Underwater Sunlight
Underwater Sunlight Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | August 1986 | |
Innspelt | April 1986 i Berlin | |
Sjanger | Elektronisk musikk | |
Lengd | 40:13 | |
Selskap | Jive Electro / Relativity | |
Produsent | Chris Franke, Edgar Froese, Paul Haslinger | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Legend (1986) |
Underwater Sunlight | Tyger (1987)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Underwater Sunlight er det 29. albumet og det 16. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut sommaren 1986.
Underwater Sunlight var første gongen Paul Haslinger spelte med Tangerine Dream.[2] Han hadde bakgrunn frå klassisk musikk og det kan høyrast på albumet i form av at songane er langt meir strukturerte enn tidlegare.[1]
Underwater Sunlight låg ei veke på den britiske albumlista med ein 97. plass som høgaste plassering.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kort tid etter Johannes Schmoelling hadde slutta i Tangerine Dream, tilrådde vener av Edgar Froese ein klaverspelar som var aktiv i jazzmiljøet i Wien, Paul Haslinger. Han var berre 23 år gammal då Froese inviterte han til eit studio i Wien i lag med Chris Franke. Først virka det ikkje sannsynleg at Hasligner, som var ein funkjazz-pianist, skulle kunne erstatte Schmoelling, sidan det var så musikalsk forskjellig frå det Haslinger dreiv med til vanleg. Haslinger var derimot vant til å arbeide hardt og Froese og Franke var tålmodige, og han deltok på ein turné i Storbritannia og USA våren 1986. Då turneen var over vart Haslinger fast medlem i bandet for dei neste fire åra. Det første albumet han deltok på var Underwater Sunlight.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Song of the Whale, Part One: From Dawn...» | 8:25 |
2. | «Song of the Whale, Part Two: ...To Dusk» | 10:53 |
3. | «Dolphin Dance» | 5:05 |
4. | «Ride on the Ray» | 5:30 |
5. | «Scuba Scuba» | 4:30 |
6. | «Underwater Twilight» | 5:50 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Christopher Franke - Synthesizer, elektronisk perkusjon
- Edgar Froese - Synthesizer, gitar
- Paul Haslinger - Synthesizer, flygel, gitar
- Christian Gstettner - dataprogrammering
- Monica Froese - plateomslag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Batdorf, Rodney. Underwater Sunlight på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 Berling, Michael. «Underwater Sunlight». Voices in the Net.