Rocking Mars
Utsjånad
| Rocking Mars Konsertalbum av Tangerine Dream | ||
| Utgjeve | September 2005 | |
| Innspelt | 12. juni 1999 | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 1:34:05 | |
| Selskap | TDI | |
| Produsent | Edgar Froese | |
| Tangerine Dream-kronologi | ||
|---|---|---|
| Jeanne d'Arc (2005) |
Rocking Mars | Phaedra 2005 (2005)
|
Rocking Mars er det 93. albumet totalt og det 23. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i september 2005.[1] Albumet er den femte og så langt siste utgjevinga i den såkalla Vault-serien deira.
12. juni 1999 heldt Tangerine Dream ein enkelt konsert under Klangart Festival i Osnabrück i Nord-Tyskland, der dei presenterte det då heilt nye albumet Mars Polaris. Heile albumet vart framført, men rekkjefølgja på songane er annleis enn på albumet. Musikken er i røynda identisk til studioutgåva, med noko ekstra gitar og perkusjon. Det vart òg inkludert nokre eldre komposisjonar i settet deira og i ekstranummera, men desse er ikkje med på dette albumet.[1]
I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Comet's Figure Head» | 10:47 |
| 2. | «Rim of Schiaparelli» | 7:09 |
| 3. | «Deep Space Cruiser» | 5:16 |
| 4. | «Pilots of the Ether Belt» | 11:12 |
| 5. | «Spiral Star Date» | 8:09 |
| 6. | «Mars Mission Counter» | 6:13 |
| 7. | «Ça Va - Ça Marche - Ça Va Encore» | 6:00 |
| 8. | «Astrophobia» | 10:29 |
| 9. | «Tharsis Maneuver» | 4:59 |
| 10. | «Outland» | 10:05 |
| 11. | «Dies Martis» | 4:40 |
| 12. | «Terra Gravity» | 2:53 |
| 13. | «Wormhole Number Five» | 2:33 |
| 14. | «Red Ocean» | 3:40 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Edgar Froese – klaverinstrument
- Gerald Gradwohl - gitar
- Emil Hachfeld - elektronisk perkusjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Rocking Mars». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.