Belsnickel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Person i USA utkledd til Belsnickel med gåvesekk til lydige born og risekvist til dei ulydige. Pisken vert ikkje lenger brukt der skikken lever vidare, men er enno ein del av utstyret.
Foto: 2012

Belsnickel, òg kalla Belschnickel, Belznickle, Belznickel, Pelznikel og Pelznickel (pelzen tyder «pryla»,[1] medan Nickel er kjæleform av Sankt Nikolaus på same måte som Nisse) eller Pelzmärtel,[1] òg kalla Pelzemärtel, Pelzermärtel, Pelzamärdl og Pelzmartin (Märtel er kallenamn på Sankt Morten, Martin av Tours), er namn på eit oppdiktet skikkelse som opptrer som tradisjonell gåveutdelar i førjulstida i høvesvis regionen Pfalz i den sørvestre delen av Tyskland langs Rhinen, Saarland og Odenwald-området i Baden-Württemberg og i regionen Franken.

Belsnickel og Pelzmärtel blir tradisjonelt framstilt som ein gammal mann, gjerne kledd i pels. Han kjem med gåvesekken til borna på Nikolaustag (nilsmesse) 6. desember eller på Martinstag (martinsdag eller mortensmesse) 11. november. Dei lydige og snille har tradisjonelt fått nøtter og frukt, medan uskikkelege born har fått smaka kjeppen.

Skikken med Belsnickel blei òg vidareført blant familiar i Pennsylvania Dutch-miljøet i USA, det vil seia blant etterommarar av tyske innvandrarar i delar av landet. Der er Belsnickel ein skummel figur som legg kolbitar i julestrømpene til borna dersom dei ikkje har vore snille.

Belsnickel er i slekt med andre juleskikkelsar som er gaveutdelere og hjelparar til Sankt Nikolaus i europeisk folklore, til dømes Knecht Ruprecht i Nord-Tyskland, djevelbukken Krampus i Austerrike og Zwarte Piet i Nederland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Knecht Ruprecht, gåveutdelar og hjelpar til Sankt Nikolaus i nordtysk tradisjon
  • Zwarte Piet, «negerslave» som følgjer Sankt Nikolaus og er gåveutdelar på nilsmesseaften i nederlandsk tradisjon
  • Krampus, pelskledd djevelfigur som følgjer Sankt Nikolaus og straffar slemme born i austerriksk tradisjon
  • Le Père Fouettard, «Fader Pisk» som følgjer Sankt Nikolaus og straffar slemme born i fransk tradisjon
  • La Befana, gammal kone som er gåveutdelar den 5. januar i italiensk tradisjon
  • Julenissen, mann med kvitt skjegg og raud drakt som opptrer som gaveutdeler i jula, frå tysk tradisjon og vestleg populærkultur
  • Sinterklaas, Sankt Nikolaus og julenisse i nederlandsk tradisjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kort om Pälzmärtel (på tysk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belsnickel