Mota Atma
| Mota Atma Filmmusikkalbum av Tangerine Dream | ||
| Utgjeve | 29. april 2003 | |
| Innspelt | 2003 | |
| Studio | Pinnacle Studios i London | |
| Sjanger | Elektronisk musikk, ambient | |
| Lengd | 71:01 | |
| Selskap | TDI International | |
| Produsent | Edgar Froese | |
| Tangerine Dream-kronologi | ||
|---|---|---|
| Inferno (2002) |
Mota Atma | DM 4 (2003)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
Mota Atma er det 76. albumet og det 27. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i april 2003.[2]
Albumet inneheldt musikk til den japansk-amerikanske dokumentarfilmen Mota Atma. Det er ikkje kjend om filmen kom ut offisielt.[2] Musikken er framført av far og son, Edgar og Jerome Froese.[3]
Sporet «Gate of Saturn» vart annonsert på Astoria Theatre i London som ein singel frå albumet, men vart av ukjende årsaker gjeve namnet «Brain Offender» på albumet.[2]
I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg i nettbutikken til Tangerine Dream. Medan alle komposisjonane var tilskrivne både Edgar og Jerome Froese i det originale CD-heftet, var alle spora no oppførte med berre Edgar Froese som komponist. I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna plateomslag.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «The Courage To Lose» | 8:03 |
| 2. | «For the Summit Only» | 7:57 |
| 3. | «No Pleasure No Pain» | 5:52 |
| 4. | «Royal Way Of Privacy» | 8:38 |
| 5. | «Phoenix Burning» | 7:35 |
| 6. | «Prophet In Chains» | 7:43 |
| 7. | «Snow On Angels Feathers» | 5:34 |
| 8. | «A Fair Days Wage» | 8:09 |
| 9. | «Brain Offender» | 5:53 |
| 10. | «A Day In Liberty Valley» | 5:37 |
| Total lengd | 71:01 | |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Edgar Froese - klaverinstrument
- Jerome Froese - klaverinstrument
- Teknisk
- Debbis Miller - lydteknikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mota Atma på Allmusic
- 1 2 3 «Mota Atma». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.
- ↑ «Tangerine Dream – Mota Atma». Synthopia. 9. april 2007.