Gabriela Mistral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gabriela Mistral (pseudonym for Lucila Godoy Alcayaga; fødd 7. april 1889 i Vicuña i Chile; død 10. januar 1957 i Hempstead i New York) var ein chilensk lyrikar, pedagog og diplomat som i 1945 vann Nobelprisen i litteratur «för den av mäktig känsla inspirerade lyrik, som gjort hennes diktarnamn till en symbol för hela den latinamerikanska världens ideella strävanden.»[1][2]

Gabriela Mistral
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1945

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gabriela Mistral sitt fulle namn var Lucila de María del Perpetuo Socorro Godoy Alcayaga. Ho vart fødd inn i ein baskisk-indiansk familie. Faren, som var lærar, forlot familien då ho var tre år. For å hjelpe på familieøkonomien starta ho som hjelpelærar då ho var i sekstenårsalderen. Ho tok snart til å skrive, og fekk publisert dei første tekstene i avisene La Voz de Elqui og Diario Radical de Coquimbo i 1905. Pseudonymet sitt valde ho frå to av sine idolar: den franske poeten Frédéric Mistral og den italienske forfattarinna Gabriele d'Annunzio.

Rundt 1906 trefte ho jernbanemannen Romelio Ureta som ho vart i lag med. Etter at han blei tatt i å ha gjort underslag tok han i 1909 sitt eige liv, ei hending ho bearbeida i verka sine. I 1914 vann ho den chilenske litteraturprisen for Sonetos de la Muerte, og blei straks kjent over heile Latinamerika.

Frå 1906 til 1922 arbeidde Gabriela Mistral som lærar og flytta mykje, ho var i La Serena, Barrancas, Traiguen, Antofagasta, Los Andes, Punta Arenas, Temuco og Santiago. I 1921 blei ho rektor ved ei av dei mest velrenommerte jentegymnasa i Santiago. I 1922 kom den andre diktsamlinga, Desolación, og den vekte internasjonal oppsikt. Som for alle tekstene hennar handla denne òg om kjærleik, død og håp.

Mellom 1922 og 1934 budde Gabriela Mistral for det meste utanfor Chile. Ho var i Mexico på invitasjon av kulturdepartementet i landet og arbeidde der med ein skolereform. Deretter reiste ho til USA og Europa. I 1930 blei ho gjesteprofessor ved Barnard College, Columbia University i New York City og ved Vassar College i Poughkeepsie.

I 1933 gjekk ho inn i det chilenske diplomatiet og leia konsulatet i Madrid. Same år adopterte ho nevøen Juan Miguel. Dei følgjande åra representerte ho Chile i Brasil, Spania, Portugal og USA. Under den andre verdskrigen var ho Brasil der ho knytte venskap med ekteparet Lotte og Stefan Zweig. I 1942 tok dei sine eigne liv, året etter gjorde adoptivsonen det same.

Gabriela Mistral hadde dårleg helse dei siste leveåra og trekte seg attende frå det offentlege livet. Ho reiste på ein tur til Chile og fekk då ei entusiastisk mottaking. 10. januar 1957 døydde ho i huset sitt i New York som følgje av ein kreftsjukdom.

Til hennar ære blei Gabriela Mistral-prisen for kultur stifta i 1979. Blant mottakarar så langt er den peruvianske poeten Antonio Cisneros og den engelske rockemusikaren Sting.

Den chilenske presidenten Michelle Bachelet gav i 2009 Augusto Pinochet-regjeringa sitt tidlegare hovudkvarter namnet Centro Cultural Gabriela Mistral.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Mistral i 1945

Verka til Mistral er gjennomsyra av ein djup sorg. Sjølv om ho ikkje var gift, dukkar lengten etter å verte mor opp i mange av dikta hennar. Ho var ein truande katolikk, men den chilenske litteraturkritikken si framstilling av ho som ein «helgen» er overdreven. Ho sympatiserte med reglane til Fransiskanarordenen utan å ta skrittet fullt ut og gå inn i ordenen. Verka hennar er òg påverka av indisk religiøs tenking og indiske forfattarar som Tagore og Sri Aurobindo. Saman med Pearl S. Buck gjorde ho framlegg om Sri Aurobindo som vinnar av Nobelprisen i litteratur for 1950.

  • Cartas de amor y desamor. Bello, Barcelona 1999, ISBN 84-89691-67-3
  • Desolación. Poemas. Bello, Barcelona 2001, ISBN 84-95407-22-1 (inneheld Ternura)
  • Epistolario, 1957
  • Escritos politicos. Fondo de Cultura Económca, Mexiko-Stadt 1994, ISBN 956-7083-24-X
  • Lagar. Edicion Bello, Santiago de Chile 1994, ISBN 956-13-1187-9
  • Lecturas para mujeres. Editorial Porrúa, Mexiko-Stadt 1988, ISBN 968-432-537-1
  • Poemas de la madre, 1950
  • Recados. Contando a Chile, 1957
  • Rondó del astro. Espasa Calpe, Santiago de Chile 2000, ISBN 84-239-9019-2
  • Sonetos de la muerte. Poemas. Editorial Porrúa, Mexiko-Stadt 1988
  • Tala. Poemas. Cátedra, Madrid 2001, ISBN 84-376-1943-2

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Irene Ferchl: «Du sollst dein Werk wie dein Kind hervorbringen, mit dem Blut aus tausend Tagen», i Charlotte Kerner: Nicht nur Madame Curie. Frauen, die den Nobelpreis bekamen. Belz Verlag, Weinheim 1999, ISBN 3-407-80862-3
  • Satoko Tamura: Sonetos de la muerte de Gabriela Mistral. Gredos, Madrid 1998, ISBN 84-249-1881-9
  • Gertraude Wilhelm (red): Die Literaturpreisträger. Ein Panorama der Weltliteratur im 20. Jahrhundert, Econ Taschenbuch Verlag, Düsseldorf 1983, ISBN 3-612-10017-3
  • Karin Hopfe: «Muttersprache, fremde Sprache. Zur Poetik Gabriela Mistrals». I: Horizont-Verschiebungen. Interkulturelles Verstehen und Heterogenität in der Romania. Redigert av Claudius Armbruster og Karin Hopfe. Tübingen: Gunter Narr,1998, s. 437 - 448.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «for her lyric poetry which, inspired by powerful emotions, has made her name a symbol of the idealistic aspirations of the entire Latin American world»
  2. Nobelpristildelinga 1945 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gabriela Mistral