Edgar Froese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edgar Froese
Tangerine-dream-ebw-2.jpg
Fødd6. juni 1944 (75 år)
FødestadSovetsk
Død20. januar 2015
DødsstadWien
FødenamnEdgar Wilmar Froese
OpphavTyskland
SjangerElektronisk musikk
InstrumentPiano, synthesizer, gitar, bassgitar, munnspel, mellotron, orgel, horn, mellofonium
Tilknytte artistarTangerine Dream
PlateselskapVirgin/EMI Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Edgar Wilmar Froese (6. juni 194420. januar 2015) var ein tysk kunstnar og pioner innan elektronisk musikk, mest kjend for å ha starta gruppa Tangerine Dream. Solo- og gruppeinnspelingane hans før 2003 har på namnet «Edgar Froese», men på soloalbuma hans frå 2003 og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese.

Froese vart fødd i Tilsit (Sovetsk) i Aust-Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han var 12 år gammal, og starta å spele gitar som femtenåring.[1] Etter å tidleg ha vist interesse for kunst, gjekk Froese på Kunstakademiet i Vest-Berlin for å studere måling og bilethogging. I 1965 starta han bandet The Ones, som spelte rock og R&B. Då dei spelte i Spania, vart dei inviterte til å spele heime hos Salvador Dalí i Cadaqués. Dette møtet vart særs viktig for Froese og det inspirerte han til å eksperimentere meir i musikken. The Ones vart oppløyst i 1967 og gav berre ut ein singel, («Lady Greengrass» / «Love of Mine»).

Etter å ha kome attende til Berlin, byrja Froese å finne musikarar for frirock-bandet som skulle verte Tangerine Dream.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Aqua (1974) gjeve ut i to versjonar med forskjellig sporliste, begge i 1974.
  • Epsilon in Malaysian Pale (1975) òg gjeve ut som Ypsilon in Malaysian Pale
  • Macula Transfer (1976)
  • Ages (1978)
  • Stuntman (1979)
  • Electronic Dreams (circa. 1980) samleplate
  • Solo 1974–1979 (1981) samleplate
  • Kamikaze 1989 (1982) filmmsuikk for ein tysk film med Rainer Werner Fassbinder
  • Pinnacles (1983)
  • Beyond the Storm (1995) samleplate
  • Introduction to the Ambient Highway (2003) sampler
  • Ambient Highway, Vol. 1 (2003) blanding av nye og gamle spor
  • Ambient Highway, Vol. 2 (2003) blanding av nye og gamle spor
  • Ambient Highway, Vol. 3 (2003) blanding av nye og gamle spor
  • Ambient Highway, Vol. 4 (2003) blanding av nye og gamle spor
  • Dalinetopia (2004)
  • Ages (2005) delvis nyinnspeling
  • Epsilon in Malaysian Pale (2005) delvis nyinnspeling
  • Stuntman (2005) delvis nyinnspeling
  • Aqua (2005) delvis nyinnspeling
  • Macula Transfer (2005) delvis nyinnspeling
  • Pinnacles (2005) delvis nyinnspeling
  • Orange Light Years (2005) blanding av nye og gamle spor
  • Solo 1974–1983 (2012) samleplate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]