God artikkel

Grenlandsmålet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grenlandsmål)
Gå til: navigering, søk
Grenland er her definert som kommunane Bamble (1), Porsgrunn (11), Skien (15) og Siljan (14)
Det sentrale grenlandsområdet.
Eit døme på ein person som snakkar grenlandsmål: Språkforskaren Rolf Theil, fotografert på Kheopspyramiden 5. mars 2010.

Grenlandsmålet er det tradisjonelle norske talemålet i det litt upresist definerte området Grenland. Tradisjonelt norsk talemål skal her forståast som talemål med røter i norrønt, i motsetnad til talemål med røter i bokmål/riksmål/dansk. Grenland skal her forståast i trongaste tyding, som kommunane Bamble, Porsgrunn, Skien og Siljan. Grenlandsmålet blir oftast rekna som ei undergruppe av dei vikværske dialektane, som er søraustlandske. Grenlandsmålet står likevel på grensa mellom austnorske og vestnorske dialektar.

Grenlandsmålet i høve til vikværsk og andre norske dialektar[endre | endre wikiteksten]

Dei fire hovudgruppene av norske dialektar. Grenlandsmålet ligg på lengst sørvest i austnorsk, på grensa mot vestnorsk. ██ Nordnorsk██ Trøndersk ██ Vestnorsk ██ Austnorsk

Dei fleste variantante av grenlandsmålet skil seg frå andre vikværske dialektar – unnateke målet i Larvik og Søre Østfold – ved å mangle kløyvd infinitiv. Det heiter med andre ord både ²kaste 'kaste' og ²kome 'kome', mot ²kaste 'kaste' og ²koma 'kome' i dei fleste andre vikværske dialektane. Dette tilhøvet gjer at Sandøy 1987 reknar grenlandsmålet til sørlege e-mål, ei undergruppe av vestnorsk. Frå gamalt har likevel skiljet mellom dialektar med og utan kløyvd infinitiv gått tvers gjennom Grenland. Dalene 1947 fortel at bygdedialektane mellom Porsgrunn og Skien hadde kløyvd infinitiv på slutten av 1800-talet. Midt på 1900-talet måtte ein to-tre kilometer nordanfor Skien sentrum for å finne kløyvd infinitiv. Sidan det i dag heiter både ²kaste 'kaste' og ²kome 'kome' over alt, har grenlandsmålet på dette punktet nettopp nærma seg dei sørlege e-måla.

I dag står grenlandsmålet på «trygg» søraustlandsk grunn når det gjeld bruken av såkalla «tjukk l», det vil seie ɽ (retrofleks eller apikal flapp), men også på dette punktet har grensa tidlegare gått gjennom Grenland. Bymålet i både Brevik og Langesund mangla tidlegare «tjukk l», slik bymålet i Kragerø framleis gjer. På dette punktet har grenlandsmålet blitt meir austlandsk. Frå ein språkhaldningssynsstad er det verdt å leggje merke til at det var mangelen på «tjukk l» som blei sett på som «rart» og avstikkande. Folk frå Porsgrunn gjorde narr av breviksfolk som sa ¹ɡolv 'golv' i staden for ¹goɽv.

Grenlandsmålet har fleire vestnorske drag, til dømes at framandord ikkje har konsekvent aksent på fyrste stavinga, som i tradisjonelt austnorsk. På grenlandsk, som vidare vestover, heiter det mʉ¹sik 'musikk' og diːa¹lekt 'dialekt', mens det i Vestfold og elles på Austlandet tradisjonelt heiter ²mʉsik 'musikk' og ²diːaˌlekt 'dialekt'.

Språkleg variasjon i Grenland[endre | endre wikiteksten]

Som i andre delar av den industrialiserte verda varierer talespråket i Grenland både sosialt og geografisk. I tillegg endrar dialekten seg gjennom tid, som alle andre språk eller dialektar. Dette omtalar vi som historisk variasjon.

Sosial variasjon[endre | endre wikiteksten]

Den sosiale variasjonen i talespråket i Grenland er av same type som elles på Søraustlandet. Med andre ord står det tradisjonelle grenlandsmålet sterkast mellom småbønder og i arbeidarklassen, medan det i middelklassen og overklassen er vanleg å snakke bokmål/riksmål med ulike gradar av grenlandske innslag i fonologien.

Geografisk variasjon[endre | endre wikiteksten]

Grenlandsmålet varierer i overraskande liten grad i bystroka frå Skien via Porsgrunn, Brevik og Stathelle til Langesund, og det er vanskeleg eller umogeleg å «heimfeste» folk innanfor dette området på grunnlag av talemålet deira. Dette sentrale bymålet breier seg til heile Grenland, også til område som inntil for få tiår sidan hadde eit meir konservativt grenlandsmål, som geografisk «perifere» delar av dei gamle kommunane Eidanger, Gjerpen, Solum og Siljan.

Historisk variasjon[endre | endre wikiteksten]

Grenlandsmålet – som andre språk – endrar seg gjennom tid, og det er klåre generasjonsskilnader. Her skal vi berre nemne nokre døme.

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

Hovudtendensen i utviklinga av ordtilfanget er at det blir stadig meir påverka av bokmålet. Tidlegare hadde det mykje fleire sams drag med nynorsken enn i dag. Reynolds 1952 oppgjev mange ord som ein i dag sjeldan høyrer i Grenland. Her er nokre døme; fyrst står formene hos Reynolds (1952), deretter dei formene som er dominerande i dag:

  • ¹bork m → ¹bark m 'bork'
  • ¹bʉː v → ¹buː v 'bu'
  • ²helsiŋ f → ²hilsen m 'helsing'
  • ²læʉe v → ²baːde v 'lauge, bade'
  • ²okɽe f → ²aŋkel m 'okle'

Bøyingsmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Fram til mellomkrigstida hadde grenlandsmålet fleire klassar av sterke verb der perfektum partisipp hadde ein annan stammevokal enn infinitiv og presens. Eit slikt system kunne enno høyrast i utkantane mellom folk som var fødde sist på 1940-talet. I dag er dette truleg heilt borte. Her er nokre døme, med gamle og nye former føre og etter pila (→):

  • ²fine – ¹finer – ¹fant – ²funi → ²fini 'finne'
  • ²dete – ¹deter – ¹dat – ²duti → ²deti 'dette'
  • ²bæːre – ¹bæːrer – ¹baːr → ²bæːʈe – ²buːri → ¹bæːʈ 'bere'

Går vi attende til slutten av 1800-talet, fanst det endå fleire døme:

  • ¹draː – ¹draːr – ¹druː – ²driːi → ²draːet → ¹drad/¹drat 'dra'
  • ¹stoː – ¹stoːr – ¹stuː – ²stiːi → ²stoːet → ¹stot 'stå'

Formene ²draːet 'drege, dratt' og ²stoːet 'stade, stått' var i bruk ein kort periode tidleg på 1900-talet, fortel Dalene (1947).

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Lydendringa frå eldre sj til yngre ʃ var ikkje avslutta før kring 2. verdskrigen. Folk som blel fødde i mellomkrigstida, seier ʃj, td ¹ʃjøː m 'sjø'. Gruppa ʃj overlevde mykje lenger i einstaka ord, som pa¹ʃjeːnt m 'pasient'.

Litteratur om grenlandsmålet[endre | endre wikiteksten]

Den mest omfattande skildringa av grenlandsmålet under eitt er Dalene 1947. Også Endresen 1976 og Roksund 2002 er meinte å dekkje heile området. Ein del generelt om grenlandsmålet finst òg i Theil 2005. Tilhøvet mellom grenlandsmålet og vikværsk generelt er skildra i Endresen 1990. Bjellås 2001 er ei sosiolingvistisk undersøking av grenlandsmålet. I tillegg finst det skildringar av ulike variantar av grenlandsmålet:

Historiske merknader[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Historia til grenlandsmålet.

Språkendringane som er omtala nedanfor, er eksemplifiserte i artikkelen Historia til grenlandsmålet.

Mange særskjenne ved grenlandsmålet kjem fram når ein ser korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u har utvikla seg:

  • Norrøn i og u har falle saman i e.
  • Norrøn a har blitt til e, æ og a:
    • e når norrøn a stod i slutten av eit ord.
    • æ føre ståande r
    • a når norrøn a hadde ein konsonant etter seg.

Konsonantbortfallet i trykkveike stavingar er òg regelrett:

  • Norrøn t og ð har falle bort i trykkveik staving.
  • Norrøn n har falle bort i trykkveik staving, men har nasalert føregåande vokal, som seinare har blitt til a.

Merk at dei doble konsonantane tt og nn ikkje fell, men blir til t og n.

Etter vokal representerte norrøn f, ð og g dei stemde frikativane [v], [ð] og [ɣ]. I grenlandsmålet har desse tre konsonantane utvikla seg slik:

  • [v] har falle bort mellom norrøn ú og ein annan vokal og etter norrøn au, men har elles blitt ståande som v.
  • [ð] har alltid falle bort, truleg bortsett frå fremst i enklitiske pronomen, der han har blitt til r.
  • [ɣ] har blitt borte eller til sisteleden i diftongane æʉ, æi og øy.

Når dei stemde frikativane var fylgde av ein nasal, har dei utvikla seg på eit anna vis:

  • Norrøn fn [vn] > grenlandsk mn.
  • Norrøn gn [ɣn] > grenlandsk ŋn.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Fonologien til grenlandsmålet.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Grenlandsmålet har – som dei fleste variantane av norsk – 9 kort og 9 lange monoftongar og 7 diftongar. Det er eit særkjenne ved grenlandsmålet at det er klåre kvalitetsskilnader mellom dei fleste korte og lange vokalane. Klårast er dette ved dei trong-midtre vokalane /e eː/, /ø øː/ og /o oː/ og dei opne vokalane /a aː/. Dette inneber at dei lange vokalane /eː/, /øː/, /oː/ og /aː/ ikkje fell i hop med dei tilsvarande korte når dei blir forkorta i trykksvak stilling. Dei seks diftongane blir /æi øy æʉ ai oy ʉi ui/. Diftongane har ein del fellestrekk, t.d. er alle stigande, bortsett frå dei to siste, som er avvikande ved å ha to tronge vokalar. Diftongen /æʉ/ blir uttala [æʉ] eller [æʋ].

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Grenlandsmålet har eit typisk søraustlandsk konsonantsystem med 22 fonem. Bymåla i Brevik og Langesund mangla tidlegare (inntil fyrste helvta av 1900-talet) fonemet ɽ, og ein nytta l eller i staden, til dømes ²nyːˌmaːla ²golver 'nymåla golv (pl.)', mot ²nyːˌmaːɽa ²goɽver andre stader. Bymålet i Kragerø manglar framleis ɽ, i motsetnad til dei tilgrensande bygdemåla.

Trykk, aksent og tonem[endre | endre wikiteksten]

Trykk, aksent og tonem i grenlandske ord har desse relasjonane til kvarandre:

Som nemnt i innleiinga, har grenlandsmålet fleire vestnorske drag, til dømes at framandord ikkje har konsekvent aksent på fyrste stavinga, som i tradisjonelt austnorsk. På grenlandsk, som vidare vestover, heiter det mʉ¹sik 'musikk' og diːa¹lekt 'dialekt', mens det i Vestfold og elles på Austlandet tradisjonelt heiter ²mʉsik 'musikk' og ²diːaˌlekt 'dialekt'. Dette tyder likevel ikkje at aksenten alltid ligg på same staden som i såkalla "standarduttale" av nynorsk og bokmål. Det finst mellom anna ord som ¹kɽuːak 'kloakk', pu¹daːɡra 'podagra' og mu¹tuːr 'motor', som i "standarduttale" heiter kluː¹ak 'kloakk', ¹puːdaɡra 'podagra' og ¹mu(ː)tur 'motor'. Hos eldre folk kan ein òg høyre uttalemåtar som puli¹tiker 'politikar', der "standarduttalen" er pu¹liːtikar (nynorsk) / pu¹liːtiker (bokmål).

Bøyingsmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Substantivbøying i grenlandsmålet.

Substantiva blir bøygde etter fleire ulike mønster, og genuset avgjer kva mønster som er vanlegast.

Hankjønn[endre | endre wikiteksten]

Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, M1, M2 og M3; M1 er det mest produktive:

  • M1: ¹boːt – ¹boːten – ²boːtær – ²boːtane 'båt'
  • M2: ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest'
  • M3: ¹fuːt – ¹fuːten – ¹føtær – ¹føtane 'fot'

Hokjønn[endre | endre wikiteksten]

Substantiv i genuset hokjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, F1, F2 og F3; F1 er det mest produktive:

  • F1: ¹skoːɽ – ¹skoːɽa – ²skoːɽer – ²skoːɽene 'skål'
  • F2: ¹ræim – ¹ræima – ²ræimær – ²ræimane 'reim'
  • F3: ¹tan – ¹tana – ¹tenær – ¹tenane 'tann'

Inkjekjønn[endre | endre wikiteksten]

Substantiv i genuset inkjekjønn blir bøygde etter to hovudmønster, N1, N2; N1 er det mest produktive ved sterke substantiv og N2 det mest produktive ved linne substantiv:

  • N1: ¹fjel – ¹fjele – ¹fjel – ¹fjela 'fjell'
  • N2: ²epɽe – ²epɽe – ²epɽer – ²epɽene 'eple'

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Adjektivbøying i grenlandsmålet.

Her vil berre gradbøying bli nemnd, og det er to hovudmønster, A1 og A2, der berre det fyrste er produktivt:

  • A1: ¹bræi – ²bræiære – ²bræiast 'brei'
  • A2: ¹uŋ – ¹yŋre – ¹yŋst 'ung'

Personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Pronomen i grenlandsmålet.

  • Som andre søraustlandske dialektar har grenlandsmålet nominativformer i 1sg. som tek til med j: ¹jæi ~ ¹jæː 'eg'.
  • I 1pl. tek både nominativ- og oblikforma til med v: ¹viː - ¹voʃ 'vi - oss'.
  • I 2pl. er nominativ- og oblikformene ulike hos eldre talarar: ¹diː 'de' - ²deːre 'dykk', men dette systemet er på veg ut, og dei fleste nyttar berre ²deːre 'de, dykk'.
  • I 3sg. og 3pl. finst eit komplisert system, mellom anna med eit viktig skilje mellom uavhengige og enklitiske former, som er skildra i artikkelen Pronomen i grenlandsmålet.
  • Trykksterke og trykkveike former er ofte svært ulike, som i 1sg. oblik ¹mæi - ma 'meg' og 2sg. oblik ¹dæi - da 'deg'. Dei trykkveike formene med a (ma, da og sa) finst truleg berre i grenlandsmålet; andre søraustlandske dialektar har former med æ (, og ).

Verb[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Verbbøying i grenlandsmålet.

Verba i grenlandsmålet kan delast i linne verb og sterke verb. Linne verb endar på ei trykkveik staving i preteritum, sterke verb endar på ei trykksterk staving i preteritum.

Linne verb[endre | endre wikiteksten]

Dei linne verba blir bøygde etter tre hovudmønster, LV1, LV2 og LV3, der LV1 er mest produktiv og LV3 minst produktiv. Fire bøyingsformer blir oppgjevne: infinitiv, presens indikativ, preteritum indikativ og perfektum partisipp:

  • LV1: ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'
  • LV2: ²byge – ²byger – ²bygde – ¹bygd 'byggje'
  • LV3: ²kreːve – ¹kreːver – ²krevde – ¹krevd 'krevje'

Sterke verb[endre | endre wikiteksten]

Dei sterke verba kan delast inn i fire grupper, SV1, SV2, SV3 og SV4. Dei tre fyrste er til ein viss grad produktive, medan SV4 er ei restgruppe med mange undergrupper.

  • SV1: ¹skriːve – ¹skriːver – ¹skræiv – ²skriːvi 'skrive'
  • SV2: ²ʃyːte – ¹ʃyːter – ¹ʃøyt – ²ʃyːti 'skyte'
  • SV3: ²stike – ¹stiker – ¹stak – ²stiki 'stikke'
  • SV4: ²soːve – ¹soːver – ¹soːv – ²soːvi 'sove'

Sandhi[endre | endre wikiteksten]

For å få eit heilskapleg inntrykk av grenlandsmålet er det viktig å ha med ei skildring av sandhifenomena – dvs lydvekslingar over ordgrenser (ekstern sandhi) og over morfemgrenser innanfor eit ord (intern sandhi). Nedanfor legg vi hovudvekta på ekstern sandhi, og særleg slikt som varierer mykje mellom ulike dialektar.

Generell sandhi[endre | endre wikiteksten]

Med generell sandhi meiner vi fullt "produktiv" og unnatakslaus sandhi. I nokre lingvistiske tradisjonar kunne det kallast automatisk sandhi.

E-bortfall[endre | endre wikiteksten]

Trykkveik e i slutten av eit ord fell bort når neste ord tek til med vokal:

  • [e, trykklaus] → Ø / __ # V

Her er eit døme, som viser e-bortfall føre 'å, og' og klitikonet a 'ho'; føre pila er orda sette opp i "pauseformer", dvs i den uttalen dei har når dei blir uttala føre pause eller i isolasjon:

  • dʉː moː ²prøːve oː ²finne=adʉː moː ²prøːv oː ²finn=a 'du må prøve å finne ho'

R-bortfall[endre | endre wikiteksten]

R fell bort i slutten av ord når neste ord tek til med ein ikkje-koronal konsonant:

  • r → Ø / __ # [C, ikkje-koronal]

Her er eit døme:

  • ²iŋer ²jobær ¹væːr ¹hæɽj²iŋe ²jobæ ¹væː ¹hæɽj 'Inger jobbar kvar helg'

Apikal-assimilasjon[endre | endre wikiteksten]

Dersom eit ord endar på r eller ɽ og det neste tek til med ein koronal konsonant, fell r og ɽ bort og den koronale konsonanten fremst i neste ord blir apikal (eller retrofleks):

  • [rotikon, apikal] [C, koronal] → Ø [C, koronal, apikal]

Her er eit døme:

  • ²iŋer dreker ¹ɡʉːɽ ¹teː ¹væːr ¹daː' ²iŋe ɖreke ¹ɡʉː ¹ʈeː ¹væː ¹ɖaː 'Inger drikk gul te kvar dag'

Apikal-assimilasjonen verkar også inne i ord.

Spesifikk sandhi[endre | endre wikiteksten]

Med spesifikk sandhi meiner vi sandhi som er avgrensa til særskilde leksikalske einingar eller særskilde grammatiske kategoriar.

Vokalforkorting føre klitikon[endre | endre wikiteksten]

Eit særkjenne ved grenlandsmålet er vokalforkortinga i ein vert føre eit klitikon. Einstavings verbformer og preposisjonar med strukturen CV (C = konsonant, V = vokal) har lang vokal når dei ikkje er følgde av eit klitikon, jf verbformene ¹skaː 'skal', ¹soː 'såg' og preposisjonane ¹teː 'til' og ¹aː 'av'. Dette følgjer allmenne fonotaktiske prinsipp for dialekten: Ein trykksterk vokal sist i eit fonologisk ord er lang. Når slike verbformer og preposisjonar er følgde av eit klitikon, er vokalen kort i nokre tilfelle og lang i andre. Klitikonet er eit pronomen eller adverb som ke '(ik)kje', ju 'jo' og vel 'vel':

  • ¹skan 'skal han'; ¹skari 'skal dei'; ¹skake 'skal ikkje'; ¹skaju 'skal jo'
  • ¹soːn 'såg han'; ¹soːri 'såg dei'; ¹soːke 'såg ikkje'; ¹soːju 'såg jo'
  • ¹ten 'til han'; ¹teri 'til dei'

Hovudreglane er slik, i einstavings verbformer og einstavings preposisjonar:

  • I modale hjelpeverb er vokalen kort føre klitikon og lang elles.
  • I andre verbformer er vokalen alltid lang.
  • I preposisjonar er vokalen kort føre klitikon og lang elles.

Legg òg merke til at einstavingsverbformer som endar på -r' mellom anna føre pause, misser r-en føre mange klitikon, i samsvar med ein meir allmenn regel som går ut på at ordfinal r fell bort når neste ord byrjar med ein ikkjekoronal konsonant eller ʃ, r og l. Det skjer inga endring av vokalkvantiteten i slike ord:

  • ¹æːr 'er'; ¹æːri 'er dei'; ¹æːke 'er kje'; ¹æːjo 'er jo'
  • ¹jør 'gjer'; ¹jøri 'gjer dei'; ¹jøke 'gjer kje'; ¹jøjo 'gjer jo'

Systemet i grenlandsmålet skil seg noko frå t.d. oslomålet, der det heiter ¹soke 'såg ikkje' og ¹æke 'er kje' med kort vokal.

Vokalforkorting i fortid av verb[endre | endre wikiteksten]

Fortid er her nytta som ei praktisk samnemning for preteritum og perfektum partisipp. Det skjer vokalforkorting i bøyingsklassane LV2 og LV3 (jf avsnittet Linne verb ovanfor), dvs verb som har suffiksa -de eller -te i preteritum og -d eller -t i perfektum partisipp, avhengig av kva fonem stamma endar på. Eit døme på eit verb med vokalforkorting er dette, som har stammevokalen i infinitiv og presens (og i imperativ) og e i preteritum og perfektum partisipp:

  • ²leːve – ¹leːver – ²levde – ¹levd 'leve'

Vokalforkorting i fortid kan seiast å skje i tre typar verb:

  1. Verb med stamme som endar på trykksterk vokal.
  2. Verb med stamme som endar på ein obstruent eller v.
  3. Eitt verb med stamme som endar på r.

Dette tyder at vi aldri har vokalforkorting i verb med stamme som endar på ein m, n, ɳ, l eller ɽ (føre ŋ er vokalen alltid kort).[1] Også r høyrer heime her, med eitt unnatak.

Her er to døme på Regel 1:

  • ¹syː – ¹syːr – ²syde – ¹syd 'sy'
  • ¹kɽøː – ¹kɽøːr – ²kɽøde – ¹kɽød 'klø'

– og to døme på Regel 2:

  • ²søːke – ²søːker – ²søkte – ¹søkt 'søkje'
  • ²viːse – ²viːser – ²viste – ¹vist 'vise'

Verb med stamme som endar på r har jamt over ikkje vokalforkorting i fortid, truleg berre med eitt unnatak, HØYRE. Jamfør verba KØYRE (utan forkorting) og HØYRE (med forkorting):

  • ²çøːre – ²çøːrer – ²çøːʈe – ¹çøːʈ 'køyre'
  • ²høːre – ²høːrer – ²høʈe – ¹høʈ 'høyre'

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

«Typiske» ord[endre | endre wikiteksten]

I populære idear om dialektar står ordtilfanget sentralt. Det finst førestillingar om at grenlandsmålet har ord som ikkje er i bruk andre stader, men det er i svært lita – om i det heile noka – grad tilfelle. Slike førestillingar byggjer ofte på samanlikningar med ordtilfanget i bokmål, og alle avvik frå bokmål, som blir oppfatta som det «normale» og «nøytrale», blir oppfatta som noko særeige og lokalt. Her er nokre døme på ord som mange grenlandsfolk trur dei er aleine om:

  • ²pæːɽær for 'gummistøvlar' blir oppfatta som lokalt, men dei er i bruk over store delar av det vikværske dialektområdet – jamfør ²pæːɽane til Egil "Drillo" Olsen frå Fredrikstad.
  • ²kuːe for 'tyggjegummi' blir òg oppfatta som lokalt, men er – eller har vore – i bruk over store delar av det vikværske dialektområdet. Det er eigentleg det vikværske motsvaret til norrønt kváða 'kvåe, kvae, harpeis'.
  • i ¹staː 'i stad' med både fortidig ('for ei lita stund sidan') og framtidig ('om ei lita stund') tyding blir oppfatta av mange som noko typisk grenlandsk, men Ivar Aasen skriv i Norsk Ordbog at framtidsbruken er vanleg på heile Austlandet: «Paa Østl. betegner det ogsaa: strax, om et Øieblik.» Det norrøne uttrykket í stað tydde både 'for ei lita stund sidan' og 'om ei lita stund'.[2]
  • ²ʃese 'skjesse' i tydinga 'ha lyst på' er heller ikkje avgrensa til Grenland. Grunnmanuskriptet[3] til Norsk ordbok opplyser at det er kjent frå indre Agder, Telemark, Vestfold, Østfold og Follo.
  • ¹snoːɽ 'snål' har i grenlandsmålet tydingane 'hyggjeleg' (om folk og situasjonar) og 'søt' (om små born), og desse tydingane er kjende frå gamalt av over heile Telemark. På Vestlandet har òg ordet tradisjonelt hatt positive tydingar, som 'velskapt, sprek, ven å sjå til'. I Trøndelag og Nord-Noreg tyder ordet 'gjerrig',[4] og i svensk tyder det 'grisk; gjerrig'. Tydinga 'underleg, merkeleg, rar, løyen' høyrer tradisjonelt heime på Austlandet, etter Norsk Ordbog av Ivar Aasen særleg i Østfold og på Romerike.

Spørjeord[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt grenlandsmål har desse spørjeorda, her oppgjevne i aksentuert form:

  • ¹oː 'kva; kvar (om stad); kor (om grad)'
  • ¹osen 'korleis; kva slags'
  • ¹ofor 'kvifor'
  • ¹veken 'kva for ein'; ¹veka 'kva for ei'; ¹veke 'kva for eit'; ¹veke 'kva for nokre'
  • ¹vem 'kven; kva for ein/ei/eit

Når ¹oː blir brukt med tydinga 'kva', er det ofte kombinert med fo ɳu 'for noko':

  • ¹oː æ ¹ɖeː fo ɳu 'kva er det for noko?'

Når ¹oː blir brukt om stad, med tydinga 'kvar', er det alltid kombinert med hene:

  • ¹oː skaː ¹dʉː hene 'kvar skal du?'
  • oː ¹æːrʉ hene 'kvar er du?'

Når ¹oː blir brukt om grad, med tydinga 'kor', har det ingen slike tillegg som i døma over:

  • oː ²møːe skarʉ ¹haː 'kor mykje skal du ha?'

Det er vanleg å utelate ¹oː:

  • æ ¹ɖeː fo ɳu 'kva er det for noko?'
  • ¹æːrʉ ²siːer 'kva er det du seier?'
  • ²møːe skarʉ ¹haː 'kor mykje skal du ha?'
  • ²møː æ ²kɽoka 'kor mykje er klokka?'

Det er vanleg å nytte ¹vem om anna enn menneske:

  • ¹vem aːri virʉ ¹haː 'kven/kva for ein/ei/eit av dei vil du ha?'

Relative subjunksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit særdrag ved grenlandsk er at målføret har to relative subjunksjonar, som og de. De kan berre nyttast ved relativisering av subjekt; då kan au som nyttast:

  • de vaː ¹han de ²saːe de 'det var han som sa det'
  • de vaː ¹han som ²saːe de 'det var han som sa det'

Ved relativisering av anna enn subjekt kan berre som og Ø (ingenting) nyttast:

  • ¹soːrʉ ¹han (som) jæ ²jæɽpa 'såg du han (som) eg hjelpte?

Grenlandsmålet som skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Grenlandsmålet som skriftspråk.

Sjølv om grenlandsmålet ikkje er mykje nytta som skriftspråk, har det blitt skrive poesi på dette målet. Porsgrunnsmannen Hans Reynolds fekk prenta 21 dikt på porsgrunnsmål i avisa Porsgrunns Dagblad gjennom åra 1929 – 1933. Dei står alle i Reynolds 1952. Fleire av dikta har blitt tonesette i blues-stil av Guttorm Guttormsen og utgjevne på CD i 2006, av Daniel Eriksen (gitar/song) og Jon «Rev. John» Ultvedt (piano/song),[5] mellom anna "Tora Hansen":

Tora Hansen

av Hans Reynolds.

(Porsgrunns Dagblad, 7. juni 1930.)

Tora Hansen, hu ær fin, jøss faarr æuer aa faarr munn,
de finns vell ikke makann i hele Paaskerunn,
aa guttanne di glor paa a, hu vet naakk hu ær kjekk,
ja stakkærs Kresten Tangen, hann ær naa ræint ut «vekk».
Hann fekk naakk kamm te haare sitt, hann blæi naakk ikke fæit,
omm hann fekk Tora Hansen, e slikk e flyærs-jæit;
men jammenn ær'n gla i a, de ær naa græit aa se,
ja, blir'n jift me Tora, saa faar'n aldri fre!

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ein kan diskutere om ɳ skal nemnast her, for alle verb med stammefinal ɳ blir bøygde etter mønsteret LV1, der fortidssuffikset er a; jf ²væːɳa 'verna'.
  2. Jf. Heggstad 1963.
  3. http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=59&tabid=993&oppsettid=215&ResultatID=447
  4. Jf. Grunnmanuskriptet til Norsk ordbok.
  5. http://www.grenlandfriteater.no/show_details.asp?ID=1114

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bjellås, Petter (2001), "Ganske breit, men greit!" : ei sosiolingvistisk undersøking av dialektbruk og språkhaldningar i Grenland. Hovudoppgåve., Oslo: Universitetet i Oslo. 
  • Dalene, Halvor (1947), «Bymål og bygdemål i ytre delen av Telemark fylke», Maal og Minne 
  • Dalene, Halvor (1953), «Lydverket i solumsmålet», Skrifter frå Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud, Oslo 
  • Endresen, Rolf Theil (1976), Handsaminga av trykk og tonem i generativ fonologi : kritikk og framlegg : med tillemping på grensk.'', Oslo:: Lingvistisk institutt 
  • Endresen, Rolf Theil (1990), «Vikværsk – målet i Østfold, Vestfold, Grenland og Nedre Buskerud», i Ernst Håkon Jahr "title=Den store dialektboka, Oslo: Novus forlag as 
  • Endresen, Rolf Theil (1999), «Språklydlære: fonetikk og fonologi», i Rolf Theil Endresen, Hanne Gram Simonsen og Andreas Sveen, Innføring i lingvistikk, Oslo: Universitetsforlaget 
  • Foldvik, Arne Kjell (2004), «Å ær'e du sier?», Porsgrunn: Norgesforlaget AS 
  • Heggstad, Leiv (1963), Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding, Oslo: Det Norske Samlaget 
  • Reynolds, Hans (1952), Porsgrunns-maal. Ordsamling og Porsgrunnsviser (Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud.), Oslo: i kommisjon hos Jacob Dybwad. (Utgjeven på nytt av Porsgrund historielag i 1980.), http://www.porsgrunn.folkebibl.no/bok/reynolds/porsgrunnsmaal/index.html 
  • Roksund, Leif G. (1997), Skiensdialekten i omriss, Porsgrunn: Forlaget Grenland AS. 
  • Roksund, Leif G. (2002), Sånn snakkæ' vi hær. Ord og vendinger i grenlandsmålet, Porsgrunn: Forlaget Grenland AS 
  • Sandøy, Helge (1987), «Dialektane våre», i Egil Børre Johnsen, Vårt eget språk. Bind 2, Oslo: Aschehoug 
  • Skilbred, Tonje (2005), Finnes det en sammenheng mellom holdning til egen dialekt og holdning til dialekt i tv og radio? : en sosiolingvistisk analyse av tromsøværingers og porsgrunnsfolks forhold til egen dialekt og til dialekt i tv og radio. Masteroppgåve., Tromsø: Universitetet i Tromsø 
  • Smith, Bjørn Gunnar (1968), Trekk vesentlig av bøyningssystemet i Porsgrunnsmålet i det 20. århundre. Hovudoppgåve., Oslo: Universitetet i Oslo 
  • Theil, Rolf (2005), «Grennlänsk. Er dialekten i Grenland stygg?», i Ruth Slokvik, Framtida i fortida. Årbok for Telemark 2005/2006. 51. årgangen, Skien: Stiftinga Årbok for Telemark, oppretta av Telemark Mållag