Tyger av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyger
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1987
Innspelt 1987
Sjanger Elektronisk musikk
Selskap Jive Electo / Caroline
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
Underwater Sunlight
(1986)
Tyger Three O'Clock High
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Tyger er det 30. albumet og det 17. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream. Tre av spora har tekst henta frå diktet «The Tyger», «London» og «Smile» av William Blake.[2] Sporet «London» har òg linjer frå «A Little Girl Lost», «America: a Prophecy» og «The Fly». Teksten er sungen av gjesteartisten Jocelyn Bernadette Smith frå New York.

Det var det siste studioalbumet til det langvarige medlemmet Christopher Franke.

Tyger låg ei veke inne på den britiske albumlista, på ein 88. plass. Det var det siste albumet til Tangerine Dream som gjekk inn på den britiske salslista.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet var hovudsakleg ein idé av Edgar Froese: «Interessa mi i filosofi førte meg til William Blake, som eg hadde beundra i kring 20 år som ein av dei største forfattarane på engelsk språk - utanom Shakespeare. Eg hadde sjølv eit problem med Jocelyn under innspelinga. Ho hadde alt gått gjennom teksten, men under innspelinga tok ho boka og smelte ho i golvet og sa 'Eg er ein R&B-songar og eg vil ikkje gjere dette skule-tullet!' Eg syns ho gjorde ein ganske bra jobb, men ho hata teksten, som ikkje er lett å forstå om du ikkje kjenner til bakgrunnen. Det hjelper å vite kva Storbritannia handla om då Blake skreiv soga. Det var eit imperium og orda hans er dels politiske, sosiale og esoteriske på same tid. Om du ikkje forstår det kan du få eit problem å tolke teksten korrekt. Sjølv kollegaene mine forstod det ikkje, så eg skuldar ikkje på Jocelyn eller nokon andre. Innspelinga var særs hardt arbeid, men det var barnet mitt og eg tek fullt ansvar for den plata.»[2]

Mange av fansen til Tangerine Dream mislikte at dei igjen brukte vokal, etter at Steve Jolliffe hadde sunge på Cyclone attende i 1978.[2]

Plateomslaget til Monique Froese, kona til Edgar, vart seinare den offisielle logoen til Tangerine Dream i 1990-åra.

CD-utgåva inneheld to delar av stykket «21st Century Common Man», som ikkje var med på LP-utgåva.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1987 utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Tyger»5:45
2.«London»14:22
3.«Alchemy Of The Heart»12:23
4.«Smile»6:08
5.«21st Century Common Man (Part 1)» (berre CD-versjonen)4:49
6.«21st Century Common Man (Part 2)» (berre CD-versjonen)4:00
1992-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Tyger» (remix)5:13
2.«London»14:25
3.«Alchemy Of The Heart»12:07
4.«Smile» (raskare versjon)5:53
5.«21st Century Common Man (Part 1)» (berre CD-versjonen)4:49
6.«21st Century Common Man (Part 2)» (berre CD-versjonen)4:00
7.«Vigour»4:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Tyger av Tangerine DreamAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Berling, Michael. «Tyger». Voices in the Net. Henta 15. juli 2020.