Phaedra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phaedra
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 20. februar 1974
Innspelt Desember 1973, The Manor i Shipton-on-Cherwell
Sjanger Elektronisk musikk, ambient
Lengd 37:33
Selskap Virgin
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Atem
(1973)
Phaedra Rubycon
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares
Singel av Tangerine Dream
A-side "Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares" (utdrag) – 4:30
B-side "Phaedra" (utdrag) – 2:02
Utgjeve 1974
Selskap Virgin/Atlantic

Phaedra (1974) er eit studioalbum av det tyske electronicabandet Tangerine Dream.

Dette er det første Tangerine Dream-albumet med den no klassiske sekvenser-drivne stilen deira, som starta heile Berlin-skulen i elektronisk musikk. Dette albumet markerte byrjinga på den internasjonale suksessen til gruppa og vart det første albumet som kom ut på Virgin Records i Storbritannia. Det selde meir enn hundretusen eksemplar i Storbritannia og nådde 15. plass på albumlista der,[2] utan å verte spela på radio. Det selde til gullplate i sju land,[3] men i heimlandet Tyskland selde det berre 6 000 eksemplar.[4]

Tittelsporet var opphavleg baser tpå ein improvisasjon som vart spelt inn i studio, og syner noko av avgrensingane med det analoge utstyret dei nytta på denne tida. Etter kvart som utstyret vart varmt, vart somme av oscillatorane ustemnde (dei var særs temperatursensitive), noko som gjorde at musikken vart endra mot slutten av stykket.

Tittelsporet og «Movements of a Visionary» nyttar seg av den analoge sekvenseren på Moog'en til Christopher Franke som erstatning for bassgitar. «Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares» har ein solo av Edgar FroeseMellotron som vert handsama med ein langsam, brusande filtereffekt. «Sequent C'» er eit kort stykke av Peter Baumann på fløyte med ekkoeffektar.

All Music Guide to Electronica skildrar albumet som ein milepåle for bandet og «eit av dei viktigaste, kunstnariske og spennande verka i historia til elektronisk musikk».[5] Phaedra vert ofte omtalt som eit av dei beste albuma til Tangerine Dream,[6][7] og finst i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[8]

Plateomslaget er eit måleri av Froese.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Phaedra» (Froese, Franke, Baumann) 17:39
2. «Mysterious Semblance at the Strand of Nightmares» (Froese) 9:55
3. «Movements of a Visionary» (Froese, Franke, Baumann) 7:56
4. «Sequent C'» (Baumann) 2:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Chart (1974) Plassering
UK Albums Chart[2] 15
US Billboard 200[10] 196

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bush, John. «Phaedra — Review». AllMusic. 
  2. 2,0 2,1 «Chart Stats - Tangerine Dream - Phaedra». Arkivert frå originalen 2013-01-03. 
  3. Irvin, Jim (2007). The Mojo Collection: The Ultimate Music Companion (4th utg.). Edinburgh: Canongate. s. 326. ISBN 1841959731. 
  4. Stump, Paul (1999). Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream. Firefly Publishing. s. 52. ISBN 0-946719-18-7. 
  5. Bogdanov, Vladimir (2001). All Music Guide to Electronica (2nd utg.). San Francisco: Backbeat Books. s. 505. ISBN 0879306289. 
  6. Fitzpatrick, Rob; Mark Roland (2006). Gods of Rock. New York: Main Street. s. 107. ISBN 1402736738.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  7. Abramowitz, Ari (2004). The Pockit Rockit Music Finder. New York: Music Guru. s. 44. ISBN 0975978705. 
  8. Dimery, Robert (2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. s. 323. ISBN 0-7893-1371-5. 
  9. "Phaedra" at connollyco.com
  10. «Phaedra > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Henta Mal:Start date. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]