Gigha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gigha
Lokalt namn: Giogha 
Geografi
Gigha is located in
Gigha ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 55°41′ N 5°45′ WKoordinatar: 55°41′ N 5°45′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 13,95 km²
Høgaste punkt Creag Bhàn (100 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Ardminish
Demografi
Folketal 110 (2001)

Isle of Gigha (skotsk-gælisk Giogha, norrønt Guðey) er ei øy utanfor vestkysten av Kintyre i Skottland. Øya er ein del av Argyll and Bute i Indre Hebridane og har kring 150 innbyggjarar. Dei fleste av desse talar skotsk-gælisk.[1] Klimaet er mildt med fleire soltimar enn det som er vanleg for vestkysten av Skottland.

Gigha har ei lang historie og har vore busett sidan førhistorisk tid. Ho kan ha hatt ei viktig rolle i Kongedømet Dalriada og høyrte tidlegare til MacNeill-klanen. Ho kom under norsk kontroll i mellomalderen og vart seinare innlemma i det moderne Skottland.

På 1700-talet budde over 700 menneske på Gigha, men på 1900-talet hadde øya fleire eigarar, noko som hindra utvikling på øya. Tidleg på 2000-talet hadde folketalet falle til berre 98, men dei siste åra har folketalet stige att og er no nærare 150.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne namnet på øya var Guðey eller Gudøy.[2][3][4][5] Øya er nemnd under dette namnet i Hákonar saga Hákonarsonar.[6]

Trass i likskapen hevdar Keay og Keay (1994) og Haswell-Smith (2004) at det gæliske namnet kjem frå Gjáey, som tyder «øya med kløfta».[1][4]

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Creag Bhàn, det høgaste punktet på øya

Gigha ligg 5 km utanfor kysten av Kintyre og er 9,5 km lang frå nord til sør og opp mot 2,5 km brei. Ho har eit areal på 13,95 km² og det høgaste punktet er Creag Bhàn på berre 100 meter over havet. Ryggen på midten av øya består av amfibolitt med intrusjonar av basalt.[1][4][7]

Den største busetnaden på øya er Ardminish på søraustsida og her finst ein liten ankringsplass, Ardminish Bay. Ligg lenger nord ligg Druimyeon Bay og bortanfor der West og East Tarbert Bay.

Klimaet er mildare og meir solrikt enn mange andre stader i Skottland.[3][4] Normalt kjem det mellom 1000 og 1290 mm nedbør i året.[8]

Naboøyar[endre | endre wikiteksten]

Cara Island ligg like sør for Gigha, og den mindre Craro island ligg i vest og Gigalum i søraust. Ein sandbanke går mellom Gigha og Eilean Garbh i nordvest. I nord ligg skjera An Dubh Sgeir og Gamhna Giogha. Sound of Gigha går mellom Gigha og øyane like utanfor fastlandet ved Kintyre.[7]

I vest og nordvest ligg dei to større øyane Islay og Jura. I sørvest ligg Rathlin Island og nordenden av Irland, som er mogeleg å sjå frå Gigha på klåre dagar.[9] Mellom Jura og Gigha ligg skjera Na Cuiltean og Skervuile fyr. Mellom Gigha og Port Ellen på Islay ligg Isle of Texa. Eilean Mòr og Isle of Danna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gigha har vore kontinuerleg busett sidan førhistorisk tid og det står fleire ståande steinar rundt på øya. Det er òg mange arkeologiske stader, som omfattar steinrøyser, ståande steinar, dunar og ein ogham-stein nær Kilchattan, som ikkje har vorte tyda enno.[1]

Ogham-steinen

Området til Cenél nGabraín var sentrert rundt Kintyre og Knapdale og kan ha omfatta Arran|Arran]], Jura og Gigha. Tittelen konge av Kintyre vart nytta om kongane av Cenél nGabrain.[10][11] Dette ville ha gjort Gigha ein del av Dalriada.

Det finst enkelte spor som tyder på at øya kan ha vore maktsenteret til Conall mac Comgall, konge av Dalriada, på siste halvdel av 500-talet. Annals of Tigernach omtalar slaget ved Delgon (seinare Cindeglen) i 574 og dette har vorte identifisert til å ha funne stad på Gigha, då kalla Eilean da Ghallagan,[12][13], men andre kjelder hevdar at slaget fann stad på Kintyre.[14]

Ein illustrasjon av Håkon av Noreg og sonen Magnus, frå Flateyjarbók

Den nærliggande Islay var senteret for nordmennene sin kontroll over Hebridane og GIgha vart seinare ein del av Kongedømet Man og øyane. Namnet på øya kan ha norrønt opphav, men dette er omstridd, sjølv om det er fleire stadnamn i nærleiken som har norrønt opphav, som Gigalum (t.d «Gigha - holm») og Cnoc Haco (truleg «Håkonsåsen», cnoc tyder ås).[15]

I 1849 vart det funne ei vikinggrav i East Tarbert Bay, med fleire gjenstandar, mellom anna ei bronsevekt frå 900-talet.[1][16]. Før slaget ved Largs skal Håkon IV av Noreg ha vitja øya.[1]

Gigha er den gamle heimstaden til MacNeill-klanen.[17] I 1530 tok den frykta sjørøvaren Ailean nan Sop livet av MacNeill av Taynish og mange av øybuarane.

I 1567 vart Gigha rasert av Maclean-klanen frå Duart.[18] I 1587 hadde stridane mellom klanane i det vestlege Highland vorte så harde at parlamentet blanda seg inn for å roe det heile ned. Lachlan Mor MacLean av Duart herja likevel MacDonald-øyane Islay og Gigha, og slakta ned 500—600 man. Striden mellom klanane heldt fram dei neste åra med mange harde kampar.

Kyrkja i Kilchattan

På 1700-talet hadde Gigha over 600 innbyggjarar, men dette hadde minka til like under 400 nær slutten av 1800-talet. MacNeill-familien selde øya til William Scarlett, 3. Baron Abinger i 1865. Scarlett bygde eit herskapshus på Achamore og Gigha vart verande i familien hans til 1919.[4][19]. Gjennom 1900-talet hadde øya fleire eigarar, men det var lite utvikling på øya, bortsett frå at det vart oppretta enkelte fiskeoppdrettsanlegg. I 1960-åra hadde folketalet falle til 163, og i 2000 berre 98.[20][21]

I mars 2002 klarte øybuarane ved hjelp av støtte og lån å kjøpe øya for £4 million. Dei eig no øya gjennom eit utviklingsselskap kalla Isle of Gigha Heritage Trust.[22] Folketalet har sidan den gong stige igjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Keay & Keay (1994) s. 423.
  2. Iain Mac an Tailleir. «Placenames» (pdf). Pàrlamaid na h-Alba. http://www.scottish.parliament.uk/vli/language/gaelic/pdfs/placenamesF-J.pdf. Henta 14. februar 2010. 
  3. 3,0 3,1 Murray (1977) s. 115–16.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Haswell-Smith (2004) s. 37–41.
  5. Czerkawaska (2006) s. 35–36.
  6. § 328, Linje 8; A. O. Anderson, Early Sources, vol. ii, s. 617, 620
  7. 7,0 7,1 Explorer 357: Kintyre North, Knapdale South & Isle of Gigha. (2001) Southampton. Ordnance Survey.
  8. "1971-2000 mapped averages" Met Office.
  9. Murray (1966) s. 2.
  10. Thomson (1994) s. 40 Cenél nGabrain
  11. Grimble (1985) s. 9 Chap. 2 Isles of the Saints
  12. McLeod, John [1] (December 1983) (pdf)
  13. Innes, C. (1832)"Syllabus of Scottish Cartularies" (pdf)
  14. Onomasticon Godelicum. CELT/Documents of Ireland
  15. Czerkawaska (2006) s. 115–16.
  16. Czerkawaska (2006) s. 113.
  17. "MacNeill of Colonsay" ScotClans.
  18. Czerkawaska (2006) s. 130.
  19. Czerkawaska (2006) s. 179
  20. Ross, J (2006-10-13), Island of opportunity welcomes a population explosion, Edinburgh, http://thescotsman.scotsman.com/Skottlandspopulation/Island-of-opportunity-welcomes-a.2818002.jp, henta 14. februar 2010 
  21. Czerkawaska (2006) s. 214-215.
  22. «Isle of Gigha website». http://www.gigha.org.uk/. Henta 14. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gigha