Purgatorio av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Purgatorio
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 26. oktober 2004
Innspelt 2003-2004
Sjanger Electronica, ambient
Lengd 131:47
Selskap TDI
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Rockface
(2003)
Purgatorio Aachen - January 21st 1981
(2004)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Purgatorio er det 81. albumet totalt og det 30. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Albumet kom ut 26. oktober 2004, men albumet var mogeleg å tinge via nettbutikken til Tangerine Dream i mars 2004. Albumet inneheld ei studioutgåve av ein konsert framført i Royal Festival Hall i London 6. mars 2004. Konserten var opningskvelden på Ether Electronic Music Festival og følgde verdspremieren på den restaurerte versjonen av den italienske stumfilmen Purgatorio frå 1911 av Giuseppe de Liguoro, basert på den andre delen av Den guddommelege komedie av Dante Alighieri.[2][3]

Purgatorio er det andre albumet i ein trilogi basert på verket til Dante, med Inferno (2002) og Paradiso (2006).[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Plate ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Above the Great Dry Land»6:19
2.«Chasing the Bad Seed»8:48
3.«Slave to the Gods»6:31
4.«Hope and Glory»6:44
5.«Sun Son's Seal (Part One)»8:21
6.«Beyond All Suns»6:34
7.«Sisiphus»4:37
8.«All The Steps to Heaven»13:12
9.«Mountain of Destiny»10:51

Plate to[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Glowing Zodiac Wheel»6:08
2.«Modern Cave Men»5:02
3.«Death of Medusa»7:23
4.«Blinded by the World's Desire»6:22
5.«Sun Son's Seal (Part Two)»8:27
6.«Soulgate»7:59
7.«Till The End of Silence»5:17
8.«Prison and Paradise»5:39
9.«Spirit Spiral»7:33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Purgatorio av Tangerine DreamAllmusic
  2. «Tangerine Dream». Markflowers. Henta 22. juli 2020. 
  3. «Ricochet Dream Tangerine Dream London, England». Ricochet Dream. Arkivert frå originalen 2008-12-30. Henta 22. juli 2020. 
  4. «Tangerine Dream Purgatorio». voices-in-the-net.de. Henta 22. juli 2020.