Glitter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Glitter (fleirtyding).
Sminking med glitter.

Glitter er blankt, reflekterande materiale ein kan bruka til pynt og dekorering. Ulike typar glitter kan vera hobbymateriale som ein kan lima på ulike overflater, sminke ein kan festa på kroppen for å gjera han glitrande, eller blanke metalltrådar festa til ein tråd som ein kan bruka som dekorasjon til jul og liknande. Laust glitter er gjerne svært små bitar av glitrande materiale. Bitane kan minna om konfetti eller paljettar, men er mindre.

Laust glitter

Menneske har brukt glitter som dekorasjon sidan førhistorisk tid. Opphavleg blei det laga av ulike mineral som malakitt,[1] galenitt,[2] eller glimmer (kråkesølv),[3] insekt,[4] glas eller metall. Moderne glitter er vanlegvis hovudsakleg av plast.

Juleglitter[endre | endre wikiteksten]

Produksjon av glitter i 1920.
Glitter i ulike fargar på eit juletre.

Glitrande trådar til å pynta med er kjende frå Tyskland rundt 1610. Trådane blei opphavleg laga av sølv som blei hamra tynt og skorne opp i tynne striper. Etterkvart blei det produserte i eigne maskinar. Denne typen glitter blei først bruka til å dekorera statuar, men blei etterkvart særleg brukt til å pynta juletre. Dekorasjonen spreidde seg utover verda i lag med juletreet.[5]

Sølv er dyrt og kan lett oksidera og bli svart. Ei blanding av bly og tinn blei forsøkt brukt, men var for tung og skjør til å vera eit godt alternativ. På 1900-talet byrja ein laga billigare glitter av aluminium, men blyfolie blei også brukt fram til 1960- eller -70-talet i USA, då det blei fasa ut på grunn av faren for blyforgifting.[6][7]

Moderne glitter blir typisk laga av polyvinylklorid (PVC) med eit metallisk ytterlag.[8] Ein har også brukt polyester laga av polyetylentereftalat.[6] Desse plastformene av glitter heng ikkje like godt som glitter laga av tyngre metall,[8] men finst i mange fargar og fasongar og er mykje billigare.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Glitter blir mykje brukt til juledekorasjon, men kan også brukast ved andre høve. I India kan ein bruka det til å dekorera bilete, som girlanderar ved bryllaup og andre seremoniar, eller til å pynta hestar og elefantar.[9]

Fiskeslukar og -fluer kan målast eller pyntast med glitter for å lokka til seg fisk gjennom å simulera skala til byttefisk eller insekt.[10]

Glitter kan også brukast i såkalla glitterbomber der ein kaster glitter på ein person som ei form for protest.[11] Glitterbombing har særleg vore brukt mot motstandarar av likekjønna ekteskap.[12] Sjølv om protestforma kan verka ufarleg og morosam, har medisinsk personell åtvara om at glitter kan gje skader i augo eller andedrettssystemet.[13] Glitterbombing kan reknast som ei form for lekamsfornærming, og har ført med seg fengselsstraff.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ancient Egyptian Eye Makeup». Country Facts. Henta November 12, 2012. 
  2. Gibbon, Guy E. (August 1, 1998). Ames, Kenneth M., red. Archaeology of Prehistoric Native America: An Encyclopedia. Routledge. s. 310. ISBN 978-0815307259. 
  3. Mangum, Aja (Oct 7, 2007). «Glitter: A Brief History». New York Magazine. Henta 2013-10-12. 
  4. «Beauty, Hairstyles and Cosmetics in Ancient Egypt». Facts and Details. Henta November 12, 2012. 
  5. «Christmas History Tinsel». Christmascarnivals.com. Henta 2009-12-29. 
  6. 6,0 6,1 Werne, Jo (December 20, 1981). «Decorations spanned decades in development». Telegraph-Herald (Dubuque, Iowa). s. 25. Henta 17 December 2011. 
  7. Associated Press (November 15, 1972). «Lead Tinsel Seen Off the Market». Reading Eagle (Reading, Pennsylvania). Henta 17 December 2011. 
  8. 8,0 8,1 Deleon, Clark (December 26, 1994). «Tinsel plant unites many cultures». The Post and Courier (Charleston, South Carolina: Knight Ridder). Henta 17 December 2011. 
  9. Mukerjee, Radhakamal (1916). The foundations of Indian economics. Longmans, Green and Co. s. 220. 
  10. «Fishing lure — Patent US 2547240 A». 
  11. Vinciguerra, Thomas (August 27, 2011). Glittering Rage. The New York Times
  12. Moody, Chris (June 20, 2011). «‘Glitter advocates’ plot their next victim». Yahoo! News. Henta October 7, 2011. 
  13. Kurtz, Judy (February 8, 2012). «Eye doctor warns of dangers of political protest on gay marriage». The Hill. 
  14. Hayden, Erik (February 9, 2012). «‘Glitter-Bombing’ a Politician Could Get You Six Months in Jail». Time. Henta February 13, 2013.