Juleøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dansk juleøl

Juleøl er ei nemning på ein type øl som har lang tradisjon for å verte brygga til juletider i Norden. Juleøl er ofte undergjæra og har eit alkoholinnhald kring 4,5 % og 6,5 %.

Alle norske bryggjeri har sitt eige juleøl.

Dansk juleøl[endre | endre wikiteksten]

Det første eigentlege danske julebrygget som vart produsert i større omfang, var (kvit) X-mas frå bryggeriet Thor. Det kom på marknaden i 1969[1] og var i starten hovudsakleg berre lokalt tilgjengeleg i Randers og omland der lanseringa av årets brygg vart gjort til ei særskild årleg hending med namnet X-dag i løpet av 1970-åra. Julebrygget vart køyrt ut med hestevogn, lenge etter at ein elles var gått over til bilar.

I 1990 sette bryggjeriet Tuborg fokus på julebrygget ved å lansere uttrykket snebajer som ei helsing på etikettane på Grøn Tuborg. Året etter vart snebajer til eit sjølvstendig produkt og er i 2006 det mest selde julebrygget i Danmarks. I 1990 introduserte bryggjeriet den årlege J-dagen der ein feirar lanseringa av årets julebrygg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

  1. Royal X-MAS, www.royalunibrew.com

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.