Logos Live

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logos Live
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Desember 1982
Innspelt 6. november 1982
Spelestad Dominion Theatre i London
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 50:55
Selskap Virgin
Tangerine Dream-kronologi 
Das Mädchen auf der Treppe
(1982)
Logos Live Hyperborea
(1983)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]

Logos Live er det 18. albumet og fjerde konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 1982.[2] Opptaka er henta frå ein konsert i Dominion Theatre i London i England. På same måte som Tangram har det korte parti knytte saman av atmosfæriske overgangar, og dokumenterte ei tid då Tangerine Dream utvikla seg frå eksperimentell til melodisk musikk, som ein òg kan høyre på filmusikkalbumet Risky Business eit år seinare.

Frå den to timar lange konserten vart 50 minuttar med original musikk frå konserten gjeve ut på albumet. Heile konserten kom ut på Tangerine Leaves Volume 1: London 1982. Den same konserten vart framført på Fairfield Halls i Croydon den 31. oktober 1982 og gjeven ut på Tangerine Tree Volume 12: Croydon 1982.

I følgje Johannes Schmoelling er dette eit av favorittalbuma hans.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Logos, Part One»25:41
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Logos, Part Two»19:28
2.«Dominion»5:45

Utgjevinga av Logos Live deler ikkje dei to sidene opp, men desse tematiske seksjonane er blitt remiksa og nyinnspelte og brukte på andre album som separate spor. Somme CD-plater kombinerer dei to sidene til eitt enkelt spor.

«Logos, Part One»
Nr.TittelLengd
1.«Logos Intro»4:32
2.«Logos Cyan»2:29
3.«Logos Velvet»4:49
4.«Logos Red»8:26
5.«Logos Blue»5:14
«Logos, Part Two»
Nr.TittelLengd
1.«Logos Black»5:05
2.«Logos Green»4:36
3.«Logos Yellow»7:05
4.«Logos Coda»2:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Swan, Glenn. Logos LiveAllmusic
  2. 2,0 2,1 «Logos Live». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020.