Lunga i Firth of Lorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lunga
Lokalt namn: Lunga
Klipper på Lunga
Klipper på Lunga
Geografi
Lunga i Firth of Lorn is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°13′0″ N 5°42′0″ WKoordinatar: 56°13′0″ N 5°42′0″ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 2,54 km²
Høgaste punkt Bidean na h-Iolaire (98 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Rubha Fiola Centre
Demografi
Folketal 7 (2001)
Sjå òg Lunga i Treshnish Isles

Lunga (norrønt Langaey) er ei øy i øygruppa Slate Islands i Indre Hebridane på vestkysten av Skottland. Ho er den vestlegste av dei større øyane i Slate Islands og ligg i Firth of Lorn like nord for Scarba og vest for Luing. Vest for Lunga ligg holmane Garvellachs.

Namnet Lunga kjem av det norrøne Langaey, som kan tyda langskip-øya. Andre stadnamn på øya har gælisk opphav.

Øya er 2,54 km² og den fjerde største av Slateøyane etter Luing, Seil og Shuna. Med til reknar ein òg holmane Fiola an Droma, Eilean Iosal, Fiona Meadhonach og Rubha Fiola, sjølv om desse er tidvassøyar ved høgvatn. Det høgaste punktet på Lunga er Bidean na h-Iolaire (gælisk for «Ørnetoppen») som er 98 meter over havet. Rundt Lunga ligg fleire mindre holmar og skjer, mellom dei Belnahua, Eilean Dubh Mor og Fladda i nordvest og Guirasdeal i sørvest. Det ureine farvatnet og sterk tidvasstraum gjer farvatnet rundt Lunga vanskeleg å navigere i. Mellom Lunga og Scarba går den sterke tidvasstraumen Bealach a' Choin Ghlais (den gråe hunden-passet), der straumen kan nå ein styrke på opp mot åtte knop. Straumen vert òg kalla vesle Corryvreckan etter den større malstraumen Corryvreckan mellom Scarba og Jura.

Det er busetnad både på austsida av sjølve Lunga og på Rubha Fiola, den einaste faste busetnaden er knyt ttil eit aktivitetssenter på Rubha Fiola. Det høgaste folketalet som er registrert på øya er 29 innbyggjarar i 1794, folketalet gjekk ned utover 1800-talet og øya hadde ikkje fast busetnad på 1960- og 1970-talet.[1] Ved folketeljinga i 2001 var det registrert 7 innbyggjarar på Lunga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543. 
  2. Number of residents and households in all inhabited islands (engelsk) (PDF). General Register Office for Scotland. Vitja 18. februar 2010.