Eurovision Song Contest 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 2001
Dato
Vertskap
Stad
Parken Stadion i København, Danmark
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Bosnia-Hercegovina
Hellas
Litauen
Polen
Portugal
Slovenia
Ikkje med
Belgia
Finland
Kypros
Makedonia
Romania
Austerrike
Sveits
Kart
Røysting
Vinnar
Estland Everybody
Eurovision Song Contest
2000 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 2002

Eurovision Song Contest 2001 var den 46. Eurovision Song Contest, og vart arrangert på Parken Stadion i København, Danmark den 12. mai 2001 etter at Olsen Brothers vann tevlinga i 2000 med songen «Fly on the Wings of Love». Dette var fyrste gongen på 36 år at tevlinga vart arrangert i Danmark. Programleiarar var Natasja Crone Back og Søren Pilmark.

I forkant av tevlinga hadde arrangøren, Danmarks Radio (DR) vanskar med å finna ein passande stad å ha tevlinga, men valet fall til slutt på Parken Stadion. Parken husa 38 000 tilskodarar under arrangementet, og er dermed den største arenaen som har vorte brukt i Eurovision Song Contest til no. Dei store avstandane gjorde at tilskodarane som sat lengst borte ikkje kunne sjå scena. Ei endring i reglane gjorde at berre dei femten beste landa (utanom de fire største økonomiske bidragsytarane i til EBU: Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland) ville kvalifisera seg til neste års finale.

Frå og med dette året var det obligatorisk med telefonavstemming, og berre nokre få av landa brukte juryar som fylgje av tekniske problem med telefonavstemminga. På førehand var Frankrike, Hellas og Slovenia samt Malta og Spania rekna som dei største favorittane. Avstemminga utvikla seg til eit reint kappløp mellom Estland, Danmark, Hellas og Frankrike. Til slutt greidde ikkje Hellas og Frankrike meir, og det stod om Estland og Danmark. Den åttitalsinspirerte songen Everybody av Dave Benton og Tanel Padar vart til slutt den uventa vinnaren. Dave Benton kjem opphavleg frå Aruba og er den einaste farga personen som har vunne Eurovision Song Contest. Det svenske bidraget Listen to your Heartbeat av Friends skapte kontrovers ettersom det likna mistenkjeleg på Belgia sitt bidrag i 1996, «Liefde is een kaartspel» av Lisa del Bo, men kom på femteplass.

Noreg sitt bidrag, «On My Own» av Haldor Lægreid , fekk berre tre poeng (alle frå Portugal) og kom på delt sisteplass saman med Island.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Språk Artist Song Plassering Poeng
1 Nederland Engelsk Michelle Out On My Own 19 16
2 Island Engelsk Two Tricky Angel 22 3
3 Bosnia-Hercegovina Bosnisk, engelsk Nino Pršeš Hano 14 29
4 Noreg Engelsk Haldor Lægreid On My Own 22 3
5 Israel Hebraisk Tal Sondak En Davar 16 25
6 Russland Engelsk Mumiy Troll Lady Alpine Blue 12 37
7 Sverige Engelsk Friends Listen To Your Heartbeat 5 100
8 Litauen Engelsk SKAMP You Got Style 13 35
9 Latvia Engelsk Arnis Mednis Too Much 18 16
10 Kroatia Engelsk Vanna Strings Of My Heart 10 42
11 Portugal Portugisisk MTM Só Sei Ser Feliz Assim 17 18
12 Irland Engelsk Gary O'Shaughnessy Without Your Love 21 6
13 Spania Spansk David Civera Dile que la quiero 6 76
14 Frankrike Fransk, engelsk Natasha St-Pier Je N'Ai Que Mon Âme 4 142
15 Tyrkia Engelsk, tyrkisk Sedat Yüce Sevgiliye Son 11 41
16 Storbritannia Engelsk Lindsay Dracass No Dream Impossible 15 28
17 Slovenia Engelsk Nuša Derenda Energy 7 70
18 Polen Engelsk PIASEK 2 long 20 11
19 Tyskland Tysk, engelsk Michelle Wer Liebe lebt 8 66
20 Estland Engelsk Tanel Padar, Dave Benton & 2XL Everybody 1 198
21 Malta Engelsk Fabrizio Faniello Another Summer Night 9 48
22 Hellas Engelsk, gresk Antique Die for You 3 147
23 Danmark Engelsk Rollo & King Never Ever Let You Go 2 177

Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Landa kunne bruke telefonrøysting eller ein kombinasjon av sjåarstemmer og jury. Hellas, Kroatia og Malta brukte kombinert jury- og telefonavstemning, mens Bosnia-Hercegovina, Russland og Tyrkia kun brukte jury, sidan ein telefonrøysting ikkje var teknisk gjennomførleg i desse landa. Landa som brukte telefonrøysting, hadde i tillegg ein reservejury på åtte personer som skulle brukes om telefonrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomføres. Oversikta er ordna etter rekkjefølgja i finalen.[1]

██ Jury ██ Jury og telefonrøysting ██ Telefonrøysting

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Nederland 5 1 6 4 16 18
Island 1 2 3 22
Bosnia-Hercegovina 4 10 7 1 7 29 14
Noreg 3 3 22
Israel 6 10 7 2 25 16
Russland 5 3 10 8 4 2 5 37 12
Sverige 7 3 2 8 2 2 6 4 5 8 5 2 8 8 5 7 8 10 100 5
Litauen 5 1 2 4 10 1 5 1 4 2 35 13
Latvia 8 8 16 18
Kroatia 7 10 5 3 10 7 42 10
Portugal 6 12 18 17
Irland 1 5 6 21
Spania 7 2 5 4 12 5 4 7 3 5 6 3 1 1 3 8 76 6
Frankrike 8 4 12 7 2 12 6 7 7 6 12 7 3 1 6 6 10 6 10 4 6 142 4
Tyrkia 3 7 7 7 4 10 3 41 11
Storbritannia 2 3 3 3 3 2 4 1 2 2 3 28 15
Slovenia 4 6 10 6 1 4 7 4 8 2 2 1 6 4 5 70 7
Polen 2 3 5 1 11 20
Tyskland 1 3 8 1 1 10 6 10 6 3 2 4 1 5 1 4 66 8
Estland 12 10 4 10 6 6 8 12 12 2 10 8 8 12 12 12 12 10 12 12 8 198 1
Malta 3 1 5 7 3 1 4 2 1 3 1 2 3 12 48 9
Hellas 6 8 8 8 10 5 12 5 2 5 4 5 12 3 5 7 8 8 8 6 7 5 147 3
Danmark 10 12 12 7 10 6 10 12 8 12 7 4 4 10 10 7 12 12 6 6 177 2

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som ble avgitt under røystinga.

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
9 Estland Hellas, Latvia, Litauen, Malta, Nederland, Polen, Slovenia, Storbritannia, Tyrkia
6 Danmark Estland, Irland, Island, Kroatia, Noreg, Tyskland
3 Frankrike Bosnia-Hercegovina, Portugal, Russland
2 Hellas Spania, Sverige
1 Spania Israel
Malta Danmark
Portugal Frankrike


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Eurovision Song Contest 2001 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 24. august 2017. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]