If You Gotta Go, Go Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«If You Gotta Go, Go Now»
Singel av Bob Dylan
B-side «To Ramona»
Utgjeve 1967
Innspelt 15. januar 1965, Columbia Recording Studios, New York City
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson
Bob Dylan-kronologi
«Leopard-Skin Pill-Box Hat»
(1967)
«If You Gotta Go, Go Now» «All Along the Watchtower»
(1968)
«Si Tu Dois Partir»
Singel av Fairport Convention
frå albumet Unhalfbricking
B-side «Genesis Hall»
Utgjeve Juli 1969
Innspelt Mars 1969 i Sound Techniques, London
Sjanger Folkrock
Lengd 2:19
Selskap Island Records WIP 6064
A&M Records 1155 (USA, 1970)
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Joe Boyd, Simon Nicol og Fairport Convention
Fairport Convention-kronologi
«I'll Keep It with Mine»
(1968)
«Si Tu Dois Partir» «If (Stomp)»
(1969)

«If You Gotta Go, Go Now» er ein song skriven av Bob Dylan. Den første utgåva av songen vart gjeven ut som singel av den britiske gruppa The Liverpool Five i juli 1965, men denne selde dårleg. Eit anna engelsk band, Manfred Mann, gav ut songen i september 1965 og denne nådde andreplassen i Storbritannia.

Dylan sjølv gav ut studioutgåva si på singel i Nederland i 1967. Songen kom først ut i USA og Storbritannia på albumet The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991. Ei konsertutgåve av songen finst på The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall.

Fairport Convention spelte òg inn songen og gav han ut på singel. Dei omsette derimot teksten til fransk og kalla songen «Si Tu Dois Partir». Singelen kom ut i 1968 og var den einaste singelen deira som nådde singellista i Storbritannia, ein 21. plass.[1]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Pavel Novak, Rick Nelson & The Stone Canyon Band, The Flying Burrito Brothers, The Pontiac Brothers og Cowboy Junkies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. British Chart Statistics, weeks.http://www.chartstats.com/artistinfo.php?id=2106).