Scalpay i Ytre Hebridane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scalpay
Lokalt namn: Sgalpaigh Na Hearadh/Sgalpaidh
Geografi
Scalpay i Ytre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°52′ N 6°41′ WKoordinatar: 57°52′ N 6°41′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 6,53 km²
Høgaste punkt Beinn Scorabhaig (104 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad An Acarsaid a Tuath (North Harbour)
Demografi
Folketal 322 (2001)
Folketettleik 49,3 /km²

Scalpay (skotsk-gælisk Sgalpaigh og Sgalpaigh na Hearadh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland.

Scalpay, mot åsane på Nord-Harris i vest.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Scalpay er om lag 4 km lang og har ei høgd på 104 meter over havet ved Beinn Scorabhaig. Den næraste naboøya til Scalpay er Harris om lag 300 meter på den andre sida av Caolas Scalpaigh. Det vart bygt bru mellom dei to øyane i 1997. Hovudbusetanden på øya ligg i nord, nær brua, ved An Acairseid a Tuath (North Harbour).

Øya har mange små vatn. Det største av desse er Loch an Duin, som har ei lita øy i seg med ruinane av ei gammal festning.

I 2001 hadde øya 322 innbyggjarar og hovudnæringa var hovudsakleg fiskeoppdrett og rekefiske. Øya har eit areal på 6,53 km².

Eilean Glas er ei lita halvøy på austsida av Scalpay. Her var det første fyret i Ytre Hebridane bygt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]