South Uist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
South Uist
Lokalt namn Uibhist a Deas
Geografi
South Uist is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°16′0″ N 7°19′0″ WKoordinatar: 57°16′0″ N 7°19′0″ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 320,26 km²

Høgaste punkt Beinn Mhòr (620 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Lochboisdale

Demografi
Folketal 1818 (2001)
Folketettleik 5,7 /km²

South Uist (skotsk-gælisk Uibhist a Deas, norrønt Sudra Ívist) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. I 2001 hadde ho 1808 innbyggjarar. Øya er eit naturreservat og har fleire stader av arkeologisk interesse, mellom anna den einaste staden i Storbritannia der ein har funne forhistoriske mumiar. Omtrent 90 prosent av folkesetnaden er katolsk. Øya er som resten av Hebridane ein av dei siste gjenverande stadene der skotsk-gælisk framleis vert oppretthalde som levande språk i Skottland. I 2006 var South Uist og dei nærliggande Benbecula og Eriskay involverte i det største oppkjøp av landområde i Skottland til dags dato. I nordvest er det ein teststad for utskytingar av missil.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

«Our Lady of the Isles»; Vår frue av Øyane.

I vest er machairar (fruktbart lågtliggande kystområde) med ei samanhengande sandstrand, medan austkysten er fjellendt der fjelltoppane Beinn Mhòr og Hecla går opp til respektive 620 og 606 meter over havet. Det viktigaste landsbyen på øya er Lochboisdale (Loch Baghasdail) og frå her går det ferjer til Oban på fastlandet og til Castlebay (Bàgh a' Chaisteil) på Barra. Øya har òg vegsamband til Eriskay og Benbecula. Mindre busetnader er Daliburgh (Dalabrog), Howmore (Tobha Mòr) og Ludag.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Turisme er viktig for økonomien på øya og av attraksjonane er Kildonan Museum som husar steinmonumentet Clanranald Stone frå 1500-talet og ruinane av huset der Flora MacDonald vart fødd.

South Uist har òg golfbanen Askernish Golf Course som er den eldste golfbanen på Ytre Hebridane, forma av gamle Tom Morris som òg arbeidde ved Old Course i St. Andrews. Golfbanen som var intakt fram til 1930-talet er no vorte restaurert attende slik Morris opphavleg forma banen, sjølv om dei lokale golfarane var imot dette.[1] Delar av golfbanen vart øydelagd for å gje plass til ein veg og identiteten til banen vart skjult i mange år før han vart oppdaga på ny, men mange lokale innbyggjarar var i mot omlegginga[2].

Etter ein langvarig kampanje tok innbyggjarane på South Uist kontroll over øya den 30. november 2006 i det største landkjøpet i Skottland til dags dato. Dei tidlegare landeigarane, eit sportssyndikat, selde 372 km² eigedom for £4,5 millionar [3] til samfunnsselskapet Stòras Uibhist som vart oppretta for å overta eigedomar og halde dei i perpetuitet[4]. Oppkjøpet førte til at det meste av South Uist og dei nærliggande Benbecula og heile Eriskay kom under kontrollen til lokalsamfunnet igjen.[5]

Forslaget for at lokalsamfunnet skulle vere eigar hadde møtt overveldande støtte på øyane som såg fram til å kunne delta i høvet til å fornye lokaløkonomien, å omstøyte tilbakegangen og avfolkinga og bevare miljømessige behov, kultur og historie på øyane. Namnet på selskapet, Stòras Uibhist, symboliserer håp for framtida om rikdom og framgang for øyane.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Blomar på det lågtliggande kystområdet, machair, ved Loch Druidibeg.

Nord på øya ligg eit nasjonalt naturreservat eigd og administrert av Scottish Natural Heritage. Reservatet dekker 16,77 millionar m² machair, myr, lyngheier, åskammar og innsjøar.[6] Det finst over 2000 blomar, nokre som er nasjonalt sjeldne. South Uist er rekna som den beste staden i Storbritannia for den akvatiske planta mjukt havfrugras (Najas flexilis),[7] som er ein verna art i Europa.

Nasjonalt viktig er bestandar av vadefugl, mellom anna raudstilk, myrsnipe, vipe og sandlo. Det er òg heim for grågås ved innsjøane og om somrane åkerriksemachair. Oter og myrhauk er òg observert.

Det har vore stor strid om piggsvin på South Uist. Dyra er ikkje naturlege på øya og vart først sett ut på 1970-talet for å redusere hageutøy. Dei representerer no ein trussel for egga til fuglar som hekkar i reservatet.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn vestover til Nicolson's Leap. I bakgrunnen kan ein sjå fjelltoppene Beinn Mhór til venstre, og Hecla til høyre.

Det såkalla SEARCH-prosjektet (forkorting for «Sheffield Environmental and Archaeological Research Campaign in the Hebrides») på South Uist har utvikla eit langtidsperspektiv på endringane i besetningen og husformene frå bronsealderen og fram til 1800-talet. Organisasjon innanfor atlantiske rundhus frå jernalderen ser ut til å ha vore særs forskjellige frå svarthus frå 1800-talet der bustaden vart delt med husdyra. Å dele bustad med husdyra er ofte sett på som eit tradisjonelt hebridisk ordning som reflekterte norrøn påverknad.[8]

Dei lokale innbyggjarane stammer i stor grad frå den tidlegare norrøne folkesetnaden som busette seg på øyane frå og med vikingtida. Mange av stadnamna reflekterer dette, mellom anna Hecla, Eriskay og andre. På vestsida av Loch Kildonan ligg ruinane av ei norrøn kyrkje kalla Cille Donnain og nokre bygningar i nærleiken, Eilean Mor, var eit viktig religiøst og politisk senter på 1100-talet, liknande FinlagganIslay, og kan ha vore eit sete for ein norrøn biskop. Kyrkja ligg ved ein tidlegare bygdeborg-liknande struktur (dun).[9]

Det arkeologiske staden Cladh Hallan er den einaste staden i Storbritannia der ein har funne forhistoriske mumiar.[10]

Rakettutskytingsbase[endre | endre wikiteksten]

Nordvest på øya ligg ein rakettutskytinsbase for testing av missil som vart bygt i åra 1957-1958. Frå her vart missilen Corporal skoten opp, det første styrte atomvåpenet til Storbritannia og USA. Utviklinga skjedde trass i store protestar der nokre lokale frykta at skotsk-gælisk ville lide under trykket frå engelsktalande militærpersonell. Dei britiske styresmaktene hevda at det var ein «altoverskuggande nasjonal interesse» i å få etablert ein teststad for rakettar, særskild den nye missilen deira Corporal, eit våpen som var i fronten for den kalde krigen. Basen er framleis operativ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Storas Uibhist press release, arkivert frå originalen 7. september 2007, henta 27. februar 2010 
  2. cybergolf.com re Askernish course Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.. Crofters deny Old Tom claim. Forgan, Duncan (28. juli 2007) Island pins hopes on past links. Edinburgh. The Scotsman newspaper.
  3. Land buyout reality for islanders BBC News Online
  4. Stòras Uibhist; Islanders pay £4.5m to be rid of feudal lairds The Independent newspaper. (1. desember 2006)
  5. The quiet revolution. (19. januar 2007) Broadford. West Highland Free Press.
  6. SNH Loch Druidibeg (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2016, henta 27. februar 2010 
  7. JNCC Slender Naiad report
  8. Smith, H., Marshall, P. og Parker Pearson, M. 2001: «Reconstructing house activity areas», s. 249-270. In Albarella, U (red) Environmental Archaeology: Meaning and Purpose. Kluwer Academic Publishers.
  9. Cille Donnain: a late Norse church in South Uist, (PDF) ved Andrew Fleming & Alex Woolf
  10. BBC - History - The Mummies of Cladh Hallan

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]