Trana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tranen
Tranen
Latinsk namn Grus
Forkorting Gru
Genitivsform Gruis
Symbologi the Crane
Rektasensjon 22 h
Deklinasjon −45°
Areal 366 kvadratgrader
nr. 45 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne α Gru (Al Na'ir) (+1,73. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90°

Trana (frå latin Grus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av dei tolv stjernebileta som Petrus Plancius danna etter observasjonar frå Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman. Trana vart først nedteikna på ein 35 cm stor himmelglobus, laga i 1598 i Amsterdam av Plancius og Jodocus Hondius og vart avbilda i stjerneatlaset til Johann Bayer, Uranometria frå 1603. Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille gav stjernene Bayernemning i 1756. Somme av dei hadde tidlegare vore rekna som ein del av nabostjernebiletet Den sørlege fisken. Stjernebiletets Trana, Påfuglen, Føniks og Tukanen vert i lag kalla «Dei sørlege fuglane».

Den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, Alfa Gruis eller Alnair har storleiksklasse 1,7 og er ei blåkvit stjerne. Beta Gruis er ei raud kjempe og variabel stjerne med ein minste storleiksklasse på 2,3 og ein største storleiksklasse på 2,0. Ein har funne seks stjernesystem med planetar: den raude dvergen Gliese 832 er ein av dei nærmaste stjernene til jorda med planetsystem. Ei anna, WASP-95, har ein planet som krinsar rundt stjerna på berre to dagar. Djupromsobjekt i Trana er mellom anna ei planetarisk tåke, IC 5148, som òg vert kalla Reservedekktåka, og ei gruppe på fire vekselverkande galaksar kalla Tranekvartetten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trana

Koordinatar: Sky map 22h 00m 00s, −47° 00′ 00″