Tjuandedag jul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tjugendag eller tjuandedag jul den 13. januar er den siste dagen av jula i nokre nordiske tradisjonar. Dagen er markert med øks, eit vend drikkehorn, ei klokke eller ein sopelimeprimstaven.

Dagen er også kjend som knutsdag eller tjuandedag-Knut, etter helgenen Knut, som i munnhell «jaga», «feia», «dansa» eller «ringa» jula ut.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Øksa på primstaven viser til korleis Knut Lavard, ein dansk greve og seinare helgen, blei drepen av søskenbarnet sitt. Drikkehornet viser til at ein drikk ut jula, klokka til at ein ringer henne ut, og sopelimen til at ein feiar all spor etter høgtida vekk.

Eit vêrteikn knytt til dagen seier at snør det denne dagen, vil det koma minst 20 snøfall før sommardag.

Skikk og bruk[endre | endre wikiteksten]

Dagen er blitt feira som ei juleavslutting fleire stader i Noreg, Sverige og Finland. Også i moderne tid kan det vera dagen ein ryddar vekk julepynt.

Tjuandedagen kunne til dømes markerast gjennom å gå gjennom huset med ein sopelime og feia jula ut (kjend frå Vest-Agder), eller ved å kasta opp alle øltønnene frå kjellaren og tømma dei, ta smørspannet av bordet og dansa natta gjennom (Setesdal).

I nokre svenske område, som Värmland og Åland, går ein julebukk, kalla «knutgubbar» eller «gå skråbock», på tjuandedagen. I Gimo i Uppland held ein eit karneval gjennom byen.

I Noreg kunne ein også feira «kjerringjuledag» på tjuandedagen. Men denne feiringa blei oftare lagd til den aller siste dagen i julehøgtida, kyndelsmesse den 2. februar.

I dag skulle det ikkje spinnast for då kunne dyra komme til å gå rund og rundt til dei strauk med.

Kvifor tjuandedag?[endre | endre wikiteksten]

I dei fleste land er julefeiringa slutt trettandedagen, medan juletida i kyrkjeåret varer heilt fram til kyndelsmesse. Kvifor ein feirar tjuandedagen som ein avsluttingsdag er usikkert. Ein kan til dømes tenka seg at 13. januar er oktavdagen til trettandedagen og dermed ein symbolsk dag.

Dagen er knytt til heilage Knut, som har helgendag den 7. januar (trettandedagen). I Sverige og Finland blei dagen hans flytt til 13. januar i 1680. Tradisjonen med Knut som dreiv jula ut kan då ha flytta med han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]