Lærardag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lærardag i Thailand. Elevar og lærarar helsar kvarandre med wai.

Lærardag blir markert til ulike tider i fleire land til ære for lærarar.

Den internasjonale lærardagen blir feira den 5. oktober kvart år. Dagen blei innstifta i 1994.

Lærardagar i ulike land[endre | endre wikiteksten]

Januar[endre | endre wikiteksten]

  • Lærardag (วันครู) i Thailand den 16. januar. Dagen blei fastsett av styresmaktene i november 1956 og først markert i 1957.

Februar[endre | endre wikiteksten]

  • Lærardag (Багш нарийн баярын өдөр) i Mongolia den første helga i februar.

Lærardagen blir feira den 28. februar i Oman, Syria, Egypt, Libya, Qatar, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Jemen, Tunisia, Jordan, Saudi-Arabia, Algerie og Marokko.

Mars[endre | endre wikiteksten]

  • Festa e mёsuesit i Albania den 7. mars. Den første skulen opna i Albania i 1867.

Tsjekkiske elevar kan nominera lærarar som motiverer og inspirerer dei til tevlinga Zlatý Ámos ('Gylne Amos'). Vinnaren får prisen denne dagen.[1][2]

April[endre | endre wikiteksten]

  • Día del Maestro i Paraguay den 30. april.

Mai[endre | endre wikiteksten]

Seremoni under lærardagen i Bhutan.
  • National Teacher Day blir feira i USA tysdagen i Teacher Appreciation Week, den første heile veka i mai.

Elevar kan gje symbolske gåver og kort til lærarane sine. Dagen har òg vore nytta av folk som ikkje lenger er elevar til å takka lærarane sine.[3]

Medan fleire ulike dagar har vore feira som lærardag i USA, blei han lagt til lærarveka frå 1985. Massachusetts feirar dagen den første søndagen i juni, etter å ha innstifta ein lærardag den 11. september på eiga hand i 1976.

  • Lærardag i Bhutan den 2. mai blir feira til ære for den tredje kongen av Bhutan, som innførte eit moderne skulesystem i landet.

Skular er ofte opne berre halve dagen. Elevar og foreldra deira kan gje lærarane gåver.

Dagen har vore feira frå 1193 (Seoul) og 1964 (Chunju). Elevar og tidlegare elevar gjev gjerne ein nellik til lærarane sine.

Datoen er til minne om Razak-rapporten frå 1956, eit dokument som la grunnlaget for utdanning i Malaysia. Dagen er ikkje ein fridag på skulane, men blir likevel gjerne markert der den 16. mai, eller tidlegare, om denne dagen fell på ein laurdag eller søndag.

Skulefri, men lærarar og elevar feirar dagen på skulane med mat, gåver og nokre stader musikk.

Juni[endre | endre wikiteksten]

  • Pedagógus nap i Ungarn den første søndagen i juni.

Juli[endre | endre wikiteksten]

  • Día del Maestro i Peru den 6. juli.

Dagen er til minne om skulen grunnlagd av José de San Martín under den peruanske sjølvstendekrigen. Skulen blei grunnlagd gjennom ein resolusjon gjeven av José Bernardo de Tagle den 6. juli 1822. Den peruanske presidenten Manuel A. Odría innstifta lærardagen på denne datoen i 1953.[6]

September[endre | endre wikiteksten]

Ballspel mellom lærarar og elevar under lærardagen i Singapore.
Elevane underheld under ei lærardagmarkering i Uttar Pradesh i India.
  • Singapore feirar lærardag den 1. september.

Sjølve dagen er ein skulefridag. Dagen før er halv dag, og det er ofte då ein feirar lærardagen.

Denne dagen er skulane opne, men i staden for vanleg undervising kan ein ha takk- eller minnemarkeringar. Nokre stader utfører eldre elevar undervisinga for å syna takksemd til lærarane.

  • 10. september feirar ein lærardag (教师节) i Kina og Hong Kong.

Elevar kan syna takksemd til lærarane gjennom ulike aktivitetar, kort og blomar.

Hong Kong feira tidlegare lærardagen den 28. september etter Republikken Kina (Taiwan) sin tradisjon frå 1950-talet. Då byen gjekk tilbake frå Storbritannia til Kina i 1997 blei dagen flytta til 10. september, som i Folkerepublikken Kina.

Dagen blei feira den 27. august frå 1939, ettersom dette var rekna som Konfutse sin fødselsdag. I 1952 endra dei taiwanesiske styresmaktene datoen til 28. september, som dei meinte var meir presis i høve til den gregorianske kalenderen.

Folk pleier vitja lærarar eller senda kort til dei for å takka dei for arbeidet deira for elevar og heile samfunnet. Utvalde lærarar kan få prisar. Dagen blir også markert i konfusianske tempel rundtom på øya. Den store Konfutse-seremonien (祭孔大典), utforma av Konfutse-etterkomaren Kung Te-cheng, blir halde årleg med seremoniell musikk og dans og ofring.

Oktober[endre | endre wikiteksten]

  • Beynəlxalq Müəllimlər Günü i Aserbajdsjan blir i dag feira den 5. oktober, på den internasjonale lærardagen. Frå 1965 til 1994 fall dagen på første søndagen i oktober.
  • Teachers' dayFilippinane den 5. oktober, men blir feira på skular i løpet av september og oktober.

Datoen blei erklært som lærardag av president Gloria Arroyo i 2003.[7] Elevar gjev lærarane små orkidebukettar og opptrer med sketsjar, diktopplesing, song og dans.

  • Mokytojo diena i Litauen den 5. oktober.
  • Teacher's Day i Pakistan den 5. oktober.
  • Russland feirar lærardag (День учителя) den 5. oktober.

Frå 1965 til 1994 var dagen lagt til første søndagen i oktober. Frå 1994 gjekk landet over til den nylaga internasjonale lærardagen.

Dzień Nauczyciela i Polen den 14. oktober.

Datoen er til minne om grunnlegginga av Komisja Edukacji Narodowej (Kommisjonen for nasjonal utdanning) i 1773, på ordre av kong Stanisław August Poniatowski.

I 1975 feira Chile 10. desember som lærardag, til minne om tildelinga av Nobelprisen i litteratur til den chilenske diktaren Gabriela Mistral i 1945. I 1977 blei datoen endra til 16. oktober, datoen for grunnlegginga av Colegio de Profesores de Chile (Lærarhøgskulen i Chile).[8]

  • World Teachers’ Day blir feira siste fredagen i oktober i Australia.[9]

November[endre | endre wikiteksten]

Atatürk lærar born det tyrkiske alfabetet. Statue i Istanbul.
  • Ngày nhà giáo Việt Nam i Vietnam den 20. november. Dagen stammer frå eit møte mellom utdannarar frå kommunistland i Warszawa i 1957.

Elevar byrjar førebuinga ei veke i førevegen. Dei kan laga kunstverk og tekstar til ære for lærarane sine. Andre førebur mat og blomar til feiringar halde ved skulane. Ofte vitjar elevar og tidlegare elevar lærarane heime og gjev dei blomar og små gåver. Det blir òg halde utflukter.

  • Öğretmenler Günü i Tyrkia den 24. november.

Ifølgje Mustafa Kemal Atatürk ville «nye generasjonar skapast av lærarar.» Atatürk sjølv er rekna som førstelæraren (tyrkisk Başöğretmen) fordi han innførte det tyrkiske alfabetet i 1923.

Dagen minner grunnlegginga av den indonesiske læararorganisasjonen PGRI. Han er ikkje ein fridag, men kan markerast gjennom seremoniar der visse lærarar, rektorar og andre blir heidra.

Desember[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lærardag