Adventsstjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Betlehemsstjerna
Adventstjerne

Ei adventsstjerne er ein stjerneforma dekorasjon som det er vanleg å henge i vidauget i adventstida. Tradisjonelt skal ho hengjast opp fyrste dag i advent, 1. desember, som eit symbol på betlehemsstjerna. Dei aller fleste adventsstjerner har elektrisk lys.

Kor mange stjernetakkar?[endre | endre wikiteksten]

Talet på spissar ein teiknar på julestjerna viser til ulik religiøs symbolikk.

  • Fire takkar, med ein litt lengre spiss som peiker nedover mot stallen og samtidig dannar ein symbolsk kross, symboliserer Jesu død. Om spissen peikar mot himmelen, symboliserer han Jesu himmelske opphav.
  • Fem takkar, kan på ulike måtar bli knytt til Jesu livshistorie, særleg til dei fem såra han fekk på krossen.
  • Seks takkar, det er Davidsstjerna, som viser til Jesu rot i det jødiske folket.
  • Sju takkar: Talet sju er eit heilag tal som sameiner talet på dei fire jordiske himmelretningane med det heilage tretalet, som mellom anna symboliserer treeininga.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.