors of a Split, Fleetwood Mac Is Rockin' High». The Ledger. s. 6F. 
  41. Pareles, Jon (7 May 1987). «Fleetwood Mac: Tango In The Night». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16 March 2008. Henta 27. juli 2015. 
  42. Fabrikant, Geraldine (30 November 1997). «Talking Money With Mick Fleetwood; There's No Stopping Tomorrow». The New York Times. Henta 27. juli 2015. 
  43. «A Fleetwood Mac Classic Gets Split Up». Austin American-Statesman. 1 April 2004. s. 8E. 
  44. Thrills, Adrian (16 October 2009). «On the eve of Fleetwood Mac's reunion, Stevie Nicks tells how their wild past still inspires them». Daily Mail. Henta 27. juli 2015. 
  45. 45,0 45,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Rumours: Fleetwood Mac». Allmusic. Henta 28 December 2009. 
  46. Easlea, Daryl (14 December 2007). «Fleetwood Mac: Rumours – Review». BBC. Henta 28 December 2009. 
  47. Rodriguez, Juan (19 March 1977). «Spin Off: The perils of success». The Gazette. s. 41. 
  48. 48,0 48,1 Hilburn, Robert (27 March 1977). «Petty & the Heartbreakers Merit a Second Hearing». Los Angeles Times. s. W74. 
  49. Rockwell, John (4 February 1977). «Pop Life; New Fleetwood Mac Album, Leo Sayer Makes It on His Own». The New York Times. s. 53. 
  50. 50,0 50,1 Swenson, John (21 April 1977). «Fleetwood Mac: Rumours». Rolling Stone. Henta 28 December 2009. 
  51. Walsh, Barry (19 April 2004). «Fleetwood Mac: Rumours». Slant. Henta 28 December 2009. 
  52. Marsh, Dave (16 March 1977). «Fleetwood Mac gloss just hides more gloss». St. Petersburg Times. s. 3D. 
  53. «Fleetwood Mac: Rumours». Uncut. April 2004. s. 112. 
  54. 54,0 54,1 Christgau, Robert. «Fleetwood Mac: Consumer Guide Reviews». The Village Voice. Henta 28 December 2009. 
  55. Classic Album, c. 56:05–56:25
  56. 56,0 56,1 Klosterman, Chuck (2004). Weisbard, Eric, red. This Is Pop: In Search of the Elusive at Experience Music Project [The Carly Simon Principle: Sincerity and Pop Greatness]. Harvard University Press. s. 261–262. ISBN 0-674-01321-2. 
  57. «100 Best Album Ever». The Guardian. 19 September 1997. Features insert. 
  58. Brown, Mark (4 desember 2002). «America at Her Gait». Rocky Mountain News. s. 7E. 
  59. Keyes, Bob (30 January 2003). «To Drool For». Portland Press Herald. s. 3D. 
  60. Brown, Mark (7 October 2005). «Death Cab Hails Wide Range of Musical Fare As Influences». Rocky Mountain News. s. 9E. 
  61. «50 Best Album of the '70s». Q. April 1998. pull-out section. 
  62. «100 Essential Album of the 20th Century». Vibe. desember 1999. s. 162. 
  63. «Vitalpop!». Slant. 2003. Henta 27. juli 2015. 
  64. Gundersen, Edna (5 desember 2003). «Top 40 albums—the USA Today way». USA Today. Henta 27. juli 2015. 
  65. «The 500 Greatest Album of All Time». Rolling Stone. 12 November 2003. s. 104. 
  66. Tyrangiel, Josh (13 November 2006). «The All-TIME 100 Album». Time. Henta 27. juli 2015. 
  67. «70 from the 1970-åra: Decade's Greatest Album». Mojo. June 2006. pull-out section. 
  68. «Artists beginning with F (1000 Album to Hear Before You Die)». The Guardian. 19 November 2007. Henta 27. juli 2015. 
  69. Dimery, Richard, red. (2008). 1001 Album You Must Hear Before You Die. Cassell Illustrated. ISBN 1-84403-624-3. 
  70. «austriancharts.at Fleetwood Mac – Rumours» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 27. juli 2015. 
  71. «Top Album/CDs - Volume 32, No. 12» (PHP). RPM. 15 desember 1979. Henta 31 January 2014. 
  72. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – Rumours» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 27. juli 2015. 
  73. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på French). infodisc.fr. Henta 27. juli 2015. 
  74. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  75. «norwegiancharts.com Fleetwood Mac – Rumours» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 27. juli 2015. 
  76. «swedishcharts.com Fleetwood Mac – Rumours» (ASP) (på Swedish). Henta 27. juli 2015. 
  77. «Album Search: Fleetwood Mac – Rumours» (på tysk). Media Control. Henta 27. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]