Miracle Mile av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Miracle Mile
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juli 1989
Innspelt 1989
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 41:13
Selskap Private Music
Produsent Edgar Froese, Paul Haslinger
Tangerine Dream-kronologi
Optical Race
(1989)
Miracle Mile Lily on the Beach
(1989)


Miracle Mile er det 36. albumet og det 12. filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream. Det kom ut i juli 1989 og inneheld musikk frå filmen med same namn.

Etter at Chris Franke hadde slutta i Tangerine Dream i 1987, laga den attverande duoen Edgar Froese og Paul Haslinger musikken til denne apokalyptiske filmen frå 1988. Filmen var regissert av Steve De Jarnatt.

Den fullstendige musikken i rekkjefølgja han vart nytta i filmen kom ut i 2017 og representerte musikken slik Tangerine Dream presenterte det for regissøren. Denne utgåva inneheld òg ni spor med musikkeffektar for filmen. Utgåva kom berre ut i eit avgrensa opplag på 1000 eksemplar. Dei første 100 eksemplara kom med eit ekstra hefte signert av Paul Haslinger og regissøren Steve De Jarnatt. I høve Records Store Day i 2018, vart det originale albumet gjeve ut på oransje vinl i eit avgrensa opplag. Ei ny utgåve på CD kom ut i juni same året.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåva
# Tittel Lengd
1. «Teetering Scales»   3:39
2. «One for the Books»   3:04
3. «After the Call»   5:11
4. «On the Spur of the Moment»   3:00
5. «All of a Dither»   3:24
6. «Final Statement»   3:14
7. «In Julie's Eyes»   3:15
8. «Running Out of Time»   3:30
9. «If It's All Over»   4:34
10. «People in the News»   5:10
11. «Museum Walk»   3:12
2017-utgåva
# Tittel Lengd
1. «Galaxy/Tarpits»   4:47
2. «Pier/Trolley Montage»   1:55
3. «Cigarette, Bird, Sleep»   3:12
4. «Car Drive/Phone Call»   2:46
5. «Landa»   3:16
6. «Truck Scene»   4:50
7. «Wilson’s Car/Gas Station»   3:28
8. «Police Car/Julie’s Bedroom»   3:41
9. «Through The Dark/Run Across The Street»   3:37
10. «Gym»   0:47
11. «Gym: In-Exterior/Phone Call Theme»   4:02
12. «Helicopter/Back to the Tarpits»   5:07
13. «End Title»   4:54
14. «MX-01»   4:47
15. «MX-02»   2:14
16. «MX-03»   1:00
17. «MX-04»   0:51
18. «MX-05»   1:07
19. «MX-06»   0:36
20. «MX-07»   0:51
21. «MX-08»   0:53
22. «MX-09»   0:42
23. «MX-10»   40:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]