Machu Picchu av Tangerine Dream
| Machu Pichu Studioalbum av Tangerine Dream | ||
| Utgjeve | Mars 2012 | |
| Innspelt | 2004 og 2012 | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 45:16 | |
| Selskap | Eastgate | |
| Produsent | Edgar Froese | |
| Tangerine Dream-kronologi | ||
|---|---|---|
| Knights of Asheville (2011) |
Machu Pichu | Live in Budapest at Béla Bartók National Concert Hall (2012)
|
Machu Pichu er det 134. albumet totalt og det 56. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mai 2011.[1]
Dette er den sjette plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast, men akkurat denne og den førre plata kom ut i vanleg CD-omslag. Så langt består serien av 11 plater.
Musikken på plata vart opphavleg spelt inn som ei hyllest til John Peel, då han døydde i oktober 2004 i byen Cusco i Peru, nær den heilage Inca-staden Machu Picchu. Edgar Froese, som komponerte alle spora og spelte inn alt, ønskte ikkje å gje ut musikken den gongen. Til slutt klarte kona hans å overtyde han om å gje ut musikken.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Caminos del Inca» | 10:00 |
| 2. | «Machu Picchu» | 5:32 |
| 3. | «Adios a Cusco» | 8:08 |
| 4. | «Tayta Inti» | 7:26 |
| 5. | «Rio Urubamba» | 5:56 |
| 6. | «La Piedra Intihuatana» | 8:14 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «The Gate of Saturn». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.