Don't Stop Me Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Stop Me Now
Singel av Queen
frå albumet Jazz
B-side
  • «In Only Seven Days"
  • «More of That Jazz» (Japan, USA, Canada and Australia)
Utgjeve 5. januar 1979
Innspelt August 1978 at Super Bear Studios (Berre-les-Alpes, France)
Sjanger
Lengd
  • 3:29 (Album og singel)
  • 4:57 (Extended version)
Selskap
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent
Queen-kronologi
«Bicycle Race» /

«Fat Bottomed Girls»
(1978)

Don't Stop Me Now «Mustapha»
(1979)


«Don't Stop Me Now» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1978 på albumet Jazz. I 1979 vart songen gjeven ut på singel. Songen var skriven av Freddie Mercury og vart spelt inn i august 1978 i Super Bear Studios i Berre-les-Alpes (Alpes-Maritimes) i Frankrike.[1]

Musikalsk byggjer songen på pianospelinga til Mercury, medan John Deacon og Roger Taylor spelar bassgitar og trommer. Songen er eit døme på kjennemerket til Queen med harmonivokal i mange lag i refrenget.[2]

I studioversjonen spelar Brian May berre gitar i gitarsoloen, men på konsertane spelte May òg rytmegitar på resten av songen for å gje større rockekjensle. Eit konsertopptak av ein slik versjon finst på albumet Live Killers frå 1979.[3] Songen finst òg på samlealbumet Greatest Hits. I juni 2011 vart det gjeve ut ein versjon av songen på albumet med meir gitar.[4][5]

I følgje ein studie gjort av ein kognitiv nevroforskar, så var «Don't Stop Me Now» den songen som gav høgast «feel good»-kjensle gjennom tidene.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Singelen nådde niandeplassen i Storbritannia, men berre 86. plassen i USA. Han vart då han kom ut sett på som ein av dei mindre viktige songane til Queen, og vart berre spelt på konsertar i 1979, og siste gongen under Crazy-turneen.[7] Trass i dette har songen vokse i status sidan den gong og har i dag blitt ein av dei mest populære songane til Queen.[8][9][10] Singelen har seld til gull i Storbritannia.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen for songen var regissert av J. Kliebenstein og filma i Forest National i Brussel i Belgia den 26. januar 1979.[11]

Singel[endre | endre wikiteksten]

På den japanske, nordamerikanske og australske utgåva var «More Of That Jazz» B-sida til songen.

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • I musikalen We Will Rock You er songen nytta i ein scene der Killer Queen byrjar å feire for tidleg då ein trur at Galileo og Scaramouche har blitt fanga.
  • I 2005 vart songen kåra til den beste køyresongen av sjåarane til BBC-programmet Top Gear.[12]
  • Songen vart nytta i ein scene i filmen Shaun of the Dead, der hovudrollene vert angripen av ein zombie.[13][14]
  • Songen finst som nedlastbar song for Rock Band-serien.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé
Italia (FIMI)[15] Gull
Storbritannia (BPI)[16] Gull
USA (RIAA)[17] Gull

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

  • Storbritannia - 9. plass
  • Irland - 10. plass
  • Nederland - 14. plass
  • Tyskland - 35. plass
  • Sverige - 37. plass
  • USA - 86. plass
  • Australia (2008) - 8. plass5[24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jazz - Don't Stop Me Now Ultimate Queen. Henta 2. juli 2011
  2. Donald A. Guarisco, «Don't Stop Me Now». Allmusic. Henta 10. juni 2016
  3. Live Killers Allmusic. Henta 10. juni 2016
  4. Queen Greatest Hits, Vols. 1 & 2 Allmusic. Henta 10. juni 2016
  5. Jazz (Remastered) Queen iTunes. Henta 10. juni 2016
  6. http://www.huffingtonpost.co.uk/2015/09/23/science-unveils-queen-dont-stop-me-now-as-the-most-feel-good-song-of-all-time_n_8181940.html
  7. Queen live on tour: Crazy tour Queen Concerts. Henta 2. juli 2011
  8. Official: Top 25 karaoke songs The Telegraph. Henta 28. mai 2011
  9. Queen interview: Brian May on Don't Stop Me Now Absolute Radio. Henta 21. desember 2011
  10. Don't Stop Me Now Tops HMV Lyric Poll Queen Online. Henta 21. desember 2011
  11. Queen Promo Videos
  12. Queen win Top Gears Best Driving Song ever poll Queen Zone. Henta 28. mai 2011
  13. Delingpole, James (30. mars 2004), «Masters of the comic horror», The Daily Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/culture/film/3614621/Masters-of-the-comic-horror.html, henta 30. juni 2016 
  14. Knapp, Alex (13. januar 2012), «The Geek Playlist: Fight Songs!», Forbes, http://www.forbes.com/sites/alexknapp/2012/01/13/the-geek-playlist-fight-songs/, henta 30. juni 2016 
  15. «Italian single salstrofé – Don't Stop Me Now» (på Italian). Federation of the Italian Music Industry. http://www.fimi.it/archivio_certificazioni.php.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Click Avvia la ricerca
  16. «British single salstrofé – Don't Stop Me Now». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter Don't Stop Me Now in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  17. «American single salstrofé – Don't Stop Me Now». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Don%27t+Stop+Me+Now%22. Henta 8. april 2014.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  18. Unstoppable McFly top music chart BBC News. Henta 28. mai 2011
  19. Don't Stop Me Now Royal Philharmonic Orchestra
  20. Katy Perry - Don't stop me now, seattle showbox YouTube
  21. Katy Perry - Don't stop me now, seattle showbox Unibet Love The Game TVC 30 Sec Swe YouTube
  22. Weird Al Yankovic releases a Queen-influenced song Queen Zone. Henta 6. september 2011
  23. «‘Dont Stop Me Now’ ft Darren Criss from Glee 4.13 ‘Diva’". DarrenCriss.com.
  24. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: månenlight Publishing. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]