Pergamon av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Quichotte
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1980
Innspelt 31. januar 1980
Spelestad Palast der Republik i Aust-Berlin
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 46:03
Selskap Amiga
Tangerine Dream-kronologi
Tangram
(1980)
Quichotte Thief
(1981)


Pergamon (1986), opphavleg berre kalla Tangerine Dream (1980) og så gjeven ut som Quichotte, er det fjortande albumet og det tredje konsertalbumet til Tangerine Dream.[1] Det inneheld eit utval frå to konsertar haldne 31. januar 1980 på Palast der Republik i Aust-Berlin. Den andre av dei to konsertane kom ut som Tangerine Tree Volume 17: East Berlin 1980. Den originale tittelen Quichotte er ein referanse til Don Quixote, ein filmversjon som gjekk på ein kino i nærleiken av der konsertane vart haldne, medan den nye tittelen refererer til Pergamon museum i Aust-Berlin, nær Palast der Republik.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Johannes Schmoelling gjorde den første konserten sin som medlem av Tangerine Dream den 31. januar 1980 på Palast der Republik i det tidlegare Aust-Berlin. Denne konserten var særleg kjend sidan Tangerine Dream var det første vestlege «rockebandet» som fekk løyve av kommunistregimet til å spele der. Dei få billettane som vart gjort tilgjengeleg for vanlege folk vart selte på svartebørsen for opp til to månadsløner.[2]

I eit intervju med Jonathan Miller sa Edgar Froese: «Palast der Republik var staden der parlamentet møttest og viktige politiske talar vart haldne, så me måtte gå med på å ikkje kome med nokre politiske utsegner og berre spele musikk - ingenting kunne kollidere med det politiske systemet. Sidan det var den første konserten til eit vestleg band i Aust-Berlin og var på ein såg profilert stad, var det internasjonal presse utafor med kamera overalt. 80 % av billettane vart gjevne bort til embetsfolk eller organisasjonar knytte til den austtyske regjeringa. Dei andre 20 % vart utselde på fem minutt. Kring ein halvtime før konserten var det ein skummel augneblink då 900 folk pressa seg mot dei store vindauga på staden i eit forsøk på å kome inn. På innsida måtte me ta ei avgjersle: Skulle me få mykje publisitet ved å la vindauga bli øydelagde - kanskje folk kom til å bli skadd eller verre - og øydeleggje konserten? Ein PR-offiser ville sikkert sagt me var dumme, men sidan me ønskte å spele musikk, var det enkelt: Eg sa til tenestemennene at me ikkje kom til å spele med mindre dei sleppte desse folka inn gratis, og slik hindre problem. Dei gjekk med på dette og det var første gongen eg forstod kva politisk journalisme handlar om: Skrive noko sensasjonelt og uvanleg fører til suksess, men til kva pris? På den andre sida hadde me ein flott konsert. Musikalsk var det berre bra, men den politiske, internasjonale journalismen var særs skuffande. Heile konserten vart berre nemnt i ein liten notis i avisa neste dag - ingen var eigentleg interessert . Om me skulle gjort det i dag hadde eg teke den same avgjersla.»[2]


Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«Quichotte, Part One»23:33
Side 2
Nr.TittelLengd
2.«Quichotte, Part Two»22:30

Remiksa utdrag frå «Quichotte, Part One» vart nytta på filmmusikkalbumet Wavelength. Pianosoloen frå Part One er gjeve ut på andre album som «Pergamon (Piano Part)» og nyinnspelt som «Pergamon Sphere».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:Cite vitn
  2. 2,0 2,1 «Quichotte». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020.