Kerrera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kerrera
Lokalt namn: Cearrara 
Gylen Castle på Kerrera
Gylen Castle på Kerrera
Geografi
Kerrera is located in
Kerrera ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°24′ N 5°32′ WKoordinatar: 56°24′ N 5°32′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 12,14 km²
Høgaste punkt Carn Breugach (189 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Bailiemore
Demografi
Folketal 35 (2005)
Folketettleik 2,9 /km²

Kerrera (skotsk-gælisk Cearrara, norrønt Kjarbarey) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, nær byen Oban. I 2005 hadde øya om lag 35 innbyggjarar. Det går passasjerbåt til fastlandet ved Gallanach Road.

Øya er kjend for ruinane av Gylen Castle frå 1582. Det var òg staden der Aleksander II av Skottland døydde i 1249. Det høgaste punktet på øya er Carn Breugach på 189 meter over havet. Det meste av øya er eigd av McDougall-familien frå Dunollie, som er etterkomarar etter den skotske prinsen Somerled.

Hovudnæringa på øya er jordbruk (sau og Highland-kveg) og turisme. Det ligg ein kafe sør på øya nær Gylen Castle. Sjølve slottet har nyleg vorte restaurert og er i dag ope for publikum.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]