Det første krosstoget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det første krosstoget
Del av Krosstoga
1099jerusalem.jpg
Omleiringa av Jerusalem markerte den første sigeren i det første krosstoget
Dato 10961099
Stad Det nære Austen (Anatolia, Levanten, Israel)
Krigsårsak Militær hjelp til austromarane mot seldsjukk-tyrkarane
Dei kristne sitt ønske om kontroll over Det heilage landet
Resultat Avgjerande kristen siger og landkontroll
Endringar i landområde Anatolia og Levanten erobra for kristendomen;
Kongedømet Jerusalem/krossfararstatane oppretta
Partar
Kristendom:

Holy Roman Empire Arms-single head.svg Det tysk-romerske riket

France Ancient.svg Frankrike

Henry II Arms.svg England

Aragon-Sicily Arms.svg Puglia

Komnenos-Isaac-Arms.svg Austromarriket
Armoiries Héthoumides.svg Kongedømet Kilikia

Sarasenarar:

Flag of Jihad.svg Danishmendane
Fatimid flag.svg Fatimid
Flag of Almohad Dynasty.svg Almoravidane
Flag of Afghanistan (1880–1901).svg Abbasidane

Kommandantar
CoA civ ITA milano.png Guglielmo Embriaco

Blason Lorraine.svg Godfrey av Bouillon
Armoiries Provence.svg Raymond IV
Blason Blois Ancien.svg Stefan II
Blason Courtenay.png Baldvin av Boulogne
Blason Courtenay.png Eustace III av Boulogne
Blason Nord-Pas-De-Calais.svg Robert II av Flandern
Blason ville fr PuyVelay (HauteLoire).png Adhemar av Le Puy
Blason Vermandois.png Hugo av Vermandois
Blason duche fr Normandie.svg Robert II av Normandie
Blason sicile famille Hauteville.svg Bohemond av Taranto
Blason sicile famille Hauteville.svg Tancred av Galilea
Komnenos-Isaac-Arms.svg Aleksios I Komnenos
Komnenos-Isaac-Arms.svg Tatikios
Armoiries Héthoumides.svg Konstantin I

Kilij Arslan I

Yaghi-Siyan
Kerbogha
Duqaq
Fakhr al-Mulk Radwan
Flag of Jihad.svg Ghazi ibn Danishmend
Fatimid flag.svg Iftikhar ad-Daula
Fatimid flag.svg Al-Afdal Shahanshah

Styrkar
Krossfarar:
~ 35 000 mann[1]

(5000 kavaleristar, 30 000 infanteristar)[2]
Austromarar:
~ 2000 mann[2]

Det første krosstoget vart starta i 1095 av pave Urban II med mål om å frigjere den heilage byen Jerusalem og Det heilage landet frå muslimane og frigjere dei austlege kristne får det muslimske styret. Det som starta som ei bøn frå den austromerske keisaren Alexius I Comnenus om hjelp frå vestlege leigesoldatar til å kjempa mot seldsjukk-dynastiet i Anatolia, snudde raskt til ei veldig folkevandring og erobring av områda utanfor Europa. Både riddarar og bønder frå mange nasjonar i Vest-Europa reiste over hav og land mot Jerusalem og erobra byen i juli 1099, der dei oppretta kongedømet Jerusalem og andre krossfararstatar. Sjølv om desse statane varte mindre enn to hundre år var det første krosstoget eit vendepunkt i utvidinga av dei vestlege maktene, i tillegg til at dei første internasjonale handelsrutene frå vest mot aust vart opna sidan fallet til Vestromarriket.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Krosstoga, og særleg det første, hadde bakgrunn i hendingar som fann stad tidlegare i mellomalderen. Kombinasjonen av karolingarriket sitt samanbrot, stabiliteten i grenseområda i Europa etter kristninga av vikingane og madjarane førte til at krigarklassen, som hadde vakse seg stor i krigstidene, hadde lite å ta seg til utover og slost seg imellom og terroriserte bøndene.

Fleire stader kanaliserte ein denne latente valden inn i felttog mot ikkje-kristne. I Spania byrja Reconquista mot maurarane på denne tida, på Sicilia kjempa normannarar mot sarasenarar osb. Tanken om krig mot muslimane var dermed alt kjend for mange. I 1074 oppfordra pave Gregor VII milites Christi, kristi soldatar, til å kome den austromerske keisaren til unnsetting etter at han tapte i slaget ved Manzikert i 1071. Få følgde denne oppfordringa, men idéen var sådd. Kombinert med behovet for sikrare forhold for dei mange pilegrimmane som tok den farefulle reisa til Jerusalem oppstod dermed føresetnaden for at oppfordringa om å sette ut på Krosstog vart tatt imot. Pave Urban II utløyste dette då han offentleggjorde ønsket sitt om å gjenerobre Det heilage landet. Mottoet hans for felttoget var Deus vult!, «Gud vil det!».

Austen seint på 1000-talet[endre | endre wikiteksten]

Umayyad-kalifatet på sitt mest vidstrekte.

Den næraste naboen til Vest-Europa i søraust var Austromarriket, som var kristne men høyrde til den ortodokse kyrkja. Under keisar Alexios I Komnenos låg landområda til riket stort sett i Europa og på vestkysten av Anatolia. Dei hadde mange fienar, som normannarane i vest og seldsjukkkane i aust. Lenger aust var Anatolia, Syria, Palestina og Egypt alle under muslimsk kontrol, men var politisk, og til ein viss grad kulturelt spreidd under det første krosstoget, noko som medverka til at krosstoget vart ein suksess. Anatolia og Syria var under sunni-seldsjukkar, som tidlegare hadde vore samla i eit stort rike («Store Seldsjuk»), men på denne tida var det delt inn i fleire mindre statar. Alp Arslan hadde slått Austromarriket ved Manzikert i 1071 og innlemma mykje av Anatolia i Store Seldsjuk. Dette riket vart delt opp etter Alp Arslan døydde i 1072. Same året etterfølgde Malik Shah I Alp Arslan og styrte framt il 1092. I denne perioden sleit Seldsjukk-riket med interne opprør. I sultanatet Rüm i Anatolia vart Malik Shah I etterfulgt av Kilij Arslan I og i Syria av bror sin Tutush I, som døydde i 1095. Tutush sine søner Radwan og Duqaq arva Aleppo og Damaskus, som vidare delte Syria mellom emirar som var fiendtleg innstilt mot kvarandre og mot Kerbogha, atabegen av Mosul. Desse statane var meir fokusert på å sikre sine eigne område og få kontroll over naboområda enn å samarbeide mot krossfararane.

Elles i seldsjukk-området var ortoqidane nordaust i Syria og nord i Mesopotamia. Dei kontrollerte Jerusalem fram til 1098. Aust i Anatolia og nord i Syria vart det grunnlagd ein stat av Danishmend, ein seldsjukkisk leigesoldat. Krossfararane hadde ikkje særleg kontakt med nokre av desse gruppene før etter krosstoget. Assassinarane vart òg viktigare i syriske forretningar.

Då Palestina var under persisk og tidleg islams styre, vart kristne pilegrimar til Det heilage landet generelt godt tatt imot. Den tidlege islamske herskaraen, kalif Omar, let dei kristne få å utføre alle rituala sine så lenge dei ikkje vart utført for synlege. Men frå tidleg på 1000-talet byrja Sultan Hakim av Egypt å forfølgje dei kristne i Palestina. I 1009 øydela han dei kristne sin mest heilage heilagdom, Den heilage grava. Etter kvart gav han seg med å brenne og drepe og innførte i staden ei tollavgift for kristne pilegrimar som skulle inn i Jerusalem. Men det verste var enno i vente. Ei gruppe tyrkiske muslimar, seldsjukkane, var mektige, svært aggresive og svært fundamentalistiske muslimar, og byrja å få meir makt. Dei kristne pilegrimane var fullstendig uønskte av seldsjukkane som byrja å slå ned på dei i Palestina. Barbariske historier om desse hendingane spreidde seg etter kvart vestover, og i staden for at dette virka dempande på pilegrimane gjorde det berre pilegrimsreisene til Det heilage landet mykje meir heilage.

Egypt og mykje av Palestina var kontrollert av arabiske sjia-fatimidar, som hadde mista store landområde etter at seldsjukkane kom hit. Alexius I hadde tilråda krossfararane om å kjempe i lag med fatimidane mot seldsjukkkane. Fatimidane vart på denne tida styrt av kalif al-Musta'li, sjølv om vesir al-Afdal Shahanshah i praksis hadde det meste av makta. Kalifen hadde mista Jerusalem til seldsjukkane i 1076, men gjenerobra han frå ortoqidane i 1098 medan krossfararane var på veg. Fatimidane såg ikkje først på krossfararane som ein trugsel, og trudde at dei var sent av austromarane for å gjenerobre Syria og at dei ville lata Palestina vere i fred. Dei sende ikkje styrkar mot krossfararane før dei alt hadde kome fram til Jerusalem.

Kronologisk hendingsgang i krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Rådet i Clermont[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Rådet i Clermont.

I mars 1095 sende Alexius I representantar til rådet i Piacenza for å be pave Urban II om hjelp mot tyrkarane. Urban svarte positivt på bøna til keisaren, og håpte at ved å hjelpe den austlege kyrkja i naud så ville dette fjerne det store skisma slik at paven vart den øvste leiaren for kyrkja i heile verda.[3]

Rådet i Piacenza styrkte autoriteten til paven i Italia i ein periode der pavedømet hadde vore svekka. Over 3000 frå prestestanden og om lag 30 000 meinigmenn møtte opp, i tillegg til ambassadørane frå aust. No når pave Urban II hadde oppnådd målet sitt om å få tilbake styret i Italia, kunne han no fokusere fullt og heilt på å opprette eit krosstog og hjelpe austromarane. Urban innsåg derimot at italienarane truleg ikkje var religiøse nok til å samle seg saman rundt paven og sverge å hjelpe keisaren så trufast som mogeleg mot dei ikkje-truande i aust.

Ved rådet i Clermont, midt i Frankrike den 27. november 1095 haldt Urban ei lidenskapleg preike for ein stor folkemasse av franske adelsmenn og den franske prestestanden. Han kalla på tilhøyrarane om å reise saman å ta Jerusalem tilbake frå muslimane. Han sa at Frankrike var trongt og overfylt og at Kanaan fløymde over av mjølk og honning. Han tala om problemet med at adelen kjempa mot kvarandre og at løysinga var å slå sverda saman i Gud si eiga teneste: «La røvarane verte riddarar!»[3] Han talte om løn både på jorda og i himmelen, der dei som døydde under krosstoget kom til å få syndforlating for alle syndene sine. Urban lovde dette med gudsmakta han hadde gjennom posisjonen sin som pave. Menneskemassen vart råka av vill entusiasme og avbraut talen hans med ropa Deus lo volt! («Det er Guds vilje!»).

Urban si preike er av dei viktigaste talane som er halde i europeisk historie. Det finst mange utgåver av talen i skriftlege kjelder, men alle vart skrive ned etter at Jerusalem var erobra og det er vanskeleg å vite nøyaktig kva som vart sagt og kva som vart lagt til etter det suksessrike krosstoget. Det er uansett klart at talen fekk mykje større respons enn det som var venta. Resten av 1095 og eit stykke inn i 1096 spreidde Urban meldinga si gjennom Frankrike og bad biskopane og legatane sine om å spreie ordet hans andre stader i Frankrike, Tyskland og Italia. Urban prøvde å forby enkelte grupper (mellom anna kvinner, munkar og sjuke) frå å delta i krosstoget, men fann ut at dette nesten var umogeleg. Til slutt var flesteparten av dei som tok imot kallet ikkje riddarar, men fattige bønder med lite erfaring i krigføring som her såg sjansen til eit eventyrleg avbrekk i dei tunge liva sine.

Folkekrosstoget[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Folkekrosstoget.

Urban planla avreisa for krosstoget den 15. august 1096, festdagen for Jomfru Marias himmelfart, men månader før dette sette ein hær av bønder og smålåtne riddarar uventa i veg mot Jerusalem på eiga hand. Dei vart ført av den karismatiske munken og mektige talaren Peter eremitt frå Amiens. Responsen var langt meir enn nokon hadde venta. Urban hadde håpt på eit par tusen riddarar, men enda opp med over 100 000, sjølv om dei fleste av dei ikkje hadde noko stridserfaring og inkluderte kvinner og born.

Utan militær disiplin og med det som truleg var eit underlag land (Aust-Europa) med rare skikkar, kom dei første krossfarane rakst ut i trøbbel alt før dei hadde forlatt dei kristne områda. Problem dei støtte på var både mangel på forsyningar og kulturkollisjonar. Folket trengde mat og materiell og dei forventa at byane dei vitja ville gje dei dette, eller i det minste selje dei dette til prisar dei meinte var rimelege. Sidan dei forlét Vest-Europa tidleg på året hadde dei gått glipp av den gode innhaustinga den våren, etter fleire år med tørke og dårlege avlingar. Uheldigvis for krossfararane var ikkje alltid dei lokale heilt einige og dette førte raskt til små trefningar og slagsmål. På veg ned Donau plyndra Peter sitt følgje ungarske område og vart angripe av ungararane, bulgarane og til og med ein austromerske hær nær Nish. Om lag ein fjerde del av Peter sine krossfararar mista livet, men resten kom seg heile fram til Konstantinopel i august. Konstantinopel var ein stor by i Europa på denne tida, men det var òg «hæren» til Peter, og dei kulturelle skilnadane og vanskane med å få tak i forsyningar til så mange menneske førte til auka spenning. I Konstantinopel vart Peter og flokken hans møtt av fleire krossfararhærar frå Frankrike og Italia. Alexius, som ikkje visste kva han skulle gjere med ein så stor, uvanleg og utanlandsk hær, frakta dei raskt over Bosporus.

Etter å ha gått inn i Vetleasia byrja krossfarane å krangle og hærane braut opp i to delar. Tyrkarane hadde erfaring og kløkt og var lokalkjende, og dei fleste i Folkekrosstoget, ein gjeng amatørkrigarar og kvinner utan våpen, vart massakrert då dei gjekk inn i seldsjukkkane sitt område. Peter overlevd og slo seg seinare saman med det verkelege krosstoget. Ein anna hær av bøhmarar og saksarar kom seg ikkje forbi Ungarn før dei gjekk frå kvarandre.

Det tyske krosstoget[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det tyske krosstoget i 1096.
Illustrasjonar frå ein fransk bibel frå 1250 som viser jødar massakrert av krossfararane

Det første krosstoget starta ein lang tradisjon med organisert vald mot jødar i europeisk kultur. Antisemittisme hadde eksistert i Europa i mange hundre år og det første krosstoget markerte dei første masseorganiserte valdshandlingane utført mot jødiske samfunn. I Tyskland oppfatta enkelte herskarar denne krigen mot dei vantru som ikkje berre ein krig mot muslimar i Det heilage landet, men òg mot jødar i sine eigne land. Ein tysk hær på rundt 10 000 soldatar leia av Gottschalk, Volkmar og Emicho sette tidleg sommaren 1096 kursen nordover Rhindalen i motsett retning for Jerusalem og starta ei rekkje jødeforfølgingar som enkelte historikarar har kalla «den første Holocaust»[4] Denne oppfattinga av krosstoget var ikkje universell, og jødar søkte tilflukt i heilagdomar, som til dømes erkebiskopen av Köln sine forsøk på å verne jødar i byen frå å bli massakrert av innbyggjarar i byen.

Preikene om krosstoget inspirerte til meir antisemittisme. I følgje nokre predikantar var jødar og muslimar fiendar av Kristus, og fiendane skulle nedkjempast eller konverterast til kristendom. Ålmenta tolka «nedkjempa» som at fiendane skulle «drepast». Den kristne erobringa av Jerusalem og opprettinga av ein kristen keisar der skulle visstnok framkalle Endetida, der jødane visstnok skulle konvertere til kristendom. I delar av Frankrike og Tyskland meinte ein at jødane var ansvarlege for krossfestinga, og dei var langt meir synlege enn dei fjerne muslimane. Mange folk lurte på kvifor dei skulle reise så mange mil for å kjempe mot ikkje-truande når dei alt fanst i deira eigne heimtrakter.

Krossfararane reiste nordover gjennom Rhindalen til dei velkjende jødesamfunna som i Köln og så sørover. Jødiske samfunn fekk valet om å konvertere til kristendom eller verte drepne. Dei fleste ville ikkje konvertere og då nyhenda om massedrapa spreidde seg, utførte mange jødiske samfunn massesjølvmord i forferdelege scenar. Tusenvis av jødar vart massakrert, trass i forsøk frå dei lokale prestestandane og dei geistleg styresmaktene om å verne dei. Massakrane vart rettferdiggjorde med at dei meinte Urban i talen sin i Clermont hadde lovd dei løn frå Gud om dei tok livet av alle ikkje-kristne, ikkje berre muslimar. Sjølv om pavedømet såg på desse handlingane med avsky og talte imot forfølgingane mot dei muslimske og jødiske innbyggjarane under dette og framtidige krosstog, så vart det utført mange åtak på jødar i samband med krosstoga som følgde.

Fyrstekrosstoget[endre | endre wikiteksten]

Ruta til leiarane av det første krosstoget

Fyrstekrosstoget, eller baronkrosstoget, starta seinare i 1096 på meir ordentleg manér, leia av forskjellige adelsfolk med bandar av riddarar frå forskjellige område av Europa. Dei fire mest kjende av desse var Raymond IV av Toulouse, som representerte riddarane i Provence, følgd av pavelegaten Adhemar av Le Puy; Bohemond av Taranto, som representerte normannarane i Sør-Italia med nevøen sin Tancred. Folket frå Lorraine under brørne Godfred av Bouillon, Eustace og Balduin av Boulogne; og mennene frå Nord-Frankrike leia av Robert II av Flandern, Robert av Normandie (ein eldre bror av Vilhelm II av England), Stefan av Blois og Hugo av Vermandois, den yngre broren til kong Filip I av Frankrike (Filip fekk ikkje lov å delta sidan han var bannlyst.

Marsjen til Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

I august gjekk dei forskjellige hærane frå Europa til Konstantinopel og samla seg utanfor bymurane mellom november 1096 og mai 1097, to månader etter at folkekrosstoget vart knust av tyrkarane. I lag med riddarane var mange fattige menn som berre hadde råd til enkle klede og kanskje eit gamalt våpen. Peter Eremitt, som hadde slått seg saman med folkekrosstoget i Konstantinopel, tok seg visstnok av dei fattige og organiserte dei i små grupper, kanskje som eit militær kompani, og ofte leia av ein utarma riddar. Ein av dei største av desse gruppene, som bestod av overlevande frå folkekrosstoget, kalla seg sjølv «Tafurs».

Fyrstane kom til Konstantinopel med lite mat og forventa forsyningar og hjelp frå Alexius I. Alexius var forståeleg nok mistenksam etter opplevingane han hadde hatt med folkekrosstoget, i tillegg til at riddarane hadde med den gamle normanniske fienden hans, Bohemond. Samstundes hadde Alexius håp om å få kontroll over krossfararane, som han truleg såg på som austromerske stråmenn. Så i byte for mat og forsyningar kravde Alxius at leiarane skulle sverje vasallplikt til han og love å gje tilbake til austromarane land dei eventuelt erobra frå tyrkarane. Utan mat og forsyningar hadde dei til slutt ikkje noko anna val enn å avlegge eiden, men først etter at alle partar hadde vorte einige om forskjellige kompromiss, og først etter at det nesten hadde brote ut krig i byen. Berre Raymond lèt vere å sverje truskapen, men lovde å gjere det om Alexius sjølv skulle leia krosstoget. Alexius avslo, men dei to vart allierte då dei delte mistru mot Bohemond.

Austromarriket før det første krosstoget
Austomarriket og Krossfararstatane etter det første krosstoget

Alexius gjekk med på å sende ut ein austromersk hær under Taticius sin kommando for å følgje krossfararane gjennom Vetleasia. Det første målet deira var Nikea, ein gamal austromersk by, som no var hovudstad for det seldsjukkiske sultanatet Rüm under Kilij Arslan I. Byen vart tatt etter ei lang omleiring, som var noko ineffektiv sidan krossfararane ikkje kunne blokkere innsjøen som byen låg ved. Derfor kunne byen få nye forsyningar den vegen. Arslan, frå utsida av byen, råda garnisonen i byen til å overgje seg om situasjonen vart uuthaldeleg. Alexius frykta at om krossfararane tok Nikea ville dei plyndra han og øydelegge rikdomen hans, og derfor haldt han det skult at byen hadde overgjeve seg. Krossfararane vakna morgonen 19. juni 1097 og såg dei austromerske styrkane stå på murane. Krossfararane fekk forbod mot å plyndre byen og fekk berre kome inn i små grupper med eskorte. Dette førte til større splid mellom austromarane og krossfararane. Krosstoget byrja så reisa mot Jerusalem. Stefan av Blois skreiv heim at han trudde reisa ville ta om lag fem veker. I røynda skulle reisa vare to år.

Krossfararane var framleis i lag med dei austromerske troppane under Taticius då dei marsjerte mot Dorylaeum, der Bohemond vart haldt fast av Kilij Arslan. I slaget ved Dorylaeum den 1. juli braut Godfred gjennom dei tyrkiske linjene og med hjelp av troppane til legaten Adhemar slo dei tyrkarane og plyndra leiren deira. Kilij Arslan trekte seg tilbake og krossfararane marsjerte nesten utan motstand gjennom Vetleasia mot Antiokia, bortsett frå eit slag i september der dei igjen slo tyrkarane. På vegen til Antiokia klarte krossfararane å erobre fleire byar som Sozopolis, Iconium og Caesarea, men dei fleste av desse vart gjenerobra av tyrkarane i 1101.[5]

Marsjen gjennom Asia var ubehageleg. Det var midt på sommaren og krossfararane hadde svært lite mat og drikke. Mange døydde og det same gjorde hestane deira. Kristne i både Asia og Europa gav dei stundom gåver som mat og pengar, men det hende oftare at krossfararane i staden plyndra og stal når dei hadde sjansen. Dei forskjellige leiarane krangla seg i mellom om kven som hadde det overordna leiarskapen, og sjølv om mange av dei var mektige nok til å ta kommandoen, vart Adhemar alltid rekna som den andelege leiaren. Etter å ha passert gjennom Dei kilikiske portane, sette Balduin av Boulogne ut på eiga hand mot Armenia rundt Eufrates. I Edessa tidleg i 1098, vart han vedtatt som arvingen deira av kong Thoros, ein gresk-ortodoks herskar som mislikte dei armenske kandidatane sine. Thoros vart raskt myrda og Baldui vart den nye herskaren deira, og oppretta Grevskapet Edessa, den første av krossfararstatane.

Omleiringa av Antiokia[endre | endre wikiteksten]

Adhémar de Monteil ber den heilage lansen under eit av dei første slaga i det første krosstoget
For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Antiokia.

Krossfararhæren drog vidare til Antiokia, som låg om lag halvvegs mellom Konstantinopel og Jerusalem. Dei kom til byen i oktober 1097 og la ei omleiring på byen som varte nesten åtte månadar. I løpet av denne tida måtte dei slå to store hærar under Duqaq av Damaskus og Ridwan av Aleppo. Antiokia var så stor at krossfararane ikkje hadde nok troppar til å omringe heile byen, slik at innbyggjarane delvis klarte å få inn nye forsyningar. Etter kvart som omleiringa varte og varte, vart det klart at Bohemond ønskte byen for seg sjølv.

I mai 1098 kom Kerbogha av Mosul til Antiokia for å hjelpe til med omleiringa. Bohemond muta ein armensk vakt til å gje opp tårnet sitt og i juni gjekk krossfararane inn i byen og tok livet av dei fleste innbyggjarane. Berre eit par dagar seinare kom muslimane til byen, og dei la igjen ei omleiring rundt byen og krossfararane. Det var på denne tida at Peter Bartolomeus hevda å ha oppdaga den heilage lansen i byen, og sjølv om enkelte var skeptiske, vart dette sett på som eit teikn på at dei ville sigre.

Bohemond av Taranto klatrar opp på festningsmuren i Antiokia aleine, ein gravering av Gustave Doré.

28. juni slo krossfararane Kerbogha i eit feltslag utanfor byen då Kerbogha ikkje klarte å organisere dei forskjellige delane av hæren sin. Medan krossfararane marsjerte mot muslimane, deserterte den tyrkiske Fatimid-seksjonen av hæren sidan dei frykta at Kerbogha ville verte for mektig om han klarte å slå krossfararane. I følgje ei segn kom ein hærskare av kristne helgenar og hjelpte krossfararane under slaget og øydela Kerbogha sin hær.

Bohemond hevda at Alexius hadde forlate krosstoget og på den måten gjorde alle eidane til han ugyldige. Bohemond gjorde karv på Antiokia, men ikkje alle var einige og krosstoget vart forseinka resten av året medan dei krangla seg imellom. Ein meiner at både frankarane nord i Frankrike, provençalane sør i Frankrike og normannarane sør i Italia rekna seg sjølv som separate «nasjonar» og at kvar av dei ville auke sin eigen status. Dette kan ha vore noko av årsak til kranglinga, men personlege ambisjonar var nok vel så viktig.

Samstundes braut det ut ein pest (kanskje tyfus) som tok livet av mange, inkludert legaten Adhemar. Det var no langt færre hestar enn tidlegare og muslimske bønder nekta å gje dei mat. I desember vart den arabiske byen Ma'arrat al-Numan erobra, og dette var det første kjende tilfellet med kannibalisme hos krossfararane. Dei mindre riddarane og soldatane vart rastlause og truga med å halde fram mot Jerusalem utan dei kjeklande leiarane sine. Til slutt, i byrjinga av 1099, sette dei ut på nytt og lét Bohemond vere att som den første fyrsten av Antiokia.

Omleiringa av Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Jerusalem i 1099.

Nedover kysten av Middelhavet møtte krossfararane lite motstand sidan dei lokale herskarane ønskte fred og gje dei forsyningar i staden for å kjempe. 7. juni nådde krossfararane fram til Jerusalem, som seldsjukkane hadde gjenerobra frå Egypt berre året før. Mange krossfararar tok til tårene då dei såg byen dei hadde reist så langt for å nå.

Som med Antiokia starta krossfararane ei lang omleiring av byen, der krossfararane sjølv mista mange liv på grunn av mangel på mat og vatn rundt Jerusalem. Ein har estimert at av dei rundt 7 000 riddarane som tok del i fyrstekrosstoget var berre om lag 1 500 igjen. Med ei tilsynelatande umogeleg oppgåve heva moralen seg då presten Peter Desiderius hevda å fått eit syn frå Gud om at dei skulle faste og så marsjere berrføtt rundt bymurane. Då skulle byen falle etter ni dagar, som med Josva under omleiringa av Jeriko i Bibelen. 8. juli 1099 utførte krossfararane denne handlinga instruert av Desiderius. Dei genuesiske troppane, leia av kommandør Guglielmo Embriaco, hadde tidlegare tatt i frå kvarandre skipa sine etter å ha tatt sjøvegen frå Genova til Jerusalem. Av tømmeret frå skipa bygde Embriaco omleiringstårn og sju dagar seinare, den 15. juli klarte krossfararane å bryte ned delar av bymuren og gå inn i byen. Nokre krossfararar nytta og den tidlegare inngangen til pilegrimane.

I løpet av ettermiddagen, kvelden og morgonen etter tok krossfararane livet av nesten alle innbyggjarane i Jerusalem. Muslimar, jødar og til og med ortodokse kristne vart alle massakrert. Sjølv om mange muslimar søkte tilflukt i Al-Aqsa-moskeen og jødane i sine synagoger ved Vestmuren, sparte krossfararane få liv. I følgje den anonyme Gesta Francorum, som enkelte meiner er ei overdriven skildring av massakren som fann stad, var «...slaktinga så stor at mennene våre vassa i blod opp til anklane...».[6] Andre fortel om blod opp til tøylene til hestane i avsnitt som liknar Johannes’ openberring (14:20). Tancred ville ha tempelet for seg sjølv og lovde å verne nokre av muslimane der, men han klarte det ikkje og dei vart myrda av andre krossfararar.

Gesta Francorum fortel at nokre klarte å kome seg unna uskadd. «Då heidningane var sigra over, tok mennene våre store massar, både men og kvinner, og tok anten livet av dei eller tok dei til fange etter deira eige ynskje.[7] Seinare er det skrive «Leiarane våre gav òg ordre om at alle dei døde sarasenarane skulle dragast utfor byen, sidan heile byen stinka med lukta frå lika deira som låg overalt. Dei overlevande sarasenarane drog dei døde utanfor portane og la dei i haugar, som om dei var hus. Ingen skal nokon gong ha sett eller høyrt om ei slik nedslakting av heidenske folk, for likbåla var forma som pyramidar av dei og ingen veit kor mange dei var bortsett frå Gud sjølv».[8]

Godfred av Bouillon som vernar av Jerusalem. Den offisielle tittelen hans var Advocatus Sancti Sepulchri, «Vernar av Den heilage grava».

Raymond av Toulouse fekk tilbod om kongedømet Jerusalem, men avslo og sa at han ikkje ville bere «ei krone av gull» der Kristus hadde bore «ei krone av tornar». I dagane etter massakren vart Godfred av Bouillon Advocatus Sancti Sepulchri («Vernar av den heilage grava»). Den siste hendinga i dette krosstoget var at han leia ein hær som slo den invaderande Fatimid-hæren i slaget ved Ashkelon. Godfred døydde i juli 1100, og vart etterfølgd av bror sin Balduin av Edessa, som tok tittelen konge av Jerusalem.

Krosstoget i 1101 og opprettinga av kongedømet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Krosstoget i 1101.

Etter å ha erobra Jerusalem og Den heilage grav-kyrkja var løftet til krossfararane no oppfylt. Det var derimot mange som hadde reist heim før dei kom til Jerusalem og mange som ikkje ein gong hadde forlate Europa i det heile tatt. Då det vart kjend at krosstoget vart ein suksess, vart desse folka håna og forakta av familiane sine og truga med bannlysing av prestestanden. Mange krossfararar som hadde vore med til Jerusalem reiste òg heim, og i følgje Fulcher av Chartres var det berre eit par hundre riddarar igjen i det nye kongedømet i 1100. I 1101, starta eit nytt krosstog, mellom anna med Stefan av Blois og Hugo av Vermandois, som begge hadde returnert før dei nådde Jerusalem. Dette krosstoget vart stort sett utsletta i Vetleasia av seldsjukkane, men dei gjenlevande hjelpte til med å styrke kongedømet då dei kom fram til Jerusalem. Dei neste åra fekk dei òg assistanse av italienske handelsfolk som etablerte seg sjølv i dei syriske hamnene, og frå religiøse og militære riddarordenar som Tempelherrane og Johanittarordenen som vart oppretta under Balduin I si regjeringstid.

Analyse av det første krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Krossfararane oppnådde måla sine med det første krosstoget. Med nyoppretta stabilitet i vest søkte krigsglade aristokratar etter nye erobringar og eventyr, og med nye velståande storbyar var det ofte midlar til å sette ut på slike ekspedisjonar. Dei italienske, maritime bystatane, særleg Republikken Genova og Republikken Venezia, var interessert i å utvide handelsområda sine. Pavedømet såg på krosstoga som ein måte å utvide dei katolske områda. Dette var ei ny haldning til religion. Det innførte religiøs disiplin til soldatane, som tidlegare berre gjaldt munkane, og eit nytt omgrep om religiøs krigføring og riddarleg etos.

Det første krosstoget førte til «Krossfararstatane» Edessa, Antiokia, Jerusalem og Tripoli i Palestina og Syria (i tillegg til allierte langs ruta til krossfararane, som Det armenske kongedømet Kilikia).

Heime igjen i det vestlege Europa vart dei som vende tilbake frå Jerusalem hylla som heltar. Robert av Flandern fekk kallenamnet «Hierosolymitanus» på grunn av gjerningane sine. Livet til Godfred av Bouillon fekk legendestatus berre få år etter han døydde. I nokre tilfelle vart den politiske situasjonen i heimlandet sterkt påverka av at krossfararane var borte. Medan Robert Curthose var borte gjekk England til bror hans Henrik I av England, og konflikten dei i mellom førte til slaget ved Tinchebrai i 1106.

Samstundes førte opprettinga av krossfararstatane i aust til at seldsjukkane sitt press på Austromarriket vart mindre. Austromarane hadde fått tilbake nokre av dei gamle områda sine i Anatolia med hjelp av krossfararane, og opplevde ein relativt fredeleg periode med velstand på 1100-talet. Effekten på dei muslimske dynastia i aust kom gradvis, men var viktige. I kjølvatnet av Malik Shah I sin død i 1092 gjorde den politiske ustabiliteten og oppdelinga av Store Seldsjukk, som var årsaka til at Austromarriket bad om hjelp frå paven, sitt til at dei ikkje hadde eit samanhengande forsvar mot dei aggressive og ekspansjonistiske latinske statane. Dei hadde lenge hatt vanskar med å samarbeide, men frå Egypt til Syria til Bagdad vart det ropt på å kaste ut krossfararane, noko som til slutt enda med at Jerusalem vart gjenerobra av Saladin seinare på 1100-talet då ayyubidane hadde slått saman dei omliggande områda.

Pave Urban II sine årsaker for å kalle saman eit krosstog til Det heilage landet var for at pavedømet skulle ta tilbake den andelege makta i latinsk kristendom, samstundes som han kunne utvida den realpolitiske makta si. Han klarte ikkje å tette skisma mellom aust og vest og under det fjerde krosstoget, då Konstantinopel vart plyndra, førte det til større splid mellom dei to kristne kyrkjene. Krosstoga førte òg til at det svekka Austromarriket fekk militær assistanse ved å jage bort den aukande seldsjukkiske trugselen frå Det heilage landet og sette opp små individuelle kongedøme.

Pilegrimar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det vert kalla det første krosstoget var det ingen som såg på seg sjølv som ein «krossfarar». Det var først eit omgrep som kom tidleg på 1200-talet i latin over 100 år etter det første fann stad. Krossfararane såg heller ikkje på seg sjølv som dei første, sidan dei ikkje visste at det ville kome fleire. Dei såg rett og slett på seg sjølv som pilegrimar (peregrinatores) på ei reise (iter), og var òg kalla dette i samtidige skrifter.

Ved å sverje ein eid til kyrkja om å fullføre reisa og bannlysing som straff om ein ikkje klarte dette var avgjerande faktorar som gjorde krosstoget til ei offisiell pilegrimsreise. Krossfararane måtte sverje at reisa først var over då dei hadde sett foten sinn inne i Den heilage grava i Jerusalem. Pilegrimsreiser var opne for alle som ønskte å delta, så derfor vart kandidatar ein helst ikkje ville ha med, som kvinner, eldre og svake, forsøkt hindra i å reise, men det var ingen måtar å stoppe dei.

Populariteten til krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Det første krosstoget trekte til seg mange mange bønder og det som starta som eit kall etter militær hjelp trekte til slutt til seg store mengder folk. Kallet om å dra i krosstog var svært populært. To mellomalderroller, heilag krigar og pilegrim, vart slått saman til ei rolle. Som ein heilag krigar i ein heilag krig skulle ein bere våpen og kjempe for Kyrkja med alle dei andelege gevinstane det førte med seg, inkludert avlat og martyrstatus om ein døydde i kamp.

Som ein pilegrim på pilegrimsreise hadde ein krossfarar rett til gjestfridom og personleg vern hos kyrkja. Det at ein kunne få avlat var derfor todelt både ved at ein kjempa som ein krigar for kyrkja og for at reiste som pilegrim. Derfor kunne ein få avlat uansett om ein levde eller døydde. Men krosstog var ikkje eit vanleg avlat som ein hadde i mellomalderen, der ein kunne kjøpe og selje avlatsbrev. Krosstoga var ikkje ei enkel syndforlating, men ei form for sjelebot sidan det var frivillig å delta og det var ei slags sjølvpåført straff. Denne viktige skilnaden skil mellom mellomalderavlat og den opphavlege oppfattinga av krosstoga.

I tillegg var det føydale skyldnadar fordi mange krossfararar la i veg fordi herrane deira kravde det. Dei fattigare klassane høyrte på råda til den lokale adelen og ein mektig aristokrat kunne overtale andre til å vere med. Sambandet til ein rik leiar gjorde at ein vanleg bonde kunne medverke og samstundes få eit viss vern på reisa, i motsetnad til dei som la ut på reisa på eiga hand. Det var òg familiære forpliktingar, og mange la ut på krosstoga for å støtte slektningar som òg la ut på krosstoget. Nokre adelsmenn, inkludert fleire kongar og arvingane deira, fekk ikkje lov til å dra i veg på grunn av stillinga dei hadde. Alle desse faktorane motiverte forskjellige folk av forskjellige årsaker og medverka til at krosstoget vart så populært.

Andeleg løn kontra jordisk løn[endre | endre wikiteksten]

Innkallinga til krosstoget kom i ei tid då det hadde vore mange år med gode innhaustingar i Vest-Europa og det aukande innbyggjartalet gjorde at ein kunne danne store hærar i reconquista og krosstoget. Likevel var det eit ønske for mange å forlate sitt eige land og slå seg ned i dei meir suksessrike austlege områda. Det aukande folketalet gjorde at det ikkje lenger var så gode høve til å oppnå noko lenger, verken andeleg, politisk eller økonomisk, og dette freista svært mange.

Tidlegare lærer om emnet sa at dei fleste deltakarane truleg var yngre søner til adelsfolk som ikkje hadde utsikter til eigne landområde som følgje av førstefødselsretten, og fattigare riddarar med utsikter til eit nytt liv i det rike austen. Mange hadde vore med å kjempa for å drive ut dei muslimske arméane i Sør-Spania, eller hadde slektningar som hadde deltatt der. Rykte om skattar som vart oppdaga der kan ha vore attraktivt for mange, for om det var slike skattar i Spania måtte det vere enno meir i Jerusalem. Dei fleste fann ikkje skattande dei var på utkikk etter, og stort sett vart det berre funne ringe relikviar. Dette var nok motivasjonen for ein del, men langt frå alle.

Nyare forsking har antyda at sjølv om Urban lovde krossfararane andelege og materielle gode, så var hovudmålet til dei fleste krossfararane stort sett dei andelege gevinstane. I tillegg har nyare forsking av Jonathan Riley-Smith vist at krosstoga var svært dyre å ta del i, og at berre riddarane som alt var forholdsvis rike, som Hugo av Vermandois og Robert Curthose, slektningar til den franske og engelske kongefamilien, og Raymond av Toulouse, som styrte det meste av Sør-Frankrike. Likevel måtte desse rike riddarane selje mykje av landområda sine til slektningar eller til kyrkja før dei hadde råd til å delta. Slektningane deira gjekk òg ofte tom for pengar fordi dei støtta krosstoga økonomisk.[9]

Eit døme på at den andelege motivasjonen var større enn den jordiske var Godfred av Bouillon og bror hans Balduin som avslutta tidlegare tretter med kyrkja ved å testamentere landområda sine til den lokale prestestanden. Dokumenta som viser til desse transaksjonane vart skriven av geistlege, ikkje av riddarane sjølve, og ser ut til å gjere eit ideal av riddarane som fromme menn som berre ønskte å utføre løftet om ei pilegrimsreise.

Fattigare riddarar (minores, i motsetnad til mektigare riddarar, principes) kunne berre dra i veg om dei forventa at dei ville få almisser på vegen, eller dei kunne gå i teneste hos ein mektigare riddar, som Tancred gjorde då han gjekk med på å tene onkelen Bohemond. Seinare krosstog vart organisert av rike kongar og keisarar, eller vart økonomisk støtta av spesielle krossfararskattar.

I kunst og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Suksessen til krosstoga inspirerte diktarar i Frankrike som på 1100-talet byrja å komponere forskjellige chansons de geste der dei hylla gjerningane til Godfred av Bouillon og dei andre krossfararane. Nokre av desse, som den mest kjende «Chanson d'Antioche», er delvis historiske, medan andre er fullstendig oppdikta og skildrar slag mot drakar eller dannar band mellom slekta til Godfred og segna om svaneriddaren. Desse chansons vert kalla krossfararsyklusen.

Det første krosstoget inspirerte òg kunstnarar i seinare hundreår. I 1580 skreiv Torquato Tasso La Gerusalemme liberata («Det frigjorte Jerusalem»), som hovudsakleg var eit oppdikta episk dikt om erobringa av Jerusalem. Diktaren Tommaso Grossi frå 1800-talet skreiv òg eit episk dikt som var grunnlaget for Giuseppe Verdi sin opera I Lombardi alla prima crociata.

Gustave Doré lagde fleire stikk basert på hendingar frå det første krosstoget.

Stephen J. Rivelle har skrive ei stort sett oppdikta soge om det første krosstoget i boka hans A Booke of Days.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. D. Nicolle, The First Crusade 1096–99: Conquest of the Holy Land, 21.
  2. 2,0 2,1 D. Nicolle, The First Crusade 1096–99: Conquest of the Holy Land, 32.
  3. 3,0 3,1 Fulcher of Chartres, «Urban sin tale», Gesta Francorum Jerusalem Expugnantium
  4. Riley-Smith, Jonathan, The First Crusade and the Idea of Crusading, 1986, s. 50.
  5. Parker, Geoffrey. Compact History of the World. 4th ed. London: Times Books, 2005. 48-49.
  6. Fulcher of Chartres, "The Fall of Jerusalem", Gesta Francorum Jerusalem Expugnantium
  7. Gesta Francorum Jerusalem Expugnantium
  8. Gesta Francorum Jerusalem Expugnantium
  9. Riley-Smith, Jonathan, The First Crusade and the Idea of Crusading, pg. 47

Primærkjelder[endre | endre wikiteksten]

Primærkjelder på nett[endre | endre wikiteksten]

Sekundærkjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Asbridge, Thomas. The First Crusade: A New History. Oxford: 2004. ISBN 0-19-517823-8.
  • Bartlett, Robert. The Making of Europe: Conquest, Colonization and Cultural Exchange, 950–1350. Princeton: 1994. ISBN 0-691-03780-9.
  • Chazan, Robert. In the Year 1096: The First Crusade and the Jews. Jewish Publication Society, 1997. ISBN 0-8276-0575-7.
  • Hillenbrand, Carole. The Crusades: Islamic Perspectives. Routledge, 2000. ISBN 0-415-92914-8.
  • Holt, P.M. The Age of the Crusades: The Near East from the Eleventh Century to 1517. Longman, 1989. ISBN 0-582-49302-1.
  • Madden, Thomas. New Concise History of the Crusades. Rowman & Littlefield, 2005. ISBN 0-7425-3822-2.
  • Mayer, Hans Eberhard. The Crusades. John Gillingham, translator. Oxford: 1988. ISBN 0-19-873097-7.
  • Riley-Smith, Jonathan. The First Crusade and the Idea of Crusading. University of Pennsylvania: 1991. ISBN 0-8122-1363-7.
  • Riley-Smith, Jonathan, editor. The Oxford History of the Crusades. Oxford: 2002. ISBN 0-19-280312-3.
  • Riley-Smith, Jonathan. The First Crusaders, 1095–1131. Cambridge: 1998. ISBN 0-521-64603-0.
  • Runciman, Steven. A History of the Crusades: Volume 1, The First Crusade and the Foundation of the Kingdom of Jerusalem. Cambridge: 1987 ISBN 0-521-34770-X
  • Setton, Kenneth, editor. A History of the Crusades. Madison: 1969–1989 (available online).
  • Magdalino, Paul, «The Byzantine Background to the First Crusade» (available online)