Sohoman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sohoman
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve April 1999
Innspelt 22. februar 1982
Spelestad Regent Theatre, Sydney i Australia
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 42:53
Selskap TDI Music
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Valentine Wheels
(1998)
Sohoman What a Blast
(1999)


Sohoman er det 66. albumet og det 10. konsertalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.

Albumet var det første i den såkalla Tangerine Dream Classics Editions som selskapet til bandet, TDI, gav ut i 1999. Denne serien bestod av gamle konsertopptak og inkludert ytterlegare to album til etter dette.[1]

Kort tid etter studioalbumet White Eagle kom ut i 1982, la Tangerine Dream ut på turné i Australia. Sohoman består av den første delen av ein konsert i Sydney den 22. februar 1982. Den andre delen av konserten er så langt ikkje gjeve ut. Denne var tidlegare tilgjengeleg som piratkopiplate kalla Leprous Appearance On Wednesday frå 1984. Samanlikningar mellom dette piratopptaket og Sohoman syner at dei har omarbeidd opptaka i studio med ekstra lydar og akkordar.[1]

«Convention of the 24» og «White Eagle» er versjonar av spor frå albumet White Eagle (1982). «Logos» er eit utdrag frå ein lang komposisjon spelt på den europeiske turneen seinare det året og som kom ut på albumet Logos Live (1982). «Ayers Majestic» og «Bondi Parade» har ikkje blitt gjeve ut før Sohoman. Begge spora har ein særs rytmisk struktur og er typisk for konsertane til Tangerine Dream i 1981 og 1982.[1]

I 2001 kom albumet ut på ny med eit litt anna plateomslag der det siste sporet, «Bondy Parade», var blitt omdøypt «Bondi Parade».[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Convention of the 24»9:17
2.«White Eagle»4:31
3.«Ayers Majestic»7:11
4.«Logos, Part One»8:32
5.«Bondi Parade»13:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tangerine Dream

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Sohoman». Voices in the Net. Henta 21. juli 2020.